Krig og hest og slagsmål

Ei historie om svartebørs og vennskap som tok slutt brått

canvas

Var nokre av desse hestane utanfor ysteriet med i krangelen?

GUNNAR LIEN: Vi som veks opp på Frya etter krigen, fekk inntrykk av alle hendingane under krigen. Eg var ikkje store karen fyrste gongen eg såg to vaksne karar som slost. Og da dette var to som eg kjende godt, og som båe to hadde vore snille mot meg, opplevde eg dette som vondt. Fyrst lenge etter at eg var vaksen, og etter at båe karane var gått bort, fekk eg veta kva som låg bak uvennskapen.

Den eine av desse to karane hadde tent mykje pengar på børsing, svartebørshandel, under krigen. Men på slutten av krigen, da det gjekk opp for dei fleste at den snart kunne vera over, tok det til å gå rykte om at det kom til å bli ei sanering av pengevesenet etterpå, og at berre dei som hadde tent pengane sine på lovleg vis, kunne rekne med å få veksle dei inn att i nye gangbare pengar.

Svartebørshandlaren fekk da kalde føter, og saman med kameraten som var hestehandlar, klekte dei ut ein plan. Børsaren skulle låne hestehandlaren pengar, slik at han kunne kjøpe opp hestar, som så skulle leigast bort eller berre settast ut på fôr. Når krigen og den etterfølgjande pengesaneringa var over, skulle så hestane seljast, og fortenesta delast.

Planen lykkast fullt ut, svarte pengar ble til kvite, berre det at den dagen da hestane vart selde, tok vennskapen ein brå slutt. Karane vart usande om korleis dei skulle dele fortenesta, og med altfor mange drammar, som skikken ofte var ved slik handel, kom sinna i eit slikt kok at dei fôr laus på kvarandre med berre nevane.

Redigert utdrag frå artikkelen «Oppvekst under den kalde krigen» i Fronsbygdin 2013.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Krig, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s