Om fillete, magre kvinnfolk med ungar som skreik

Slik var Kvam hotel ein gong i tida…

Helge Stormorken
HELGE STORMORKEN: Forsorgsbudsjettet i Kvam i 1930-åra kunne berre delvis bøte på nauda. På fleire gardar kunne kvinnfolk med ungar på ryggen gå tvikrokut og skjera korn med sjyru for mindre enn ei krone dagen. Det var ikkje barnetrygd eller anna velferd enn fattigkassa. Ungar var det flusst av, og mange geilla ugras bortover nepe- og potetåkrane. Eller plukka liljekonvall og markjordbær og baud til bil- og togturistar.