Monthly Archives: oktober 2017

Dei såra kom til Sør-Fron

Få med deg ein innhaldsrik kveld med lansering av Fronsbygdin 2017!

1346px-soldiers_in_trench

Såra og send til Norge

Kom til Sygard Grytting torsdag 2. november kl 1900. Og du er med på lanseringa av Fronsbygdin 2017. Meir enn det. Du får høyre om at såra fiendtlege soldatar under første verdskrigen var overveldande for dei krigførande nasjonane. Det var ikkje nok sjukesenger eller helsepersonell. Nøytrale land som Norge vart trukke inn, og våren 1917 kom det fleire tog med hundrevis av såra og traumatiserte russiske, tyske og austerrikske soldatar hit til landet frå overfylte krigsfangeleirar. Etter kvart  var over 1000 soldatar internert på ulike pensjonat i Norge. Her gjorde dei eit sterkt inntrykk. Også i Sør-Fron, der dei budde på Heggerud og Sygard Grytting Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Flott kulturkveld og velfortent målpris!

Tekst og foto: Geir Teigøyen, GD: Det er ti år sidan Fron mållag sist delte ut målpris, og under ein kulturkveld i Ruste bygdahus nyleg, vart pensjonert lærar, ordførar og skule- og kultursjef Asbjørn Myrvang (85) frå Harpefoss overrekt prisen av Rasmus Stauri.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Språk

I år er ho svart som synda!

fb17Og ho blir sleppt laus på Sygard Grytting torsdag 2. november kl 19. Det kan bli rett så interessant å vere til stades der!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Fron mållag arrangerer kulturkveld!

Torsdag 19.10. kl. 19.00 arrangerer Fron mållag kulturkveld på bygdahuset i Ruste. Her blir det utdeling av Fron mållags målpris for 2017, musikk ved Hans og Rasmus Kjorstad og Magnhild Bruheim kjem for å fortelje om lyrikaren Jan-Magnus Bruheim. Elles blir det kaffi og biteti. Inngang: 100,-

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Dronninga på Fagerhøy

Sit dronning Margrethe og et nista si der?

dm

Oppslag i vekebladet Hjemmet nr 38 1989

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein vinterdag i 1984 er det ruskevêr ute. Inne i peisestova på Fagerhøy sit folk, varmar seg og et nista si. Nokon kviskrar: Er det ikkje danske dronning Margrethe som sit der inne? Fleire går diskré forbi og jo, ho er det. Anne Marie Hovind gir seg til kjenne på morsmålet og ønskjer velkommen. Dronninga er imponert over at dei har heist det danske flagget – trass i at ingen visste ho ville komme. Anne Marie må medgi at dei ikkje flaggar til ære for dronninga, men for foreldra hennar, som er komne frå Danmark. Dronninga får seg ein god latter og skriv seinare i eit personleg brev: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Verksemder

Historia om Pettersens kafé

Om sjokolade frå USA, knipsespel og jukeboks

p

ap 1

Anna Pettersen (1902-1987) tok til med kafédrift alt i 1928. Bilde frå Synnøve Solli

PER OTTESEN: Hausten 2012 vart legendariske Pettersens Kafé på Vinstra omdøypt til Salong Miocat, og ein velkjend aktør i Vinstra sentrum vart borte for godt. Riktignok har kaféen vore stengd ei god stund, men fasaden og raude blomar i glaset har i denne tida likevel minna oss om kva Pettersens Kafé har betydd for oss som brukte svært mange av fristundane våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Ein kveld utan å ha vore på Petteren var ein bortkasta kveld. Der kunne vi sitte og prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tidas nye musikk. Og vi gløymer aldri kringla! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Ny kjerring på gammel gard

Journalisten og byjenta som kom til Forr Søndre

kbh

Kari Bay Haugen: Fristelsen på loftet var en vakker, fotsid kjole i brun fløyel med blondekrave. Foto: Rasmus Stauri

KARI BAY HAUGEN: Fra jobben som journalist i VG kom jeg til Sør-Fron som ung gårdkone. Et nytt liv begynte på Forr Søndre, gården som hadde vært i samme slekt siden 1745. Det nye livet startet for over femti år siden. Min ektemann, Hans Åge, var åttende slektsledd rett nedarvet og følte stort ansvar som han overførte til denne uerfarne byjenta. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur