Kristine og Kristian Iversen i strid med Samvirkelaget
JAN JONSGAARD I DAGNINGEN 27. MARS 1976: -Her har vi budd sidan i juni 1943. Dette er heimen vår, og vi ønskjer ikkje å flytte herifrå så lenge vi klarar oss sjølve utan hjelp, seier Kristine og Kristian Iversen. Dei er av Vinstra samvirkelag tilbydt leiligheit i ein av aldersbustadane ved Sundheim alders- og sjukeheim, men ønskjer ikkje å flytte frå det vesle huset sitt nedanfor krysset, der Nedregate og E6 møtest sør for Vinstra sentrum. Årsaken er at samvirkelaget snart skal gå igang med nybygging på tomta mellom Krogenæsbygget og Vinstra tettstad, og da blir huset til Iversens liggjande midt i «skuddlinja».