Og sjå kva dei let etter seg, dei russiske offiserane
Russiske offiserar budde på Heggerud Gard på Harpefoss vinteren 1917-18, etter at dei flykta frå den russiske revolusjonen. Dei sette spor etter seg. Dei laga eit hageanlegg det er lett å sjå spor etter nå tidleg på våren. Bli med historielaget på hagevandring tysdag den 9. mai kl. 18.00. Arne Wadahl, gamlebrukaren sjøl, vil fortelje historia om tsaroffiserane og den gamle hagen. Knut Langeland, kjent hagehistorikar og plantespesialist, er med oss på vandringa og formidlar stoff omkring hagehistoria i Gudbrandsdalen. Du kan lese litt om historia her.
Kaffe og biteti i fjoset. Velkomne!