Monthly Archives: juni 2018

Ikkje godt å vere barn

Dei fattigaste dreiv omkring og tigga

guttRAGNAR ØVRELID: Over tredelen av folket i Fronsbygdene var barn fram til 1865. Kva skulle foreldra gjere med dei? Korleis skulle dei fattige familiane greie dette? Vi høyrer om barnedrap, om barn som blir utsette i skogen, barn som blir attlagde på tropper og i dører hos betrestilte, i kloster osv. Foreldra har ikkje orka tanken på å skulle fø dei opp. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Hest og fest i Sikkilsdalen

Ei lita historie om tradisjon og tråvarar

TERJE LISØDEGÅRD: I rundt 150 år har Sikkilsdalen vore sommarbeite for dølahesten. Å koma seg til Sikkilsdalen med hest i gamle dagar var ikkje ein lett dagstur, som i dag. Hestekarane, hest og kjerre kom med tog til Vinstra stasjon, Fleire hadde kjerra si ståande fast på stasjonen frå året før. Karane og hestane brukte heile natta på turen til Sikkilsdalen. Ein del drog innover tidlegare og overnatta hjå handelsmannen Heide i Skåbu, før dei drog vidare om morgonen. Les meir

2 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Ein folkehøgskule ved vegs ende

gf-brannen-gd

Avisa Gudbrandsdølen etter den påsette brannen 24. april 1987

TINE ELISABETH SLANG OG RASMUS STAURI: Disiplin- og tilpassing vart ei stor utfordring for folkehøgskulen på Hundorp på 1980-talet. Lærarrådet 17.10 -83:

skote med luftgevær, (…) teke inn øl på internatet i to tilfelle, (…) har slått, (…) kasta kniv, (…)stole sykkel”.

Det sosiale miljøet vart eit anna med mindre fokus på tradisjonell opplæring. Det er ikkje lett å peike på ein grunn til at ein elev natt til 21.4.1987 sette fyr på internatbygget. Alle elevane kom uskadde frå denne brannen, som sette stopp for 85 år med folkehøgskuledrift.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn, Verksemder

Læraren som song ut

nilsos

Nils Os 1915-2005. Foto: Ottar Hovde

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Hausten 1945 fekk eg stilling ved framhaldsskulen i Skåbu. Det første møtet med Fron var heller dramatisk. Eg kom åleine til Vinstra stasjon ein regnvêrsdag i midten av oktober 1945. På stasjonene fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppå taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

For mye elvestein i Kvam

Noen som husker denne saka?

bulldozer

Denne bulldozeren var det neppe, men bildet er fra Marta Motrøen/Vegar Skar

Da Nord-Fron kommune fikk  bulldozer, var det meningen å sette den i arbeid med idrettsplass i Kvam for å lære maskinen å kjenne og for å skaffe føreren øvelse. Det har imidlertid vist seg at plassen består av stor elvestein, ikke bare i overflten, men i store lag. Bulldozernemnda fant derfor at påkjenningen på maskinen ikke sto i noe forhold til det arbeid som skulle utføres og innstilte arbeidet.

I herredstyret i går forelå en melding om dette, og herredstyret sa seg enig i at bulldozeren ikke skulle brukes til opparbeidelse av plassen. Til å undersøke mulighetene for løsning av idrettsplass-saken i Kvam ble valgt en nemnd bestående av Torvald Moen, formann, Einar Kjørum og Bjarne H. Berget.

Avisutklipp – ukjent avis og dato

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

På setra etter åtte timars mars

kartseterreise

Her gjekk siste del av seterreisa Hans Odenrud fortel om: Frå Gålå til Årstulen. Foto frå Google maps

HANS ODENRUD:  På det høgste punktet på seterreisa til Årstulen aust for Trollhaugen – omlag 800 moh – blir budeia uroleg. Ho vil ned av lasset. Dei vaksne dyra veit inderleg vel kor dei er, og midt i alt dette forventningsfulle vil budeia vere fyrst. Ho kjem seg ned av lasset og banar seg veg fram mot bjøllekua. Det er uråd å vita om det er budeia eller dyra som gler seg mest. Vi får Tøyllporten på venstre side, deretter dei tre Årstultjønnene, ei stor og to mindre. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Interessant og triveleg markvandring!

I midten øvst: Initiativtakarane Johannes Lunde, Anders Haugen og Lodver Bryhn utfylte kvarandre på ein glimrande måte. Foto: Ole Chr. Risdal

Ole Chr. Risdal: Det blei ei riktig så triveleg og artig markvandring gjennom Rustmoen tysdag kveld. Rundt 30 frammøtte fekk ein lokalhistorisk leksjon av dei sjeldne. Initiativtakarane Anders Haugen, Lodver Bryhn og Johannes Lunde utfylte kvarandre og sørgde for både skjemt og alvor. Her fekk ein høyre om gamle og nedlagde bruk og folket som budde der, utvandrarar, skulesoge og grusuttak. Det blei ein givande kveld! Vi kjem med meir seinare.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon