Historielaget arrangerer markvandring ved Olstappen i Skåbu i kjølvatnet av dei arkeologiske utgravingane. Orientering ved arkeolog Hildegunn Ruset. Kaffi og biteti på Slangen Seter. Buss frå Coop Mega, Vinstra kl. 17.30.
Monthly Archives: august 2017
Vil du vite korleis Peer Gynt vart til?
Kom til Veidarvon seterstue seks km sør for Gålå ved Peer Gynt-vegen søndag 6. august kl 1430. Historikar Narve Fulsås har sett nærare på breva som Henrik Ibsen skreiv, da han dikta fram historia om denne frøningen. Han er professor i historie ved Universitetet i Tromsø og er redaktør og hovudforfattar av Henrik Ibsens skrifter bind 12-15: «Brev 1844-1905».
Med i samtalen er også kunsterisk leiar i Peer Gynt-stemnet, Iren Reppen, og regissøren for framsyninga ved Gålå-vatnet, Sigrid Strøm Reibo. Programleiar: Carl Henrik Grøndahl. Etterpå kan du få kjøpt varm suppe. Velkomen!
Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur
Per Gynt på bygdatunet!
Den lokalkjende historieforteljaren Reidar Stangenes tar deg med på ei vandring laurdag 5. august frå Peer Gynt-huset til Per Gynt-steinen ved Sødorp kapell. Ei hyggeleg og uformell vandring der du blir nærare kjend med den sagnomsuste Per på Hågå, modell for Ibsens Peer Gynt. På vegen tilbake er det kaffi og biteti på bygdatunet. Vandringa finn stad i samband med opninga av kunstutstillinga med verk av H.M. Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl. Du kan bli med anten kl 12.30 eller 14.30
Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur