Fiskebilen til John Lereggen

15128854_1249886751749648_7079785306237341712_o

Fiskebilen til John Lereggen ved Sandbakkrampa i Nedre Sødorp 1966. Bilde og tekst frå FB-sida til Paul Henrik Hage

Fiskebilen til John Lereggen var eit kjært innslag for både is-svoltne ungar og husmødre som lurte på kva dei skulle laga til middag. Ein humoristisk og slagferdig kar som spreidde mykje trivsel i grenda. John Lereggen (1907–1972) var frå kystkommunen Roan i Sør Trøndelag og kom til Otta i 1930. To år seinare følgde ektefelle og to barn etter. Familien fekk leige husrom hos Magnus Bismo. John Lereggen var det vi i dag kallar salsjåfør og køyrde fiskebilrute for Brødrene Lothe i Trondheim. Her kan du lese meir om han.

lereggen_john_700

John Lereggen tel pengar ein gong på 1960-talet. Bilde frå Jorunn Holen

Mange interessante reaksjonar på Facebook-sida til historielaget:

Anne-Lise Larsson Gode minner om fiskebilen Har hatt mange timer ved Elvestad-rampa og venta på den….. Kunne ikke akkurat stille klokka etter den, men ventetida var verdt det, da vi fikk kjøpt oss is.

Arne Hølmen den hugser e godt,fersk kveite og hvalbiff ved mjølkerampa

Wenche Moen Lereggen husker jeg godt. Ved noen anledninger, tok han med seg hunden vår på runda opp ved Kjorstad og ned på Hundorp, og tilbake til Harpefoss. Der kom det ein svært fornøyd hund som hadde fått både biltur og fiskekaker. 😊 Lereggen hadde bestandig gode historier og triks på lur

Gunn Berget Å ja, flaug fort når denna kom. Fekk lov å kjøpe is

Sigrid Tokse Det va stas å få verra med bortåt væga å få kjøpe seg pinnis 😊

Tove Haugli Eg kjøpte is

Aase Larsen Hagelien Vekkjer minner

Anny Løkken Det var tider,det

Randi Hoffsbakken Husker

Eli Louise Strand Høgdepunktet når vi besøkte tante Anne og familien på Tessanden var når fiskebilen kom. Da fekk vi kjøpe fiskekake som vi åt på gaffel!😊

 

Første gong posta her 25. januar 2017

 

 

 

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

One response to “Fiskebilen til John Lereggen

  1. http://www.selhistorie.no kan du lese historia om John Lereggen som kjørte fiskebil ut fra Otta: http://bit.ly/2jSnFSu

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s