Påskekrim: Det underlege mordet i Huskelia

husk1

Huskelia – nokre hundreår seinare

IVAR KLEIVEN: For 236 år sidan budde det to ugifte, gamalvorne systre i Huskelia, Marit og Tore Jonsdøttre. Desse to systrene, som budde einslege på denne vesle garden i Kvikne, som ligg noko avsides til på baksida av Vinstra, skulle sitja i velstand. Ein vår i våronntida døde ho Tore brått og uventa. Dei fann ho att på åkra i Huskelia, ho låg på magen og hadde munnen full med jord. Sidan levde Marit einsleg i Huskelia.

På Bø i Ruste var det denne tida ei kjerring som heitte Marte. Mannen heitte Torgjer Torgjersson og var av ei gamal slekt, som hadde sote på denne gamle storgarden i utlange tider. Kjerringa, Marte, var dotter hans Østen Forbrigd i Kvam og var av ei gamal gjæv storslekt. På Bø satt desse to i stor velstand, dei hadde 4 born, to gutar og to jenter, som alle var ugifte dette leite.

Bøkjerringa var nok uturmåte kjær om medel og rikdom, og når det var noko å få grave til seg, skydde ho ikkje kva for måte ho brukte for å få sitt fram. Men mannen skulle vera ein framifrå mann på alle vis.

Imellom Bøfolket og Marit Huskelia skulle det vera skyldskap, kva for side det nå var på, og Marte hadde vore med å halde eldste sonen på Bø, Torgjer, for dåpen.

Det skulle vera meininga at Bøfolket skulle ha det som vart att etter Marte Huskelia når ho gjorde frå seg verda, men Marte Bø tykte nok at Marit tok til å bli langdraug, før ho la seg til å dø.

Så var det ein dag om somaren i 1693 ho baud tenestekaren på Bø, Jo Londe, skjuthesten på Bø, dersom han ville gå oppi Huskelia og strøype ihel ho Marit. Dette var inni stua på Bø, og eldste sonen, Torgjer, hørte orda til mor si. Men Jo Londe ville ikkje ha noko med dette å gjera. Seinare ein gong var ho etter han om å avlive Marit, men han gav henne ikkje lovnad på det da heller.

Da vende ho seg til bror hans Jo, Anders Londe, som tente på Bø i 1694. Ville han strøype ihel ho Marit Huskelia, skulle han få tre riksdaler og ei ny striskjorte. Det var nok ikkje fyrste gongen ho gjekk på han med dette, for etter som Anders fortalde, hadde ho i seks år masa med han om å ta livet av Marit.

Endeleg vart det til at han lova å gå i veg og strøype ihel Marit Huskelia og tok avsted ein sein sommarkveld. Men da han kom seg opp gjennom stigen eit stykke, vart han så trøytt at han laut setja seg og kvile, og med det same kom det ein fælt stor, svart svart hund innåt han og såg ut til å ville halde følgje med han. Da vart Anders så redd at han snudde og gjekk heim til Bø att.

Men Bøkjerringa gav seg ikkje med dette, ho sette på å truge Anders pånytt, og da tok han det på seg, dersom Torgjer, son hennar, ville vera med å avlive Marit, og det var både Marte og Torgjer samde om. Da gjekk båe to oppi Huskelia ei natt og kom der etter at Marit hadde lagt seg. Så spurde Torgjer om dei skulle slå seterkvea hennar. «Nei, dæ er forti´leg ennå, gudson min», svara ho. Med det tok Torgjer over armen hennar, og Anders tok struptak omkring halsen til ho var livlaus. Deretter bar dei ho imellom seg utpå elvebakken, sette att skorne hennar på bakken og kasta liket uti Vinstra. Liket rakte nedetter elva til det kom nedi Loholet og fastna i ei bjørk. Der var det funne om hausten.

Marit Huskelia vart avliva natta før den 12. juli. Same natta var det ein smed i Kvikne, Jo Sylte, som hadde smidd ein kasthake på stuedøra i Huskelia, og som han nå ville gå borti der og setja på. Da han kom inn i ei bergklove i kanten på Huskelijordet, fekk han sjå to karar som kom berande med eit menneskje imellom seg, og da han med ein gong skjønte at her var gjort ein stygg ugjerning, heldt han seg gjømd og såg korleis dei to mordarane bar seg åt. Den bergklova han sto i, vart kalla «Jo-Klova» sidan, men nå er ho velta full med stein.

Om det var Jo Sylte som bar opp med det han såg om natta, eller det var andre som tok mistanke om korleis Marit Huskelia hadde kome ut av verda, har det ikkje vore sagt noko nærare om. Men Marit hadde to brør i live, Per og Lars Jonsson, som hadde meldt mordet til futen og bedd han å reise sak, da dei ikkje orka å koste saka sjølv. Saka kom på tinget, Marte Bø og Torgjer, sonen hennar, og likeså Anders Londe, vart kalla for retten, da dei var mistenkte for mordet på Marit Huskelia. Og for retten tilstod dei ugjerninga alle tre med ein gong, og alle tre vart avdømt med livet og skulle rettast med sverd, og hovudet setjast på stake.

Torgjer Bø synte stor anger over atferda si. Korleis Marte tok det, har ikkje vore sagt noko om, men på vegen til rettarstaden song ho med sterk, vakkert og reint mål denne salma i Kingo-boka for 2dre søndag i advent: «Jeg beder dig, min Herre og Gud.»

Utanom den eldste sonen, Torgjer Torgjerson, var det tre born til på Bø, ein son og to døtre, Marte og Tore, av dei var i det minste Marte vaksen. På vegen til rettarstaden sa Torgjer til mor si: «Ho ha itte vore forgo te å vore med her, ho Marte hell, idag.» «Hysj. ti still!» svara ho. «Dæ e nok som dæ er nå, vet e.»

Den gamle rettarstaden på Fron var på Galgehaugen ved Augla, og her vart alle tre avretta same dagen. Da ho Marte skulle på skafottet, kjippa ho av seg skorne og ba eit kjend menneskje ta dei med til Bø, «døm kann få spunne naugre stru-merk for dessa, au» sa ho.
Det var bratt helling frå Galgehaugen og nedi Augla, og for kvart hogg skarprettaren gjorde, trilla hovudet nedi bekken. Sidan vart dei sette på stake på haugen.

Skarprettaren var frå Oslo, og han fôr ein gong oppigjennom Gudbrandsdalen medan Marte Bø var i framvokståra og var heime på Forbrigd. Det var gjestgjevargard på Forbrigd, og skarprettaren var der og kvilte. Medan han sat inne i stua, gjekk ho Marte forbi på golvet, og da song det i sverdet hans. «Du må akte dig, du min pige, så du ikke kommer under mitt sverd!» sa han til Marte.

galgebakken

Frå Galgehaugen med Stokke og Brandrud i bakgrunnen. Nils Christian Steig på Facebook-sida «Du væt du e frå Sør-Fron når»: Marte Bø var min tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp oldemor. Hele saken holdt på å ramme også de uskyldige barna hennes, fordi mannen, Torger, ikke tålte belastningen og døde før hun ble halshugget. Det medførte at hun arvet mannen sin før dødsdommen ble effektuert, og en del av straffen var at all hennes eiendom skulle inndras av kongen. Det betydde at også hennes gjenlevende barn mistet sin arv. Slik gikk det imidlertid ikke, fordi Peder Veikle og Johannes Kongsli satte seg opp mot øvrigheta og fikk dommen omgjort. Slik fikk de yngste barna arve faren og den nylig avdøde morfaren Østen Østensen Forbrigd, som forøvrig var en av dalens rikeste med en skyld på 18 huder, 3 skinn og 3 1/2 fetlung!

Dette mordet i Huskelia er noko av det underlegste som er hendt i Gudbrandsdalen. Kva som kan vere grunn til at den etter den tida rike kjerringa på Bø så endeleg ville ha avliva denne nærast å kalle fatige menneskje i Huskelia, er uskjøneleg. Etter det Marit Huskelia hadde heldt Torgjer Bø for dåpen, må Bøfolket den gongen ha vore i venskap med ho og rekna ho for eit bra og skikkeleg menneskje, og når dei ennå siste somaren ho levde, ser ut til å yte henne hjelp med det vesle jordbruket i Huskelia, tyder det ikkje på hat eller fiendskap. At ho Marte Bø var så hågrisk og gjerig at det hadde vorte ein sjukdom hos henne, er etter fleire ting som folkesagnet nemner, sikkert nok, men den vesle medelen Marit Huskelia sat inne med, kunne umogeleg den rike kjerringa på Bø ha slik trå etter, at ho gjorde ein så gjerlaus og stygg ugjerning.

Ved skiftet i Huskelia var heile medelen hennar Marit 62 rdl med frådrag for 1 ku til presten for likpreike 2 rdl og 2 ort, og så åtte ho sjøleigarbruket Huskelia, skyldsett for 1 skinn. At Huskelia på noko vis kunne vera å stå så hardt etter å få lagt under Bø, er lite truleg og gjev ingen grunn for misgjerninga.

Marte Bø må ha vore krank på sjelslivet sitt på ein eller annan måte, attåt har ho vore eit gjennom hardt menneskje utan hjartelag og med stor makt over dei ho kunne rå med. Sonen Torgjer har vore ein kasteball i hendene hennar.

Korkje folkeminne eller rettssaka har noko som peikar på at Marte kjende nokon anger over ugjerninga, i det minste nemner ikkje rettsboka noko slikt. Men Torgjer møtte i retten «og med stor anger og gråd» tilstod han korleis mordet føregjekk.

Desse 3 brotsmennene sat i fengsel på Kjorstad hos lensmannen i 13 veker, til dei vart retta den 11te februar, og det kan sjå ut at Marte i fengslet har vakna til ettertanke, av di ho song ein salme på vegen til rettarstaden. Men er det som folkeminne har sagt at ho sende skorne attende til Bø til spånå-løn, kan det sjå ut til at hågriska følgde henne til hennar siste stund.

Dei orda Torgjer Bø sa til mor si om Marte, syster si, peika på at ho ôg skulle ha noko skuld i Huskeli-mordet, men korleis det kunne hengje saman, let seg ikkje gjera å skjøne – heile denne stygge hendinga er nærast ei uløyseleg gåte.

Mannen til Marte Bø, Torgjer Torgjerson, har i folkeminnet gått for å vera ein overleg bra og fredeleg mann, og dette fæle mordet , som så brått la sorg og vanære over heile hans hus, tok han så hardt at han sto ikke imot. Tre veker etter dødsdomen vart stadfesta på lagtinget, døde Torgjer Bø utan å ha vore sjuk eller sengjeliggande. Han har kanskje falle bort av slag.

I Huskelia, bak til venstre. vart Marit Huskelia strypt 12. juni 1694. Foto: Tom Hellik Hofton.

I Huskelia, bak til venstre. vart Marit Huskelia strypt 12. juni 1694. Foto: Tom Hellik Hofton.

Likeså underleg som dette Huskelimordet er frå først til sist, likeså underleg er det handsama av retten, fut og skrivar. Frå først til sist er avhøringa av dei tre forbrytarane så grunn og snargjord at det er meningslaust, og ikkje er det eingong spurd eller nemnt eit ord om grunnen til mordet. Mannen på Bø er ikkje innkalla i retten for å gje forklaring, og heller ikkje dei to brørne til Marit Huskelia, som reiste saka.

Det ser ut til at retten har lagt seg ut om å få gjort saka frå seg så stilt og snøgt som mogleg, og unngå allslags oppstuss med vitne og vitneprov. Det gjekk nok an å ta det såleis med denne saka, fordi alle tre forbrytarane med ein gong stod for ugjerninga utan minste dølgsmål.

Kanskje retten her tok omsyn til dei to velvørde, gamle og gjæve slektene og alle dei skyldfolka vidt og breidt i dalen, som sikkert gjorde seg vondt av Huskeli-mordet. Marte Bø var utsprongje av ei av dei mest velvørde og mektigaste bondeslektene i dalen, men ho var ein villrenning, som så ofte kan skyte opp i ei gamal, god slekt.

Frå Fronsbygdin 1930, publisert her første gong påska 2016

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

2 responses to “Påskekrim: Det underlege mordet i Huskelia

  1. Eivind Holen

    Bestefar min, Emil Holen, stussa over at hodene ved avrettinga trilla ned i Augla, for slik Augla går i dag er ikke det mulig.
    De som har lest innlegget mitt i Fronsbygdin om «Å gå med kluf’n» vet at bestefar søkte etter metall ved bruk av kluft (ønskekvist). Han hadde funnet ut at Augla fører med seg gull (sannsynligvis mikroskopiske mengder). Så viste det seg at Augla en gang har endret far. Ved hjelp av klufta fant han ut at faret har gått tett oppunder Galgehaugen videre på oversida av Hjørnstugu og Breivegen mot Jotvika der den har gått sammen med Brandrudsåa ut i Laugen. Faret er til og med synlig på noen steder. Så kan man spørre seg, endret Augla far under Storofsen i 1789?
    Eivind Holen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s