Naud i Kvam, men mindre syting

Om fillete, magre kvinnfolk med ungar som skreik

1656134_442245939212166_1068207980_n

Slik var Kvam hotel ein gong i tida…

helge_stormorken_imagelarge

Helge Stormorken

HELGE STORMORKEN: Forsorgsbudsjettet i Kvam i 1930-åra kunne berre delvis bøte på nauda. På fleire gardar kunne kvinnfolk med ungar på ryggen gå tvikrokut og skjera korn med sjyru for mindre enn ei krone dagen. Det var ikkje barnetrygd eller anna velferd enn fattigkassa. Ungar var det flusst av, og mange geilla ugras bortover nepe- og potetåkrane. Eller plukka liljekonvall og markjordbær og baud til bil- og togturistar.

Far – som fleire – hadde det utrivelege verv å fordele «lappein» i ei tid og måtte tåle harde ord og sterke forslag: «Bønderein sku´ vore slipt på fin slipstein tå verdas lataste kar»! Men vondaste vitne på det nauda førte med seg, var inntrykka «frå kø´n nedover frå sval´n» kvar mandagsorgon: fillete, magre kvinnfolk med ungar som skreik, og karar, nesten sko- og kledlause på vinterstid. Under slike høve kunne ein venta at innbrot ville vera daglegdags. Men dør- og stabbursnøkkelen stod nok i på dei fleste gardane.

Dårlege tider og trongt var det for gardbrukarane au. Vi låg tre gutar og jenter i to senger. Men slikt var småting. Mange hadde gjeldstrussel, det å måtte gå frå gard og grunn, hengjande over seg. Det var så ille at Stortinget måtte setja i verk ei gjeldsordning, slik at det kunne dyrkast nok mat for folk flest.

Sjølv om brukarane var skillingslause, hadde dei mat, og ull og skinn kunne bli til sko og klede. Men det måtte vera minst mogleg leigd hjelp for å stagge skillingsbruken. Så båe kjønna hadde ein strid arbeidsdag, det var ingen åttetimarsdag. Særleg husmora hadde det stritt. Ho skulle ikkje berre karde, spinne, strikke, sy, stoppe, veva, lappe, laga mat, sylte, niste ut, vaske, stelle ungar, bera vatn. Mange hadde ôg mjølking av ku og geit morgon og kveld. Slikt var ikke for mannfolk da, og det tok lang tid før det vart, au! Nærare slaveri kunne ein knapt koma. Men ho hadde mykje ho skulle ha sagt, «sjøla». Det var heidersord, det, Men kanskje ikkje til stor trøst.

Sjølv om dei fleste levde i fattigslege kår, var det mindre syting enn nå. Og friskt hunør, spøk og kjeftriving var vanleg der folk vanka. Ein kar i treskelaget kom utan sko på berrtela syngjande på ein glad sang. Det viser seg at når ein ikkje veit, er ikkje sakn sårt å bera – for det er ikkje der.

Redigert utdrag frå artikkelen «Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstår» i Fronsbygdin 2008

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s