Dei såra kom til Sør-Fron

Få med deg ein innhaldsrik kveld med lansering av Fronsbygdin 2017!

1346px-soldiers_in_trench

Såra og send til Norge

Kom til Sygard Grytting torsdag 2. november kl 1900. Og du er med på lanseringa av Fronsbygdin 2017. Meir enn det. Du får høyre om at såra fiendtlege soldatar under første verdskrigen var overveldande for dei krigførande nasjonane. Det var ikkje nok sjukesenger eller helsepersonell. Nøytrale land som Norge vart trukke inn, og våren 1917 kom det fleire tog med hundrevis av såra og traumatiserte russiske, tyske og austerrikske soldatar hit til landet frå overfylte krigsfangeleirar. Etter kvart  var over 1000 soldatar internert på ulike pensjonat i Norge. Her gjorde dei eit sterkt inntrykk. Også i Sør-Fron, der dei budde på Heggerud og Sygard Grytting

 

indexPå Sygard Grytting vil historikaren Eirik Brazier (f. 1975) fortelja mer om det som gjekk føre seg. Han har skrive artikkel om dette i Fronsbygdin 2017, da det i år er 100 år sidan dei var i Fron. Dokumentasjonen av dette uvanlege besøket er rikeleg, og Brazier er spesialist på området. Norge stod utanfor krigen, men verknaden av krigen sette varige spor i lokalsamfunnet vårt.

Elles blir det bokpresentasjon, boksal, kaffe, biteti og hyggeleg samvær!

Vel møtt!

Helsing
Styret i Fron historielag og redaksjonen for Fronsbygdin

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s