
Styret i historielaget vart attvald for 2018. Frå venstre: Åge Hagestuen, kasserar, Gunnar Lien, Marit Taarud Kirknes, Eivind Holen, sekretær, Ellen Steberg. leiar, Egil Myhre, nestleiar, Nina Berge Rudi og Ole Chr. Risdal. Foto: Rasmus Stauri.
Det vart eit særs musikalsk årsmøte i historielaget i år. Dei 35 frammøtte fekk ein tre kvarters konsert med brørne Rasmus og Hans Kjorstad, og fagfolk kommenterte spelet slik: «Det e´ felespel som dug, det gut!» Elles vart styret attvald, rekneskap og budsjett vedteke. Driftsresutatet for 2017 var på kr 42 127. Referat kjem seinare. Les meir