Den fyrste som etablerte seg på Lomoen

Men gutungen Erling Rolstad måtte gå på fattigkontoret

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 12.30.53HANS ODENRUD: Far til Erling Rolstad gjekk konkurs, og for ein familie var ein konkurs den gongen ei langt meir dramatisk hending enn i dag. Famlien var sett heilt på bar bakke. Dei leigde fyrst eit hus i Nannestad, med også det vart for dyrt, og familien enda som det heitte den gongen «på forsorgen». Eit kaldt og trekkfullt loft vart bustad for to vaksne og fem ungar i tre år. Erling vart fødd i 1923.

I dei harde 1930-åra var det svært vanskeleg å reise seg att for den som hadde kome ut å kjøre økonomisk, for det var ingen faste sosiale ordningar og stor arbeidsløyse. Det einaste alternativet var å gå den tunge vegen til fattigkontoret.

For familien Rolstad var det ungane som fekk oppgåva å hente «lappar» dei kunne handle det aller mest nødvendige for. For å dekkje over fattigdomen gjekk dei gjennom skogen for ikkje å bli sett.

I 1933 kom familien attende til Fron, og etter kvart vart dei buande på Nedre Svartlykkja i Skurdalsgrenda.

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 13.37.44

Svart pil med 1: Nedre Svartlykkja da nye E6 vart bygd. Foto frå Gule sider

Det er underleg at erfaringar som kan knekkje ein person for livet, kan gje ein annan innsatsvilje, pågangsmot og energi.

Les meir om kva som hende etter at Erling Rolstad i 1947, 24 år gammal, hadde pengar nok til å kjøpe ein gammal lastebil av Trygve Wadahl.

I 1956 tok Erling Rolstad til å byggje verkstad med Shell bensinstasjon på Harpefoss. Det var eit ekspansivt sentrum den gongen med ei hytte med utsal for Krogenæs rett ved krysset. Skurdal brukskunst på andre sida av riksvegen og lenger nord Øyvind Hernæs med kafé, Esso bensinstasjon og sal av møblar, personbilar og motorsyklar. Sørjordet-butikken kom fyrst noko seinare.

Les meir om Øyvind Hernæs.

Sjå filmen om Ragnvald Krogenæs.

I andre etasje av den nye bilverkstaden var det bustad. I alt sysselsette nyetableringa sju mann. Om lag samstundes bygde Erling også bustadhus i Torehaugen ved Kilevegen. Huset fekk namnet Erlingrud. I 1963 var det også sett av ein dag til bryllup med Elisabeth Rossow frå Østre Toten.

Etter kvart vart verkstaden på Harpefoss for liten, og det var ingen plass til å utvide. I Lomoen var det plass, og her hadde kommunen lagt til rette for næringsutvikling. I 1966 vart det difor bygd ny, større og meir moderne verkstad for anleggsmaskiner. Faktisk var Erling Rolstad den første som etablerte seg i furuskogen på Lomoen. Også denne gongen med bustad oppå

Rolstadbygget på Lomoen. Foto: Foto: Per Ivar Dahlum/Dølen

Les kva Dølen skreiv i 2015 om utviklinga rundt Rolstadbygget.

Etter kvart vart det mange stor oppdrag. Sist i 1950-åra på vegen mellom Gudbrandsdalen og Valdres. I 1960-åra arbeid ved Ålfoten kraftanlegg og vegar på skytefeltet på Hjerkinn.

Her har Erling Rolstad vore. Og nå får dei ikkje fjerna vegen. Foto: Vigga.no

Ved inngangen til 1970-åra var det stort aktivitet, mellom anna med nye Strynefjellsvegen, ein stor parsell på nye E6 frå Langhus til Gardermoevegen. Den operative styrken til Erling Rolstad var  på heile 56 mann og ein maskinpark med stadig større, meir avanserte, men også dyrare maskiner. Ekspansjonen var nesten som ein eksplosjon, og slik det ofte går med verksemder i sterk ekspansjon, var likviditeten stram, og det var fare for konkurs.

Problemene var at både utgiftene og inntektene auka, men at det tok tid før pengane kom inn. Det var difor nødvendig med ein relativt stort driftskapital, men denne gong ville ikkje Fron Sparebank stille opp med lånefinansieringa. Redninga var Opplandsbanken, som hadde etablert seg på Vinstra i 1970. Entreprenør Erling Rolstad kunne halde fram.

Da Skurdal øvre nigard var til sals i 1969, kjøpte Erling og Elisabeth garden. Det er ein naboeigedom til Svartlykkja, der Erling budde som barn.

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 13.28.47

Den svarte pilen med 1 er Øvre Nigard Skurdal. Foto frå Gule sider

Frå 1970 til 1978 var det ein samanhengande byggeperiode, fyrst heime på garden og så på setra i Børkdalen.

Den store hobbyen gjennom alle år var jakt og fiske. Fyrst var det jakt på hare, seinare vart det elgjakt.

Erling Rolstad døydde 14. juni 2012.

I 1947 hadde Erling Rolstad skrapa saman pengar nok til ein gammal lastebil. Det vart starten på ei stor entreprenørverksemd. Han var aktiv i firmaet heilt fram til juni 2012, da han gjekk bort nestan 89 år gammal. Bilde frå familie og heimeside.

Redigert utdrag frå artikkel i Fronsbygdin 2012.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s