Sola når ikkje alltid ned

Eit intervju med 80 år gamle Rønnaug Sagboden

sagboden

Rønnaug Sagboden i 1976. Foto: Asbjørn Svarstad

SVEIN ARNE BUGGELAND I DAGNINGEN 24. april 1976: Like under fjellbygda Skåbu finn du stua hennar Rønnaug Sagboden. Husa ligg like ved vegen, ei lita stue i umala tømmer og nokre forfalne småhus ikring. Her er lappa på med alle slags, men bjørkelima står ved trammen, og reint og pent er det alle stader. Kjøyr roleg forbi, for her kjem ikkje framskrittet ein gamal i møte – her finn du kjerring med livskraft og humør bak vindauget.

bakke-5

Skåbu sokneråd og Bakkestugus Venner
driver og vedlikeholder i dag plassen i samarbeid. Stedet er i ferd med å bygges opp som et museum over husmannsplasser fra denne tiden, som et minne om Rønnaug Sagboden, og som et sted for lærdom, opplevelse og aktivitet.

Sjølv er Rønnaug over åtti år, men bur åleine i husa far hennar åtte før henne. Men korleis kan ein som har verken TV eller samfunnshus eller musikkanlegg klare seg i einsemda?

-Å, eg sit ved glaset og kikar på folk, kokar litt kaffe – og gjeng ut og høgg litt ved om det blir for kjeit, seier ho Rønnaug. Og ho trivst i einsemnda, ho er van med den.

-Her har eg budd alle mine dagar, og no er eg så gamal at eg helst ikkje vil tale om det, ler Rønnaug. For blinket i augekroken har ho. Vi sit og pratar i stua hennar. Vedomnen tar god plass, han ruvar svart og stor borte i kroken. I andre enden av stua finn du senga, pent oppredd. I begge karmane står blomar. På veggen heng bilete av dronning Maud. Pent, men ikkje nokon luksus i stua hennar. Sjølv lener ho seg over bordet, men er borte i vindauget og ser ut kvar gong nokon kjøyrer eller går forbi. Rønnaug er rastlaus og rask i rørsla.

Les om Bakkestugu, der Rønnaug Sagboden budde på husmannskontrakt til ho døydde i 1994, 99 år gammal.

-Heile 29 år har eg budd åleine, og det har gått bra. Far min bygde opp stua her, resten sto da vi kom. No vil eg ikkje stelle på husa, veit ikkje kor lenge eg blir her…

-Kva dreiv du med tidlegare?

-Eg arbeidde med det som falt seg, skifta mykje. Nokre gonger var eg med bøndene og skar korn, andre gonger gravde eg potet. Elles har eg strikka mykje. Men det er lenge sidan, no er eg gamal. Og når ein er gamal, skal ein ikkje gjere noko, ein skal berre motta trygda … men på gamleheimen i Vinstra vil eg ikkje, sjølv om ho skal vere gild. Eg likar så godt å sette over kaffen sjølv, skjønar du!

Og ho fortel om reisene sine, om den gongen ho var heilt sør i Hamar, hos augelegen. Der fekk ho brillane, men dei brukar ho berre når ho les avisa. Avis, ja, den har blitt så skrekkeleg dyr i det siste…

bakke-4

Bakkestugu i dag

I Lillehammer har ho ôg vore, men ville ikkje ha budd der. Det var mykje trafikk, mange folk og store bilar, det ble reint farleg å gå ute. -Ein kunne bli kjøyrd ned, seier Rønnaug. Ein har ikkje så hug til å reise når ein blir gamal. Og kvifor skal ein reise? Ho Rønnaug likar seg bra i Skåbu. Husa ligg djupt i dalen, så sola når ikkje alltid ned. Inne er det bra, finst ikkje nokon kulde der.

Per Ottesen skreiv historia om Rønnaug Sagboden i Fronsbygdin 2011

-Tidlegare, når elva fekk gå fritt, gjekk eg opp i åsen for å sjå på tømmerfløting og når dei slapp elva. Skåbu er ein bra stad, det ja.

Kjøyrd ned blir ho ikkje i Skåbu. Det er ikkje så mykje folk som fer forbi, så vegen opp til handelsmannen går ho sjølv. Med stokk i dei brattaste kneikane. Tilbake får ho skyss med nokon. Naboane er flinke til å stikke innom for å sjå korleis ho har det, og serleg damvaktaren er dugeleg god til det.

-Kva gjer du når timane blir for lange?

-Eg høgg ved eller ber vatn. Også kokar eg kaffe, det likar eg. Eg drar meg om morgonen, ligg til kolkka halv sju. Då kokar eg meg ein kaffeskvett.

I 1992 vart ho portrettert i Norge Rundt:

-Korleis feirar du påske?

bakke-3-Eg høyrer på høgmessa i radioen, og så skal eg i kyrkja i kveld. Skigåing blir det lite med, men eg har prøvd meg, seier Rønnaug Sagboden.

Ikkje verst, dette. Å kunne bu åleine og verkeleg sette pris på einsemda. Vi som bu i byen, skulle kanskje ikkje ha vore så redde for ikkje å bu saman med andre.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s