Eit intervju med 80 år gamle Rønnaug Sagboden

Rønnaug Sagboden i 1976. Foto: Asbjørn Svarstad
SVEIN ARNE BUGGELAND I DAGNINGEN 24. april 1976: Like under fjellbygda Skåbu finn du stua hennar Rønnaug Sagboden. Husa ligg like ved vegen, ei lita stue i umala tømmer og nokre forfalne småhus ikring. Her er lappa på med alle slags, men bjørkelima står ved trammen, og reint og pent er det alle stader. Kjøyr roleg forbi, for her kjem ikkje framskrittet ein gamal i møte – her finn du kjerring med livskraft og humør bak vindauget. Les meir