På setra etter åtte timars mars

kartseterreise

Her gjekk siste del av seterreisa Hans Odenrud fortel om: Frå Gålå til Årstulen. Foto frå Google maps

HANS ODENRUD:  På det høgste punktet på seterreisa til Årstulen aust for Trollhaugen – omlag 800 moh – blir budeia uroleg. Ho vil ned av lasset. Dei vaksne dyra veit inderleg vel kor dei er, og midt i alt dette forventningsfulle vil budeia vere fyrst. Ho kjem seg ned av lasset og banar seg veg fram mot bjøllekua. Det er uråd å vita om det er budeia eller dyra som gler seg mest. Vi får Tøyllporten på venstre side, deretter dei tre Årstultjønnene, ei stor og to mindre.

Spesielt da vintervegen skulle kjørast på, var Tollporten eit viktig vegmerke. Namnet kjem av at det var to furustolpar som vegen skulle gå imellom. Berre til Oro var det kjørt heim seterfôr frå omlag 40 dekar kvar vinter. Om sommaren kunne Tollporten vere ein farleg plass. Når kua av og til «låg borte», kunne ho gå seg ned i gjørma her og vart sitjande fast, slik at ho ikkje kom opp att ved eiga hjelp.

Her er fyrste del av Hans Odenruds frodige forteljing om seterreisa.

Snart ser vi hustaka på Årstulen, ein seterstul som liksom berre ventar på folk og fe. Eit mø høyrest frå bølingen, og det kjem eit svar, eit nytt mø lenger ned.

Det ryk frå pipa i Vaet-setra. Dei kom i går. På Skarstad er det stille. Ja vel. men da kjem vel dei i morgon, da.

Folk og fe er framme etter godt og vel åtte timars mars. Dyra plukkar gras ved støa før dei legg seg ned og ørtar. Kanskje planlegg dei morgondagen, ta seg fram etter råk og rekste, sjå om alt er som det var i fjor. Men, det blir i morgon og ikkje i dag. Enda er det ikkje kveld, dei må vente ei stund før dei slepp inn.

Fjoset vart vaska reint i fjor haust med varmt vatn og skurarkost. Ingen treng å vise dei vaksne kyrne kor dei skal stå, båsen sin finn dei sjølve.

nr-3-budeiene-pacc8a-gravdalen-1931-se-tekst-i-register

Årstulen er det ikkje, men her har budeiene på Gravdalen i 1931 fått besøk av grammofon. Foto frå Oskar Letrund/Vegar Skar

Om vi reknar ut frå ei tidsperiode på 150 år, finn eg berre tre buedeier: Marit Tullykjun, Oline Moen og Marie Skinnehaugen.

Her kan du sjå og høyre Maria Lykkjom fortelje om livet som underbudeie.

Marit Tullykjun budde i ei stugu lengst sør på jordet. Marit skal ha vore budeie på Oro ein heil generasjon, sommar som vinter. Sannsynlegvis er det ho som er registrert som Marit Thorstensdatter i folketeljinga i 1900. Ho er fødd i 1845 i Nord-Fron, er budeie av yrke og bur da på Odensrudeiet – der det ôg var utstillingsplass.

Oline Moen (fødd 1895) var sjølve sjefsbudeia på setra. Ho var sommarbudeie på Årstulen heile sitt yrkesaktive liv, og ho kunne vere ei myndig dame. Hende det at karane sat inne under kveslåtten i dårleg vêr, ja, så fekk dei klår beskjed: «Døkk skal slå i regnvêr og høye i godvêr!» Oline var dottar av Ole Iversen og Mari Olsdatter og vaks opp i Moen (Odenmoen, gnr 62/2) saman med systrene sine.

Marie Skinnehaugen (født 1871 eller 1873) var ôg ein trufast slitar heile livet. Ho kom frå husmannsbruket Skinnehaugen under Ulberg og var også innom Fautgarden (Nørdre Rolstad) som tenestejente.

Alle desse har traska og gått setervegen, mellom vier og kjørr, etter mydrag og turre rabbar.

Hanna Holten Lien på Veslesetra, Øvre Bergumsetra. får vere representant for alle budeiene. Foto frå Oskar Letrud/Vegar Skar

1963 var siste året Oro låg på setra med kyr.

Utdrag frå artikkelen «Ei lang seterreise» i Fronsbygdin 2012.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s