Dagboka til Anton

anton

Anton Granmorken med nysykkelen

NORA STORMYRBAKKEN: Ungdom i dag vil skratte av følgjande:

Været en tur paa Harpefos og Jensbakken efter rammelist m.m. Det er første gang jeg har været paa Harpefos.

Anton Granmorken bur i Ruste og er 18 år! I 1912 kjøper eldstebroren Emil sykkel. Året etter, medan Emil er på militærteneste, leier Anton sykkelen for kr 10.-. Dette gjev han ny fridom, han syklar stadig til Vinstra og i blant til Otta. I 1914 skriv han stolt:

Idag har jeg kjøpt cyklen av Emil for kr 80.- til odel og eie.

I 1915 er han for første gong på Lillehammer, «meget at se».

Eit liv, ein lagnad, ei dagbok. Ei sorg over grandonkelen eg aldri møtte. Anton Granmorken byrjar å føre dagbok som 18-åring, 1. januar 1911. Her møter vi livet i Nord-Fron dei fyrste tiåra av 1900-talet: «Det er haarde og mærkelige tider, som den atfortærende krig har bragt ogsaa til vort land, dyrt og ikke at faa omtrent alting. Efter nytaar blir rationering indført, saa det ser mørkt ut» (31.12.17).

Anton vart fødd 4.8.1893, i Nørdre Granmorken, eit mellomstort gardsbruk i Ruste, med seter på Fagerli og skogteigar oppi Sandslia. Han var nummer tre i ein søskenflokk på fire gutar og to jenter. Eldstemann og odelsgut var min bestefar Emil (1887-1972), så kom Karen (1892-1955), Anton , Maria (1897-1985), Johan (1900-1965) og veslebroren Magnus (1905-1929). Magnus var maskotten. På alle bilde kan ein sjå det opne og blide skøyeranletet hans, han var nok muntrasjonsrådet i ein familie av alvorsame folk. Foreldra var Johannes Eriksen Granmorken og Oline f. Stenen. Anton seier aldri noko personleg om far sin i dagbøkene, han er kun nemnd i samband med gardsdrifta, eigentleg er han merkeleg fråverande. Derimot uttrykkjer han både bekymring og respekt for mor si. Ho var ei myndig dame, som blant anna var skuletilsyn på Brandstad skule og satt i menighetsrådet. Og det prega heile stemninga på garden når ho var sjuk Han nemner aldri at faren var dårleg, det var han vel iblant han og? At ho var streng, ser ein godt på bilde, oppsynet hennar er ikkje lystig, for å seie det slik, det stadfestar også mor mi, barnebarnet hennar.

Av dei seks syskena var det berre to som fann seg make og fekk etterkomarar. Karen gifta seg med Anton Klevstadbakken og fekk to søner. Emil var 40 år da han gifta seg med Nora, som han hadde treft medan han var gardskar hos Dr. Støren på Brandbu. Same år overtok han garden (1927). Der kom det etterkvart fem ungar: Johannes, Jens, Oddbjørg, Kirsti og Erik. Kirsti er mor mi. Maria hadde huspostar ymse stader gjennom livet. Ungkarane Anton, Johan og Magnus budde på garden. Dei arbeidde alle med måling, snekring og anna, og var mykje ute på oppdrag. Men i dei mest arbeidsintensive periodane på garden deltok dei i drifta. Det var vel rimeleg, sidan dei hadde kost og losji. Kor regulert dette var gjennom avtaler, veit eg ikkje. Kanskje var det berre naturleg å hjelpe far og bror. Alt tyder på at dei fire brørne var gode vener, for dei var mykje i lag i fritida også.

 

Dagbøkene tek form

Granmorken-karane var kjent for å «ha det både i ånden og hånden», det kjem godt fram i dagboka og. Dei var etterspurte handverkarar, og av treskjerarætt. Tradisjonen seier at den eldste brukaren vi kjenner til i Nørdre Granmorken, Erik Johannessen, skal ha arbeidd med utsmykkinga av Sødorp kyrkje, saman med Kristen Listad. Granmorkenbrørne gjorde mest kva det skulle vera. Dagboka nemner mellom anna snekring, bokbinding («Paa Solbraa og leveret bøkene jeg har bundet», 15.04.13), forgylling, fernissering, rosemåling, dreiing, treskjering, tapetsering, reparasjon av sko og selety («været sadelmaker til en gammel stadssele», (25.11.12), rammemaking («holder paa med rammefabrikat en gros», 22.11.17) og  innsetting av glasruter. Andre interessante notatar: «Reparert en fele» (17.03.15). «Snekret en likkiste til Sandbu» (31.05.15).( Den vart det alt bruk for i august, da Mathia Skogen dødde, kanskje låg ho sjuk alt i mai? Det er eit praktisk bondesamfunn vi får innsyn i!). «Snekret en gravstøtte idag» (30.08.15). «Skal forarbeide 2 st. Opstadvævstoler for Frk. Anne Haandshus» (17.03.29). «Lavet en veirmand til en agent fra Hedemarken» (07.04.14), «Saa malte vi endel paa «Bøndernes hus» Vinstra» (des. 34). «Holdt paa i Taarud paa Rævfarm-anlægget i godt 14 dage nu, sat istand beboelsesrum for røktersken» (02.10.29).

Når det gjeld oppdrag ute, er det mest ikkje den gard/bygning i Fron som ikkje er nemnt. Han målar og snekrar også på hytter, t.d. hos Johan Bojer på Sand, hos ein Hr. Wulf-Eng på «Skaaraalien», på Fagerli («malet samtlige hus i Fjeldro», 04.07.22), «holder paa snekre 2 st «himmelsenger» til Fru Aubert til Fagerli (04.07.36)). Han arbeider også fleire gonger på Winges sanatorium på Tretten. Anton og brørne blandar måling sjølv, og dei  held seg fagleg oppdatert. For eksempel ser det ut til at ryktet om farga på det nye kommunehuset på Ringebu har vekt interesse, for dei syklar dit ein søndag for å sjå: «Jeg og Emil tat os en sykletur til Ringebu idag og beset kommunelokalet der, farven da forstaar sig» (13.08.15). I 1913 skriv han at han har teikna med ein pantograf. Han besøker også Maihaugen, og har nok med seg mange skisser heim derifrå. I tillegg til arbeid for andre, lagar han ting både til seg sjølv og familien: «Tæljet på Marias skiemner», «lavet 12 st visper til Maria», «Begynt at snekre paa et hengeskap jeg vil gjøre mig», «Snekrer paa skapet – Det blir et stor-verk??» (haust 1911), «Snekret mig et bra hengeskap denne uke» (vår 1919), «skap til Magnus» (vinter 1926). Ein del av desse skåpa kjenner eg, og dekoren er prega av den nasjonale begeistringa rundt 1905 og 1914. Dei er solide, fargerike og dekorative.  Dørene viser norrøne gudar, krigarar med hest og skjold eller vikingskip for  fulle segl. Men han skjer også  akantus, og heldigvis for oss: han har for vane å skjera inn årstal.

 

Anton skriv ut mange bøker

Anton byrjar å føre dagbok som 18-åring, 1.januar 1911. Før det, veit eg lite om han. Men han er alt habil handverkar med mange oppdrag når vi møter han på s.1: «Holder paa snekrer en bokhylde, har det trabelt», vidare: «Snekret paa bokskap. Lagt inn 2 fotografier», «snekret paa bord til frk. Sandbu», «malet roser paa 4 trætallerkener». Han er også med bror Emil på målingsoppdrag rundt om på gardane i Fron. Etter at Emil overtek garden, arbeider Anton, Johan og Magnus saman i ulike kombinasjonar. Dei fyrste åra skriv han nokre ord kvar einaste dag, etterkvart slår han nokre dagar, ei veke eller meir saman, særleg når oppdraga borte varer ei tid. Det er tydeleg at dagboka er stasjonert heime, og at han heller oppsummerer når han kjem att. Men 1.januar 1919 tek han  ei avgjerd om at han ikkje treng å notere kvar dag, boka skal vera  «Dagboksoptegnelser over de viktigste begivenheder som foregaar og jeg deltar i, … da optegnelse for hver dag er overflødigt».

Han skriv om gardsdrifta (avling, talet på forlass i forhold til året før, vedlaging, tømmerkjøring, tresking, turar til mølla m.m.), familien, hesten Musin, hendingar i bygda og  kulturarrangement han deltek på. Sjølv om han les mykje, er verda lita, det er fyrst under 1.krig at verdssituasjonen er tema. Mest kvar dag er veret nemnt, det er naturleg, for på gard var det veret som avgjorde gode og dårlege år. Han skriv om seg sjølv, men mest kva han gjer, mindre om kva  han tenkjer, og ihvertfall ikkje om kjærleik og slike kjensler. Han reknar nok med at andre skal kunne lesa boka, så ein leitar fånyttes etter pikante detaljar. Men nokre kryptiske meldingar finst, og eg har prøvd å lesa mellom linene. Anton er flittig lånar i «boksamlingen i banken». Søndag er kviledag, – og lesedag. Mest kvar einaste søndag står det slik: «læst romaner», «læst romaner og dovnet», «læst aviser», «læst i blade og bøker, skrevet lidt», «læst i Dr.Gynt av R.Muss», «læst nesten i hele dag i «Kristianiaduft» av «Julius»», «læst Haakon Haakonsen, og mere», «læst og dovnet». Det hender han målar litt på kviledagen og, men ikkje i samband med arbeid: «Malet et landskapsbilled», «holder paa laver malerier», «malt litt kunstmaleri paa peispipen». Han har rett nok andre søndagsaktivitetar også: «Været på Vinstra og set paa travkjøring»(19.03.11), «Kastet paa stikken og andre tulrier», «Jaktet ikorn», «Jeg og Emil skudt paa blink med salonrifle»,«ved Laugen prøvet fisken», «Idag fik jeg og Johan en svær rusk av en fisk paa net ned ved Laugen den veiet 3 ¼ kg med indvold»(14.09.24)! Ivrig kyrkjegjengar var han ikkje, men han er der når det er noko spesielt: «Været i kirken, mange folk der idag, orgelmusik»(5.3.11), «Hr. Stiftskappelan Anker talte, kirken fuld til siste plads» (10.12.11), «Sogneprest Heggenhaugen holdt siste messe i Søtorp kirke idag, da han har søkt avsked»(23.06.18), «igaar blev den nye sogneprest (Nordrum) indsat i Søtorp kirke»(03.05.25).

 

Verda blir større      

I 1915  er han på «exis», og som for mange andre var det det store høvet til å koma rundt og sjå Noreg. Anton refererer begeistra at han har «faret land og strand», «til Ulven pr Bergen som led i nøitralitetsvakten», til Loddefjord, Skaalevik, Krabbedal og Voss, og med bergensbanen tilbake til Kristiania, «hvor vi havde en manøvre, hvori deltok hele regimentet ca 4000 mand». I løpet av krigen hadde han nøitralitetsvakt fleire stader, samt interneringsvakt på Jørstadmoen.

Transport blir lettare når bilen kjem til Ruste i 1925: «Det nye befordringsmiddel har nu holdt sit indtog i Ruste, da samtlige sætereiere paa Fagerli har kjøpt sig lastebil til transport av melk til meieriet, da det er meningen at meieriet skal gaa i sommer, den er kommet og begyndte fredag sin rute efter bygden»(20.5.28). Bilen tek også passasjerar, og dei kan leige han, som i 1933: «Idag vært paa Vaagaa paa ungdomsstevne, bilte med melkebilen for kr.3,00 tur & retur».

Toget er ei livsnerve gjennom dalen, og livet på stasjonen ein attraksjon, noko ein er bortover for å sjå, særleg når påsketuristane  og kongefamilien kjem. Men toget fraktar også varer, og med toget sender ein pasientar «i sykekurv»  (stasjonert hos Thorsheim) til sjukehuset på Lillehammer. I august 1925 er han på ein svær tur: «Idag har jeg og Johan vært paa Aandalsnes en tur, reiste fra Vinstra ved 9tiden kom tilbake ca ½ 12: Det var et slik billig ekstratog som var opsat fra Lillehammer, kostet kun 13,00 kr. Var et vældigt tog, med 2 lokomotiver og ca. 1000 passagerer». Dette var nok det nørdste Anton var i Noreg.

Kulturarrangement

Det eg tykkjer er mest interessant med dagboka er dei tilstellingane han er på. Nedteikningane vitnar om ei veksttid inna folkeopplysning, og eit rikt kulturliv i bygda. Anton ser ut til å delta på det meste, frå det seriøse («paa faaredrag i ungdomslokalet. R. Stauri talte om «planetterne»(30.04.11) til det kuriøse («en negerkomiker i ungdomslokalet» (07.05.11). Det er mange foredrag:

«Frk. Birkelands faaredrag … om avholdssaken»,

«Doktor Konaas faaredrag om tuberkulose»,

«Lærer Berg fra Kristiania talte om husmandsbevægelsen i Danmark»(1911),

«paa Seebergs foredrag… om idræt og grænsevakt» (1913),

«Hørt paa Ankers faaredrag om «Ungdom og kropsarbeid» interessant»(1913),

«paa Vinstra og hørt paa vandrelærer Rusten`s husflidsforedrag»(1914),

«hørt paa Anders Skredes foredrag om «Gjer heimen fager»» (1920),

«Lærer Li holdt foredrag om Irland»(1915),

«Lensmand Haanshus talte om en Pariserferd»(1915),

«foredrag av sogneprest Knudsen om Belgien, meget folk» (1920),

«faaredrag av generalmajor Holtermoen om krigen og freden m.m.»(1916),

«Redaktør av Sosialdemokraten talte om koperativ handel»(1920),

«paa cosialistisk foredrag av Martin Tranmæl»(10.5.20),

«Lars Osa holder faaredrag i ungdomslokalet ikvæld» (27.02.13),

«H.Haanshus talte om maalsaken»(1923).

Iblant kan foredragshaldaren utebli, og da er Anton rett så tørrvittig: «Været ved ungdomslokalet, da der var paalyst foredrag, foredragsholderen kom dog ikke, saa vi blev ikke klokere»! (05.03.18)

Ungdomshuset ved Tokvam er fast samlingsplass i helgene. Der er det, ved sida av foredrag, musikk, opplesing (også av han sjølv), dans, religiøs oppbyggelse, maskerade, korgfest, diskusjon (bl.a. om tobakk), basar og anna. Til dømes: «i ungdomslokalet paa «folkevisedans-opvisning» da de har hat et kursus deri ungdomslaget, lærer Oliver Beitmyren fra Søtorp, var flinke alle sammen» (27.02.27), «i ungdomslaget og set en saakaldt «tryllekunstner» meget folk» (01.02.14). Andre forsamlingshus er Sulheim, Lømo og Friheim.  Maskerade er populært i jula,og det er morosamt å lesa kva han og andre er utkledd som. «Paa maskebal i Sulheim, været indianerklædt- Tæt med folk som sild i en tønde» (2.1.13), «maskeret som vældig kriger med sabel ved siden» (07.01.16), «paa maskebal i kvindekostyme» (26.12.18) og «i taterkostyme» (27.12.19). Humoristisk kommenterer han eit ball slik: «Mange maskerede, og endnu flere i sine hverdagsmasker»! (07.01.16) Ein kan lesa mykje sosial- og kulturhistorie ut av kva inntektene frå basarane og korgfestane går til: «til vedligeholdelse av Søtorps gamle kirkegaard» (1911), «til arbeiderforeningen» (1912), «til hedningemissionen» (1912), «kurvfest til Forsvaret» (1915), «til sykepleierskeforeningen» (1917), «til indtekt for våre bygdesosialister» (1920), «til indtækt for elektrisk lys i kirken» (1924), «til skytterlaget» (1925), «til sykekurv for Ruste» (1929), «til gravkapel» (1933). Nokre gonger er inntektene retta direkte til personar, t.d. til «sykepleiersken». Det er også rørande når bygda slår ring om folk som har det ekstra vanskeleg, «kurvfest…til indtækt for de gamle og syke i Jordalen» (1920), «til indtækt for Hans Skindehaugen» (1922). Nettoen varierer, frå hundrelappen og oppover, og 291 kr. karakteriserer han i 1913 som «meget penge».

Eit variert kulturliv

På Vinstra er det kinoframsyningar: «Været paa kinematografforestilling paa Lømo, det var Kristi liv som blev fremvist»(17.3.11), «i Sulheim paa Kino «Sangen om den eldraude blomen» hedte filmen og var optat i Sverike»(27.10.24), «Kino i Sulheim iaften, var et svært godt stykke «Til sæters» som gik, optat i Valdris»(25.1.25), «kinoforestilling i Sulheim… det var «Kjørkarlen» av Selma Lagerlöf»(18.10.25), «i Sulheim paa «kino», det var «Trollelegen» som forevistes, et bra stykke»(17.2.28), «saa en storslagen film som het «Pompejis siste dage»(31.12.28). Kinomaskinisten  syklar, så iblant kan det gå i vasken: «Jeg og Emil  været paa Friheim og skulde se paa kinematograf, – men grundet omstendigheder blev der ingen forestilling. Manden med kinematografen kom nemlig ikke». Dette er i romjula 1911, og veret er «tindrende klart og koldt», det er truleg for kaldt for maskinisten? Elles er det  interessant å merke seg at han i 1923 går over frå  uttrykket «kinematografforestilling» til «kinoforestilling», og i 1924 til stuttforma «kino».

Anton nemner mange konsertar og teaterframsyningar. Han hører Paal Kluften fleire gonger, spelemannen samlar mykje folk: «Paa konsert i ungdomslokalet igaarkveld hvor Paal Kluften spilte paa fele, fortalte & sang, meget folk der»(14.12.19). Andre han nemner held konsert er Karl Brenna (9.2.13) og «Iverstuen fra Skaabu»(13.02.25). Amatørteater trekkjer publikum: «Jeg og Emil paa Friheim paa teater, det var et selskap fra S.Fron som spilte Ervingen og Apekatten. Meget morsomt» (8.4.12, 2.påskedag), «paa Vinstra og set paa skuespillet «Vækkeuhret», opført av mænd og kvinder fra Vinstra. Meget morsomt»(04.05.13), «i Sulheim og saa paa skuespillet «Paaskebrundt» blev opført av skuespillere fra Søtorp, morsomt stykke»(04.05.25). Han fortel ikkje støtt  kva stykke han har sett, men nemner alltid gruppa som spelte: «paa Friheim og set paa skuespil (fra Hundorpskuespillerne)» (11.03.16), «skuespil i ungdomslokalet av vore hjemlige skuespillere»(05.03.33). Det kjem også istand Per Gynt-stemne i denne tida, «med opførelse av Per Gynt & Hermendene på Helgeland. Saa paa Per Gynt som var meget bra» (juni 1928). Av andre stor-arrangement må nemnast 1912, 1914 og 1921: «Været paa Otta i Kringenfestlighederne – reiste fra Vinstra kl.10 fm pr jernbane – tilbake fra Otta 10 aften. Mange tusen mennesker samlet i Kringom. Dølatog m.m. Militær & Kongen, Statsministeren og m. andre høie mænd deltok. Smukt veir.»(26.08.12). «Idag 100aarsdag for Norges selvstendighed – Været paa Vinstra paa fest – Barnetog – Borgertog – Cykletog – Bal. En masse mennesker samlet»(17.mai 1914). «(Olsok) vært paa Hundorp i stor mindefest om Olav den Helliges krisning av dølene … for 900 aar siden, mange tusen mennesker samlet. En uheldig veirdag, da det blev regn meste av tiden. Kongen tilstede der»(29.07.21).

Nye medier

Både film, grammofon og radio kjem i Antons tid, og gjev mykje glede i fritida. Det  aller fyrste arrangementet han nemner, i februar 1911, er faktisk ein grammofonkonsert! «Været paa aftenunderholdning i ungdomslokalet (en gramofon) en mængde mennesker forsamlet». Postmannen, Post-Østen, er nok ein av dei fyrste som har eit slikt vidunder, og han held konsertar:

«Været paa Post-Østen-konsert hos P. Skindehaugen iaften. Han spilte gjennom 40 plater paa Gramofon, for en bra forsamling» (20.01.14). Anton kjøper grammofon som 30-åring: «Har drevet og spilt paa Gramofon idag, som jeg kjøpte av O.E. Hagen igaar» (07.10.23). Hagen dreiv butikken Tøftebua nedst i Kvikne, og Anton og broren Johan hadde måla der veka før. Nyttårskvelden 1936 skriv han at «Jeg og Johan kjøpte os «radioapparat» før jul, saa vi har hat underholdning hele julen av det»!

Sport

Sportsarrangement er ofte omtala, frå lokale skirenn i Ruste til nasjonale skøyteløp på Laugen-isen på Vinstra. Eg nemner berre nokre: «paa Vinstra og set paa skøiteløp, en mængde tilskuere, entre til isen 10 øre!» (11.02.12), «travkjøring paa Byhre, mange tilskuere» (16.03.13), «Jeg tok 2de præmie i hopløp, hoppet 16,5 m stod» (Skinnejordet, 07.03.15), «stort skirend i Rusthagejordet … først langrend, der knep jeg første præmie med tid 38 minutter»(15.03.14).

Fråhaldsaka

Anton engasjerer seg i fleire saker. Han sitt i basar-komitear, er med og stiftar «Ruste idrætslag», og er redaktør for ungdomslagsavisa: «var igaarkvæld paa ungdomslag, læste op lidt av «Rustværen» som jeg er redaktør av» (25.01.20). Han er kooperatør og stemmer Bondepartiet.

Men det er særleg fråhaldssaka han ivrar for. Om att og om att gjev han uttrykk for kor han mislikar brennevin og fyll: «Været paa ungdomslag … fyld & spetakkel hver gang det er noget samkvem der oppe!!», «kurvfest … mange berusede», «kaffelag i ungdomslokalet, meget folk samlet, deriblant en del skakke & skjeve», «noksaa meget fyld der», «fyld og uorden der», «maskebal i ungdomslokalet, hvor de var fulde, og slost saa de maatte kjøres til læge og lappes sammen igjen», «fyld og slaksmaal som vanlig der». Og : På eit ball i ungdomslokalet drikk ein mann seg «lukt ihjæl, rimeligvis paa hjemmebrændt sprit» (12.11.22). Etter dette får nok mange skrekken, for nyttårskvelden same år noterer han følgjande: «Var paa kaffelag i ungdomslokalet igaar kvæld, meget folk, svært ordentlig og stille der, næsten ikke berusede personer»! Anton er med og stiftar fråhaldslosje i Ruste. I 1914 dreg Elias Melvær rundt og talar om fråhaldssaka, og i Ruste er lærar Kvammen den ivrigaste i rørsla. Han er den sjølvsagte formann, med Anton ved sida. 28. november 1914: «Været paa Brandstads skolehus og tegnet mig ind i den vordende avholdsforening, fremmøt ca. 15 mennesker som blev med». Og i åra etter: «Jeg blev valgt til næstformand i laget», «Kvammen valgt som formand, jeg blev sekretær», «Kvammen paa eksis, saa jeg fungerte som formand», «Kvammen gjenvalgt som formand, jeg kasserer». Som kjent var det fleire avstemmingar om brennevinsforbod i denne tida, Anton har klart standpunkt: «Folkeavstemming om brændevinsforbud idag, været ivei og stemt brændevinet ned»! (05.10.19) Men eg merkar nok av dagboka at han etter mange år blir sliten av å kjempe i motvind, og at han skjønar at forbodet snart er ei tapt sak. Eg les ein resignasjon her: «Imorgen avstemming om forbud eller ei, igjen. Jeg vil ikke stemme nu» (17.10.26). Og like etter: «Forbudet blev nedstemt».

Løyndomar

Spreidd utover i 1911 og 1912 står dette: «Taget en beslutning», «lovet mig selv noget stort!», «Tat løfte om at betale 1 kr. Hvis jeg bryder mit løfte…» (dette er skrivi så smått at eg måtte ha lupe for å tyde det), «Har bestemt mig til noget jeg længe har tænkt paa». Kva er det han har bestemt seg for? Det blir sjølvsagt spekulasjon, men kanskje kan parentesen frå 27. mars 1913 indikere noko: «malet kufferten min (Amerikakuffert)». Snekrar du deg amerikakoffert, har du vel ein ein draum om å dra til USA eller Canada? Mange frå bygda utvandrar eller er over for ein periode, også næraste granne: «Idag reiste Emil Myrum til Amerika» (09.03.13). Kva hindrar han i å dra? Ei jente?  4.april 1913 teiknar han eit lite rektangel med fire bokstavar inni: I.E.S.B. Fyrste bokstav kan også vera J. Kan vi lesa «Jeg Elsker S.B.»?

Det blir aldri noka Amerika-ferd, og ikkje noka jente heller, i alle fall ikkje offisielt. I mai 1918 har han teikna ein slags vimpel i margen att, med initialane P.B.T., og han er mykje på Vinstra, utan å nemne ærend. Så går alt i svart, ingenting er morosamt, han går ikkje ein gong inn på 17-mai-ball på Friheim: «ikke inde jeg»! Han verkar deprimert heile våren og sommaren: «Været paa basar … vandt intet som vanlig», «»Været paa bal i ungdomslokalet, ikke rar morro der heller», «Ungdomsstevne paa Tretten igaar og idag. Jeg opsatte reisen dit», «Været ved Laugen paa fiske jeg og Johan. Blev gjennembløte av regnet, det var hele resultatet». Ikkje ein gong arbeidet får han til slik han vil: «Malet opigjen indskrift paa en gravfjæl som skulde guld-skrives, og som totalt mislykkedes». Ingen andre stader fortel han om arbeid som mislykkast. Seinare teiknar han også vimplar, med tal inni. Kva tyder det? Han har i alle fall gjort meg nysgjerrig.

Krig, naud, ulykker og sjukdom

Familien i Nørdre Granmorken var ikkje fattig, men hadde det heller ikkje feitt. Som gardbrukarar sleit dei for føda, og som handverkarar var dei avhengige av konjunkturane. Men dei hadde fordel av at dei var dyktige, og at dei kunne betale med eit skåp eller noko når dei ikkje hadde pengar: «…indsat gebis, …snekret et hengeskap for gebisset saa jeg slap bra fra det paa en billig maate»(1935). Krigen får verknader også i Ruste: «det er en underlig tid, verdenskrigen raser med umindsket kraft, alting stiger i pris» (31.12.15), «det er haarde og mærkelige tider, som den atfortærende krig har bragt ogsaa til vort land, dyrt og ikke at faa omtrent alting. Efter nytaar blir rationering indført, saa det ser mørkt ut» (31.12.17), «Et underligt aar igrunden, tvang og forbud i alle retninger, men nu er da krigen slut, maa vel det nye aar bringe andre tider igjen, dyrt alting, men mer at tjene ogsaa»(31.12.18). Optimisme, altså. Men ei anna ulykke rammar landet: «spanskesjuka»:  «Den saakladte «spanskesyke» raser nu i dalen overalt, mange døde, deriblandt K.Hvattum, H.H.Lie med flere. Har undgaaet den her hos oss endnu» (27.10.18). Familien mistar ingen i denne epidemien, og heller ikkje av lungebetennelse, som tek både gamle og unge: «Marit Gaarderløkken død av lungebetændelse forleden ca 30 aar gammel», «Herman Gudbrandstuen død denne uke av lungebetændelse i 30aarslderen» (båe i 1932), «Søn til Lise og Matias Havn døde for en ukes tid siden av lungebetændelse ca 4 maaneder gammel» (1933). Det er blindtarmbetennelse som slår ut Granmorkenbrørne. I 1923 blir Johan operert, og må ligge på sjukehuset på Lillehammer i 7 veker. I 1929 er det Magnus, og i 1935 han sjølv: «»Været paa Fylkessykehuset i 2 uker og faat operert vek blindtarmen … alt gik godt og vel».

Andres ulykker nemnest ofte, t.d. spring ein hest «løpsk i Bøebakken». Her går  det verst med hesten, som slår seg «ihjæl paa stedet», mens eigaren, O.Bryhn får «brukket nogle ribben» (03.10.11). Frå «musikforeningens aftenunderholdning» den 2. november 1919 utbroderer han voldsomt: «en pike fik sit ben brukket der, ved den aarsak, at nogen unggutter støtte hende av veien, hvorved hun faldt, med det sørgelige resultat»! Verre går det for Even Ødegaarden, som «kjørte sig ihjæl oppe ved Vold, han havde faat et tømmerlas over sig, og var død da folk kom tilstede» (31.03.20). «Ivar Teige forsvandt for otte dage siden … størst sandsynlighed for at han har gaat gjennom isen ved Joten som var svært daarlig grundet godveir» (25.12.32), «Ivar Teige blev gjenfundet i Laugen 3de juledag av Ole Joten». Følgjande er også kjent for mange: «Var folksomt i Loholet i disse dage, da den sørgelige tildragelse at Trygve Harildstad lørdagskvælden 17de havde kjørt sig lukt i Vinstra med hest og slede ovenfor øvre dam, saa drev folk og søkte efter ham samt nysgjerrige tilskuere. 22de indtraf nok en katastrofe, da 3 mand i en baat reiste utfor dammen, det var Petter O. Klypen, Ludvik Nystuen og Johan Bekken de to siste fra Kvikne» (25.02.34).

Magnus

Hadde eg skrivi denne artikkelen for familien min, hadde det vorte med mykje meir om foreldra og syskena til Anton. Men ein bror vil eg setja søkeljoset på også her, nemleg veslebror og solstråle Magnus. Det er 12 år mellom Anton og han. Fyrste gong eg las dagboka, trudde eg at Anton stadig laga ting til veslebroren. Det gjer han også, men det ser faktisk ut til at Magnus alt som 10-åring skjer ut trefigurar, og at Anton berre hjelper han med å måle dei: «malet lit smaatteri til Magnus idag»(1915), «malet en del utskaarne figurer til Magnus m.m.»(1917), «malet en del figurer til Magnus»(1918). Dei blir seld privat og hos Th. Lunde på Lillehammer: «Magnus sender imorgen en «sending» trefigurer til Lillehammer»(1919). Magnus er eit lyst hovud, og foreldra tek seg råd til å halde Magnus på skule ut over folkeskulen, han går «fortsættelsesskole»  og «middelskole»paa Furuheim frå 1920 til -23. Da Emil skal gifte seg, stifte familie og overta bruket, blir det for lite husrom  på garden, og Anton, Johan og Magnus bygger seg ei øvre stugu over eldhuset. Yngstemann er nok ivrig etter å få flytte inn: «Er nu saa ferdige med huset at vi kan flytte ind naarsomhelst, Magnus har begyndt at ligge deroppe alt» (26.05.27). Og her held Magnus fram med produksjonen: «Magnus driver stor træskjæring for Th. Lunde paa Lillehammer nu for tiden»(mai 29). (Anton og Emil leverte også dit livet ut. Det mest kjende produktet frå Granmorken var kopi av Listad-Raun, som finst på Maihaugen. Emils son Johannes, som dødde i 2005, gjorde også desse hestane).

Anton og Magnus bur altså saman, Johan har overtatt posten til Emil hos Dr. Støren på Hadeland, og så skjer dette, i juli 1929: «Tirsdag. Igaar maatte Magnus sendes til sykehuset paa Lillehammer for blindtarmbetændelse. Asbjørn Kongsli skysset med bil. Jeg og Olaf Myrum var med. Jeg kom hjem paaa kveldstoget idag, da operationen blev foretat idag og alt var bra da jeg reiste fra ham». Laurdag same veke: «Magnus døde idag kl 12 ½. Jeg har vært hos ham de to siste døgn. Johan kom fra Brandbu igaarkveld og vært hos ham til enden kom. Guds fred med dit støv velsignede bror». Desse orda har han laga svart ramme rundt. 19. juli 1929 er det gravferd: «Idag lagdes Magnus til sit siste hvilested. Kisten helt behængt med smukke kranse fra grander og kjenninger». 4.august 1929: «min tristeste gebursdag hittil, da var det nemlig jordpaakastelse på Magnus`grav». 31.desember 1929: «Vært et sorgens aar, da Magnus ikke er her iblandt os. Fred med hans minde». Broren vart 24 år gamal.

Seinhaustes same år kjem Johan heim for godt, frå arbeidet som gardskar på Hadeland. Frå nå av bur og jobbar han og Anton saman. Samstundes får Emil sin andre son, Jens. Det blir eit nært forhold mellom Anton og «småkarene». Etterkvart som ungane kjem trillande nede hos Nora og Emil, bur eldsteguten Johannes stadig meir oppe hos onklane. Det er sikkert avlasting for foreldra, men skuldast truleg like mykje omsorgsbehovet og sorga over broren frå Anton si side.

«De siste dager»

Våren 1937 får Anton kreft, men ordet blir aldri brukt. «Idag har jeg vært hos lægen, da jeg har vært lidt skral i lengere tid. Jeg led av blodmangel og fordøielsesbesverligheder» (30.07.37), «… blev sendt til Oplands Fylkessykehus 4. oktober, hvor jeg gjennomgik en større maveopereation. Maatte ha blodoverføring, som søster Maria stilte sig til disposition for, da hun havde det rette sort blod» (04.11.37). «Været et «svart» år for mig da jeg har gaat sykmeldt siden sist i juli» (31.12.37). «Det viktigste for mig er at faa bli helt frisk og arbeidsfør igjen» (01.01.38). Det er håp i desse orda. Men sjukdommen tappar han for krefter, og han skriv ikkje i dagboka att før i mars: «Jeg er fremdeles bare «skral», driver med lidt smaatteri nu og da, men er ingen arbeidskar endnu … Anne J. Sandbu er død og begravet i de siste dager». Slik tonar dagboka ut, med orda «de siste dager». Dei gjekk Anton inn i nå, han dødde 28.august 1938, 45 år.

Eit liv, ein lagnad, ei dagbok. Ei sorg over grandonkelen eg aldri møtte.

Redigert utdrag frå artikkelen  «Frå dagbøkene til Anton Granmorken» i Fronsbygdin 2006. Lagt ut første gong mai 2013

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s