Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva

stein

Toftelva rett under Amundsteinen mot Toftsetra. Foto: Rasmus Stauri

ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt frå ein liten gut som var med mor si på Hovlistugusetra på seterstulen Hovdlisetra på andre sida av elva.

Ein dag Amund ville gå seg ein tur og sjå etter dyra, vart han borte så lenge at mora vart redd. Ho gav seg i veg på råket som går til Sveiphuslykkja og Toftsetra. Ho stoppa fyrst ved Hovdliseterskaret og gjekk utpå kanten der. Her hadde ho utsikt over Toftelvdalen mot Toftegardane og Flåtågardane, ja, ho kunne nesten sjå heilt ned på Frya. Ho ropa, men ingen Amund svara. Ho tok så fatt på råket att, kryssa bekken frå Hovdliseterhøgda, bekken frå Lyhaugmyra og kom dit råket deler seg til Toftsetra. Ho gjekk etter dette til ei høgde, som ho hadde utsikt frå, men ingen Amund var å sjå. Kvar hadde vesleguten hennar vorte av?

Så gjekk ho ned på råket til Sveiphuslykkja mot Rundtjønna, kryssa bekken frå tjønna og opp bakken til dei fine svaberga framfor tjønna. Lytta og såg etter Amund. Men Amund var ikkje å sjå eller høyre. Oppskaka og redd gjekk ho mot Fjellkjørrdokka, såg til både sider etter Amund, og der, oppe på den andre sida av elva og til og med oppe på den store steinen som ligg utover bergkanten, sit Amund.

No tør ho ikkje rope på han i frykt for at han skal skvette og dette ned i elva. Ho snur brått og går attende til setra si. Aldri har tida gått så sakte som no. Dyra kom att, og ho batt dei inn i fjøset. Tenk om vesleguten min hadde kome att snart, tenkte ho. Redd og nervøs gjorde ho seg klar til mjølkinga.

Brått høyrde ho kjente, lette barnested ved selsdøra, og der kom Amund. Ho vart så hoppande glad over å sjå att vesleguten sin at ho gav han ein dugeleg omgang juling.

Etter dette fekk den store steinen på bergkanen namnet Amundsteinen.

Amund var født 18. september 1878 og vart døypt 12. januar 1879. Foreldra heitte Kari og Ole Tofthagen.

Frå Fronsbygdin 2006, publisert her første gong 20. februar 2016

 

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Setring

3 responses to “Amundsteinen

  1. Frank Erik Solli

    Ei fin historie som jeg ikke har hørt før, men steinen kjenner jeg godt. Min svigerfar, Konrad Aanerud (sønn av Berte Tofthagen((Larsson))) omtalte bestandig steinen som Iversteinen. Det gjorde også hans onkel; Teodor Tofthagen og hans bror Alfred. Luis Trettengen brukte også navnet Iversteinen, så vidt jeg husker. Hølen under fossen har vi bestandig kaldt for Iversteinhølen. Har noen en forklaring. Hilsen Frank E. Solli.

  2. Far min, Are Stauri, sa aldri noko anna enn «Amundsteinen.» Han hadde hytte på Sveiphuslykkja frå 1945, og kvar haust gjekk han og dei mange elevane Sørensensvegen forbi dette utkikspunktet. Det er interessant å lære at eit anna namn har vore og er i bruk her. Forklaring utover dette har eg ikkje anna enn at historia som Arild Larshaugen fortel i seg sjølv er eit belegg for namnet «Amundsteinen». Det hadde vore fint å få vite belegget til namnet «Iversteinen». Det er rett at den mørke hølen i elva under
    heiter Iversteinshølen, så det er kanskje ein samanheng her?

  3. John Morten Malerbakken

    I oppveksten var vi mye på Sveihuslykkja. Pappa Johs var en ivrig fluefisker så det ble mange besøk både i Trohølen og Iversteinshølen.
    Steinen har jeg sett, men tror aldri jeg hørte at den hadde et eget navn.
    Fin historie!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s