Flott kulturkveld og velfortent målpris!

Tekst og foto: Geir Teigøyen, GD: Det er ti år sidan Fron mållag sist delte ut målpris, og under ein kulturkveld i Ruste bygdahus nyleg, vart pensjonert lærar, ordførar og skule- og kultursjef Asbjørn Myrvang (85) frå Harpefoss overrekt prisen av Rasmus Stauri.

 

Prisen var ein trekopp frå ei knule på ei fjellbjørk, utskore, fargelagt og dekorert av Kjell Skriubakken.

– Prisvinnaren er svært god med ord og kan formuleringskunsten, både i skrift og tale, der han klarer å sjå det «store i det små», ikkje minst gjennom fine dikt. Han skriv ein levande nynorsk, fri for flosklar og tome ord, der bygdemålet ligg i botn. Asbjørn har vore ein trufast brukar av nynorsk i arbeid og dikting, sa Rasmus Stauri mellom anna som grunngjeving for prisen.

– Overraskande

– Nynorsk liknar dialekten min, og eg har alltid hatt glede av å skrive det. Prisen er ei stor overrasking for meg. Det er fint å ha gjort noko som betyr noko for andre, sa Asbjørn Myrvang da han takka for prisen.

Han la til at alt frå han var liten, tykte han at nynorsk hadde noko heimsleg over seg.

Under ei samtale etter prisutdelinga, utdjupa den spreke 85-åringen dette for GD.

– Då eg byrja i fyrste klasse på Ryssland skule i 1939, fekk eg ei lærarinne frå Voss som la eit godt grunnlag. Eg hugsar med glede fleire av tekstene i Nordahl Rolfsen si lesebok og Volrath Vogts si bibelsoge, minnest prisvinnaren, som har vore medlem i mållaget sidan han starta lærargjerninga si på slutten av 1950-talet.

Gild kulturkveld

Styret i Fron mållag hadde lagt opp eit fint program i ord og tonar. Leiaren i laget, Hildegunn Maria Haanes Ruset, leia kulturkvelden på ein god måte.

Hans og Rasmus Kjorstad imponerte stort med felene sine, og forfattar Magnhild Bruheim fortalde personleg og levande om onkelen sin, Jan-Magnus Bruheim (1914-1988). Gudmund Teigen leia allsongen.

 Asbjørn Myrvang takka med vektige ord og las eitt av dei mange dikta han har skrive, «Gå sakte e Moageila».

 

Henta frå GD 23.10.17

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s