DAGNINGEN 27. MARS 1976: Sør-Fron HV har innkalt 112 karer pluss befal til en ukes øvelse. Mandag og tirsdag gikk med til utdeling av effekter og skyteøvelser på Kvarvet, og onsdag morgen legger karene ut på en to dager lang tur gjennom Rondane. Utgangspunktet er Høvringen og endepunktet Ringebufjellet. Turen avsluttes fredag. Da bærer det tibake til arsenalet på Frya, og øvelsen avsluttes lørdag.
Monthly Archives: desember 2017
Tøffe karer på Frya
Filed under Krig
– Vi vil ikkje på aldersheimen!
Kristine og Kristian Iversen i strid med Samvirkelaget
JAN JONSGAARD I DAGNINGEN 27. MARS 1976: -Her har vi budd sidan i juni 1943. Dette er heimen vår, og vi ønskjer ikkje å flytte herifrå så lenge vi klarar oss sjølve utan hjelp, seier Kristine og Kristian Iversen. Dei er av Vinstra samvirkelag tilbydt leiligheit i ein av aldersbustadane ved Sundheim alders- og sjukeheim, men ønskjer ikkje å flytte frå det vesle huset sitt nedanfor krysset, der Nedregate og E6 møtest sør for Vinstra sentrum. Årsaken er at samvirkelaget snart skal gå igang med nybygging på tomta mellom Krogenæsbygget og Vinstra tettstad, og da blir huset til Iversens liggjande midt i «skuddlinja».
Filed under Biografiar, Kvinner, Menn
Kvifor heiter det jul?

Dei tok over det heidenske namnet. Sør-Fron sangkor i Sør-Fron kyrkje jula 2013. Foto. Carl Henrik Grøndahl
Ordet jul er heidensk. I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk Christmas «kristmesse», tysk Weihnachten «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel. Men hos oss har høgtida sitt gamle germanske namn jul. Håkon den gode påbaud på 900-talet at landet skulle feire jul den 25. desember, samstundes med den kristne høgtida i heile Europa, og ville få slutt på det heidenske offerritualet, som del av striden med å kristne Norge. Derfor tok den kristne høgtida det gamle namnet jul i heile Skandinavia, Island, Grønland, Færøyene og Skottland. På engelsk finst Yuletide som noko riktig gammaldags. Jul kjem frå norrønt jól eller jólablót, frå den opprinnelege, heidenske offerfeiringa av midtvinterdagen i Norden, som var 12. januar. Kva ordet tyder, er omdiskutert. Jul eller Jol kan ha noko med norrøne «Jòlnir» eller «Ýlir», å gjere, andre namn på Odin. Les meir
Filed under Folketru
Slutt på julefeiringa!
OLE CHR. RISDAL: På 1800-talet var det ein som heitte P. Carlsen Foss som sette i gang ei større tømmerdrift i Skåbu. I samband med dette verserer det ei spesiell julehistorie. Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med, skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ein kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg. Les meir
Filed under Biografiar, Menn, Verksemder
Verda må skapast betre
Du har hugsa Fronsbygdin 2018? Også som julegåve til deg sjølv?
2. august 1981 var det urpremiere på det storstilte «Gudbrandsdalsspelet» med tekst av Vegard Vigerust og musikk av Sigurd Berge, arrangert for eit 40 manns orkester med lokale musikarar, tilpassa det nivået dei hadde . Spelet tok føre seg viktige hendingar i dalens historie – kristninga på Hundorp, skottetoget, amerikareisene og enda opp i vår tid med pendling og oljealderen. Vil du vite meir? Om komponisten og frøningen Sigurd Berge?
Filed under Biografiar, Menn, Musikk
Naud i Kvam, men mindre syting
Om fillete, magre kvinnfolk med ungar som skreik

Slik var Kvam hotel ein gong i tida…

Helge Stormorken
HELGE STORMORKEN: Forsorgsbudsjettet i Kvam i 1930-åra kunne berre delvis bøte på nauda. På fleire gardar kunne kvinnfolk med ungar på ryggen gå tvikrokut og skjera korn med sjyru for mindre enn ei krone dagen. Det var ikkje barnetrygd eller anna velferd enn fattigkassa. Ungar var det flusst av, og mange geilla ugras bortover nepe- og potetåkrane. Eller plukka liljekonvall og markjordbær og baud til bil- og togturistar.
Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn