Monthly Archives: mai 2018

Kva vart borte på Rustmoen?

Ruste skule 1894

Dei gjekk på Ruste skule i 1894

rusteBli med på gåtur gjennom Rustmoen, tysdag 29. mai. Kl. 18.00. Oppmøte Ruste barnehage.
Historie og historier ved Anders, Lodver og Johannes. Føremålet med turen er å fortelje om plassar som er vorte borte, og om folk som har fløtt ut- utvandring – og andre fløtt inn. Og litt om den nedlagde skulen. Og litt om grusuttak og industri. Anders Haugen og Lodver Bryhn har brukt kyrkjebøker og folketeljingar for å kartleggja folkefløttinga. Johannes Lunde med god hukommelse og lokalkunnskap vil krydde turen med historier.
Ta med kaffe og noko å bite i. Det blir kafferast.

 

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Bobleentusiasten frå Hundorp

Ole Kristian Prestmoen fra Hundorp har hausta mange lovord og premiar for boblane sine.  TVØst laga denne reportasjen i 2016.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Menn

Snart klart for seterreisa

Er bjørkelauvet på fjellet stort som eit musøyra?

seterreise

Bilde frå filmen «Seterreise frå Isum 1937/38.» Klikk på bidet for å sjå heile filmen

HANS ODENRUD: Av husdyra er det sauen som fyrst kan livberge seg på fjellbeite om våren. Han kan følgje snøfonnene når dei trekkjer seg attende og det kjem ferskt, smakfullt og næringsrikt gras utan parasittar. Når saueflokken vart sleppt i fjellet, fekk ein difor samstundes eit inntrykk av kor langt våren var komen, og om det snart også var beite for kyrne. Om nokon i tillegg kunne fortelja at bjørkelauvet var stort som eit musøyra, var det også eit mål på at det var nok beite for storfeet.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring