Daily Archives: 31. oktober 2017

Dei såra kom til Sør-Fron

Få med deg ein innhaldsrik kveld med lansering av Fronsbygdin 2017!

1346px-soldiers_in_trench

Såra og send til Norge

Kom til Sygard Grytting torsdag 2. november kl 1900. Og du er med på lanseringa av Fronsbygdin 2017. Meir enn det. Du får høyre om at såra fiendtlege soldatar under første verdskrigen var overveldande for dei krigførande nasjonane. Det var ikkje nok sjukesenger eller helsepersonell. Nøytrale land som Norge vart trukke inn, og våren 1917 kom det fleire tog med hundrevis av såra og traumatiserte russiske, tyske og austerrikske soldatar hit til landet frå overfylte krigsfangeleirar. Etter kvart  var over 1000 soldatar internert på ulike pensjonat i Norge. Her gjorde dei eit sterkt inntrykk. Også i Sør-Fron, der dei budde på Heggerud og Sygard Grytting Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig