Snart klart for seterreisa

Er bjørkelauvet på fjellet stort som eit musøyra?

seterreise

Bilde frå filmen «Seterreise frå Isum 1937/38.» Klikk på bidet for å sjå heile filmen

HANS ODENRUD: Av husdyra er det sauen som fyrst kan livberge seg på fjellbeite om våren. Han kan følgje snøfonnene når dei trekkjer seg attende og det kjem ferskt, smakfullt og næringsrikt gras utan parasittar. Når saueflokken vart sleppt i fjellet, fekk ein difor samstundes eit inntrykk av kor langt våren var komen, og om det snart også var beite for kyrne. Om nokon i tillegg kunne fortelja at bjørkelauvet var stort som eit musøyra, var det også eit mål på at det var nok beite for storfeet.

Store kasser med mat av alle slag vart pakka ned. Spekeskinke av eit stort purkeslakt, spekepølse og blodpølse, poteter, kveitemjøl, rugmjøl, byggmjøl og potetmjøl, kaku til dei fyrste dagane. En sekk med sjøsalt til dyra. Sekker med kraftfôr til mjølkekua, heimelaga soplingar til fjøset og til inngangen ved selet.

I mjølkespanna vart stugublomane forsvarleg pakka inn. Dei skulle pynte opp i selet gjennom sommaren. Heimkokt såpe var nødvendig til hus- og klesvask. Og heimspunne garndokker måtte budeia ha med, for her skulle det ikkje drivast dank. For å kunne utnytte dei mørke kveldane var det ôg praktisk med nokre spiker av feitved som ljoskjelde. Og alt dette utan å gå på butikken. Men dit måtte ein for å få parafin og ein butt med sirup.

Den som skulle yste, måtte også ha løype –  løplaug – eit enzym som skil ostestoffet frå mysa. den fann dei i løypemagen i kuvomma når dei slakta.

Og så i tilleg til alt det matnyttige, ein kortstokk – god å ha når nabobudeiene kom på besøk.

Men ennå mangla budeikista – kista med dei personlege sakene til budeia. Den måtte hentast. Det var ein stolt gut som sela på gammelmerra for å hente budeikista fyrste året han var stor nok til å gjere dette åleine. Kista vart lagra på matstabburet til neste morgon.

Alt kl tre om morgonen begynte fjøsfolket med arbeidet avreisedagen. Kua måtte mjølkast, og hestane som skulle dra lassa, måtte ôg ha mat: tre til fire liter havre og godt grovfôr. Pjank og pargas vart lessa på kjerrene, og rundt klokka fem var alt klart.

Når dei starta dagen så tidleg, var det også fordi dei helst ville komme avgarde med dyr før vegkua frå Hyttebyen dukka opp, slik at framande dyr ikkje kom inn i kubølingen. Den gongen beitte vegkua langs alle vegar, gangstigar og åkerkantar der det var litt gras å finne.

Gardshunden Bamse inspiserte mellom ku og hestar, men har eit avslappa forhold til alt det som skal skje. Det har han vore med på før. Han legg seg på magen i inntunet, strekkjer ut ut framlabbane og legg hovudet på dei.

Lenge før krøttera vart sleppt ut, forsto dei vaksne dyr kva som skulle skje. Ei mektig, unison rauting høyrdest over heile tunet. Kyrne reiv og sleit i kubanda. Nå hasta det.

seterreise2

Frå filmen «Seterreise frå Isum 1937/38»

Hestane vart spende for lasskjerrene. To hestar med lass og ein unghest, to og eit halv år gammal – to i tredje året – var det vanleg å seie da. Han fekk dilte med, bunden i kjerra på bakerste lasset. Fyrst når ein hest var tre år, vart han temt til arbeidshest.

Frå tunet tok vandringa til sørover etter geilen. Denne var innramma av gråsteinsmurar på både sider. Ein fin allé av vårgrøn bjørk på sidene gav ein fullkommen idyll. Vidare oppover Klukkargeilen før det bar nordover riksveg 50 mot Harpefoss.

Budeia går føre. Ho treng ikkje lokka, tvert imot må ho prøve å bremse på farten. Det er mange freistingar for ei ku etter denne vegen. Så godt som alle grinder står oppe, og dei fører inn til gardstun eller enda meir forlokkande: frodig grønt gras som står og freistar i morgondoggen. Det fins neppe eit dyr som så til dei grader manglar magemål som kua. Det blir mange kjappe springmarsjar for dei som skal halde kua på vegen og vekk frå slike freistingar, men etter kvart minkar freistingane, og ting går seg til.

Snart har folk og dyr passert Harpefossbrua, og vegen er ikkje lenger flat. Den går oppover Skodal. Litt om senn blir det tyngre å gå. Kalvane og geita er også med i følgjet, og dei blir ei baktropp som må passast på. Også kua roar seg litt om senn.

 

Første utdrag frå artikkelen «Ei lang seterreise» i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s