Triveleg årsmøte på Harpefoss

Knut Ulberg, Anders Nustad og Kåre Tveit får blomster av leiaren i Fron historielag, Ellen Steberg. Sekretær Eivind Holen til venstre.

Ole Chr. Risdal: Rundt 40 personar deltok på årsmøtet til Fron historielag på Folkets Hus på Harpefoss. Endring av medlemskontingenten og oppattaking av æresmedlemskap var noko av det som stod på agendaen. Anders Nustad (kasserar), Knut Ulberg (nestleiar) og Kåre Tveit (i styret for bygdatunet) vart takka av etter fleire år med flott innsats for historielaget. Britt Pernille Frøholm sørga for flott underhaldning med vakkert felespel: https://youtu.be/L_rxFyDR2LU

Under møtet blei medlemskontingenten auka frå 100 til 200 kroner. Det blei også fleirtal for å ta opp att ordninga med æresmedlemskap i historielaget med desse statuttane:

1.  Æresmedlemskap går til medlemmar som har gjort ein spesiell innsats for fremjing av lokalhistoriske verdiar.

  1. Styret har mandat til å utnemne æresmedlemmar. Vedtaket må vere einstemmig.
  2. Skrifleg forslag må vere historielaget i hende minst 4 månader før årsmøtet.

  3. Utnemninga foregår på årsmøtet eller ved eigen seremoni/jubileumsfeiring med    overrekkjing av diplom og blomster.

5.  Æresmedlemmen får livsvarig medlemskap i Fron historielag.

Nina Berge Rudi og Gunnar Lien går inn som nye styremedlemmar i Fron historielag. Velkomne skal dei vere!

Til slutt vart det kaffi, kaker, smørbrød og triveleg prat rundt borda.

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s