Daily Archives: 18. juni 2017

Fiskebilen til John Lereggen

15128854_1249886751749648_7079785306237341712_o

Fiskebilen til John Lereggen ved Sandbakkrampa i Nedre Sødorp 1966. Bilde og tekst frå FB-sida til Paul Henrik Hage

Fiskebilen til John Lereggen var eit kjært innslag for både is-svoltne ungar og husmødre som lurte på kva dei skulle laga til middag. Ein humoristisk og slagferdig kar som spreidde mykje trivsel i grenda. John Lereggen (1907–1972) var frå kystkommunen Roan i Sør Trøndelag og kom til Otta i 1930. To år seinare følgde ektefelle og to barn etter. Familien fekk leige husrom hos Magnus Bismo. John Lereggen var det vi i dag kallar salsjåfør og køyrde fiskebilrute for Brødrene Lothe i Trondheim. Her kan du lese meir om han.

lereggen_john_700

John Lereggen tel pengar ein gong på 1960-talet. Bilde frå Jorunn Holen

Mange interessante reaksjonar på Facebook-sida til historielaget:

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder