Monthly Archives: mai 2017

Da sauen trakka ned presten

Ei historie om korleis dei tok imot Guds mann i Skåbu

olstappen

Såg du noko til presten?

GEORG MEGAARDEN: Veslumgutane var tre brør, Per, Ole og Øystein. Per var den eldste og ser ut til å ha vore føraren deira. Dei levde på garden Veslum, som ligg ved osen av vatnet Olstappen. Dei førde ikkje nett noko gudeleg liv korkje i ord eller gjeremål. Til slutt vart det so gale at presten laut ta seg ein tur oppåt dei for å tala dei til rettes, men gutane hadde fått nosa i at han var ventandes og budde seg til å ta i mot han. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

17. mai 1940

Illustrasjonsbilete. Barnetog på Å i Lavangen i Troms 17. mai 1940. Heilt sikkert eit av dei få barnetoga i Noreg denne dagen. Foto: Steinar Nordmo.

Ole Chr. Risdal: 17. mai 1940 var sjølvsagt ein nasjonaldag heilt utanom det vanlege. Tyskarane hadde gått brutalt laus på det vakre landet vårt. Folk var i sjokk, panikken og kaotiske tilstandar rådde. Dette er viktig å tenke på når vi i dag kan feire 17. mai i fred og harmoni. Klipp miniatyrbilde

Med dette historiske klippet frå NRK vil Fron historielag ønskje alle ein riktig flott nasjonaldag! Gratulerer med dagen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Frigjeringsdagen

Frå 8. mai-markeringa i Kvam i dag. Midt imot ser vi krigsveteran Tor Sæthersmoen saman med Ole Brandvold og Hans Petter Kleiven. (Bilete frå Dølen)

Ole Chr. Risdal: Tradisjon tru vart frigjeringsdagen markert med kransepålegging og honnør på Kvam kyrkjegard og i Fredsparken. Les meir i Dølen. Sjå også NRK-programmet «Norge er atter fritt».

Skjermbilde 2017-05-10 kl. 11.49.58

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Ymse oppdrag under krigen

Arne Risdal  opplevde litt av kvart under krigen. Her under Jon Moens kommando, Heimevernet i 1956. (Frå Kjem du é haugKvam i bilder gjennom 120 år 2016). Øvst til høgre ser vi norske soldatar i Østre Gausdal i 1940 (frå Gudbrandsdalen gjennom krigsåra, Hovdhaugen). Under: Gloster Gladiator og det norske flyvåpenet under krigen (frå http://www.423.no/). Fleire av desse flya landa på Slangen i Skåbu i aprildagane 1940.

Ole Chr. Risdal: Arne Risdal (1923-2015) frå Skåbu hadde ymse oppdrag under 2. verdskrig. Under krigshandlingane i 1940 vart han og fleire andre skåbyggingar utkommandert for å hjelpe både norske og engelske styrkar. På dette lydkuttet fortel han om opplevingane sine. Her er det underteikna som har intervjua far sin.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Krig