Daily Archives: 19. februar 2018

Nokon som kjenner att skulehuset?

skule

Dette er vel eit skulebilde, men nokon som kjenner at skulehuset?

FRÅ RAGNHILD BJØRGE, FØDT ROMSÅS: Skulebilete frå Sør-Fron frå albumen til Marit Kjellfrid, f. Hagen, født 22. september, 1923. Marit nr. 3 frå venstre i bakre rekke. Faren var Ingvald Halvorsen Olstadhagen. Han var baker på Sør-Fron, men døydde av tuberkulose da Marit var berre lita. Mor var Gjertrud Marie Olsdatter Bjørgen. Ho heldt fram med kafedrift på Sør-Fron, etter at mannen døydde, for å tene til livets opphald. Dei åtte ikkje bakeriet sjølve, så baker Svendsen tok over bakeriet. Marit meinte at dei kunne vera i slekt med Svendsenfolket. Bestefaren på morsida arbeidde ved jernbanen, og Ringebuslekter seier at Gjertrud var født på Tolga i Østerdalen i 1891, og at bestefaren på morkanten var Ola Jonsen Bjørgen frå Støren i Sør-Trøndelag. Vi lurer litt på om dei kan rekne skylde med Marit, langrennsjenta vår! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kvinner, Menn