Historia om fela i Gudbrandsdalen

Ivar Kleiven fortel om den gong spellmenn var forpaktarar

12771793_10156600568620436_4261314121028347880_o

Torger Iverstugun, Arne Risdal og Ola Eggen betalte ikkje med rupe for å få spele.

IVAR KLEIVEN: Fela er sjølvsagt det instrumentet som var best skikka for å danse etter, men kva tid ho kom i full bruk i Gudbrandsdalen, er det nok ingen som veit. Ho skal ha vore kjent i Noreg tidleg i medelalderen, men ein finn ho ikkje nemnt her i dalen i 1600. Likevel er det rimleg at ho kunne vera brukt her og der før 1700.

Omlag 1720 fekk «stadsmusikeren» i Oslo forpakte «instrumentalmusikken» synnafjells mot ei årleg avgift til kongens kasse. Og alle spellmenn som ville låte til dans i bryllaup, auksjonar eller fri dans i bygdene synnafjells, laut pakte seg spellmannsrett av statsmusikaren i Oslo.

Frå 1700 frametter er det fleire «forpaktarspellmenn» oppetter Gudbrandsdalen, og for ein  60 år sidan levde det gamle folk som mintest some av desse «forpaktarom». Dei var  overlag til gode spellmenn.

Det vart jamnt ogreie med forpaktingsavgifta, og stadsmusikanten hadde ofte desse bygdeforpaktarane på tinget for attskuldig pakting. Årsavgifta for ei pakting i ei eller fleire bygder kunne vera 4 rd. og 1 tylt med rupe og deromkring.

Denne forpaktinga av bygdemusikarane heldt ved i dei første åra etter 1814. En kan sjå av dei tinglyste forpaktingsbreva at det i åra omkring 1730 fanst ikkje så få forpaktingspellmenn i Gudbrandsdalen, og at fleire av dei var bra spellmenn skulle ikkje vera orimeleg.

Den tida var det nok ikkje brukt annan dans enn springdans, «springleik» som han da var nemnt, og den dansgjerda var nok ved den tida godt innøvd både hos spellmennene og dansarane. Kor springleiken kunne vera utstokken, er kanskje ikkje dei musikkunnige heilt sikre om. Det har vore tymta på at han kunne vera komen tillands med sigøynarar frå Polen, for springdansen har mykje iblandt vore kalla Pålsdans (polsk-dans.)

Frå Fronsbygdin 1930

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk, Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s