– Vi vil ikkje på aldersheimen!

Kristine og Kristian Iversen i strid med Samvirkelaget

iv1JAN JONSGAARD I DAGNINGEN 27. MARS 1976: -Her har vi budd sidan i juni 1943. Dette er heimen vår,  og vi ønskjer ikkje å flytte herifrå så lenge vi klarar oss sjølve utan hjelp, seier Kristine og Kristian Iversen. Dei er av Vinstra samvirkelag tilbydt leiligheit i ein av aldersbustadane ved Sundheim alders- og sjukeheim, men ønskjer ikkje å flytte frå det vesle huset sitt nedanfor krysset, der Nedregate og E6 møtest sør for Vinstra sentrum. Årsaken er at samvirkelaget snart skal gå igang med nybygging på tomta mellom Krogenæsbygget og Vinstra tettstad, og da blir huset til Iversens liggjande midt i «skuddlinja».

ivser2Ikkje for det, dei vil ikkje koma til å hindre byggjinga, så utkasta blir dei ikkje. Men samvirkelagsleiinga trur ikkje det blir noko morosamt for Iversens å bu så nære det nye samvirkelagsbygget og dermed midt oppe i trafikken.

-Eg likar meg med mykje folk kring meg, seier Kristine Iversen. – Vi har svara samvirkelaget at vi ikkje fryktar maskinane. Om dagen er vi oppe, og om natta teier vel dei stilt ôg. Nei, aldersbustaden er for folk som ikkje klarar seg sjølv lenger. Det gjer vi, og vi aktar å bli buande her. Det skal bli morosamt med mykje liv og røre rundt seg. Vi har jo orkesterplass til det som skjer ôg. Her går musikken rett utanfor stoveglaset om sommaren, og snart skal dei begynne med undergangen. Det blir litt av kvart å følgje med i.

-Når den dagen kjem at vi ikkje klarar oss sjølve, er vi vel nødt til å leggje oss inn på aldersheimen, men da vil eg til Sørheim, ikkje til Sundheim, seier Kristine Iversen. -Sør-Fron er heimbygda mi, og der trivst eg best. Der er eg fødd og uppvakse, og der har eg festa og hatt det moro. Eg har likt å more meg støtt, eg, seier fru Iversen. -Berre synd med denne foten min, ellers så skulle eg jamen gått på fest enno, eg.

Fu Iversen braut av foten sin for ei stund sidan og er enno ikkje heilt kome seg etter den skeidferda. -Eg vart tvungen til å ta massasje, sier ho, – men det gjorde berre vondt verre.

Kristine og Kristian Iversen går båe i sitt 77. år. Dei har i mange år vært sveiserfolk og seterbudeier på gardar rundt i Fron og saknar dette livet sårt. -Eg lengtar så attende til Fiskedalen, seier Kristian Iversen, – det er like før eg drar i veg på raude rappen.

Både Kristine og Kristian meiner ein kan ikkje ha det betre enn å vera seterbudeie når kua er snill. Nå er dei tilårskomne, men så lengje dei kan stelle seg sjølve, vil dei bu i heimen sin og ikkje flytta på nokon aldersheim.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s