Monthly Archives: april 2017

Bli med til Heggerud!

Og sjå kva dei let etter seg, dei russiske offiserane

Skjermbilde 2017-04-30 kl. 08.34.02Russiske offiserar budde på Heggerud Gard på Harpefoss vinteren 1917-18, etter at dei flykta frå den russiske revolusjonen. Dei sette spor etter seg. Dei laga eit hageanlegg det er lett å sjå spor etter nå tidleg på våren. Bli med historielaget på hagevandring tysdag den 9. mai kl. 18.00. Arne Wadahl, gamlebrukaren sjøl,  vil fortelje historia om tsaroffiserane og den gamle hagen. Knut Langeland, kjent hagehistorikar og plantespesialist, er med oss på vandringa og formidlar stoff omkring hagehistoria i Gudbrandsdalen. Du kan lese litt om historia her.

Kaffe og biteti i fjoset. Velkomne!

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Kampane i Kvam 1940

Tysk framrykking forbi Vik. Bilde frå Tor Teigen/Kvam Historiske Forening

Ole Chr. Risdal: I dag er det 77 år sidan kampane i Kvam braka laus. Dette skulle bli det hardaste slaget i Gudbrandsdalen, mest truleg også i heile Sør-Noreg. 54 engelske soldatar mista livet, saman med tre norske soldatar og tre sivilistar. Om lag 70 hus brann ned, deriblant kyrkja frå 1775. I NRK-dokumentaren «Alliert og alene» kan du sjå meir frå dette blodige slaget: https://tv.nrk.no/serie/alliert-og-alene/kmte30001211/sesong-1/episode-2

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Vi må aldri gløyme 9. april!

Ole Chr. Risdal: I dag er det 77 år sidan det tyske angrepet på Noreg. No er vi opptekne av andre utfordringar og står overfor andre trugsmål , men uansett må vi aldri gløyme kva som skjedde med landet vårt den 9. april 1940. I og med at NRK og andre kanalar ikkje sender dokumentarar frå den 2. verdskrigen i kveld, legg vi ut linken til «Kampf um Norwegen». Dette er ein tysk propagandafilm vedrørande felttoget i 1940. Her kan vi blant anna sjå historiske klipp frå dei harde kampane i Kvam. Det er skremmande å sjå kor godt utbygd det tyske propagandaapparatet var, men det sørga iallfall for at vi har ein del autentiske opptak frå krigen! Vi kjem etter kvart med meir stoff om krigsåra i Fron.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Triveleg årsmøte på Harpefoss

Knut Ulberg, Anders Nustad og Kåre Tveit får blomster av leiaren i Fron historielag, Ellen Steberg. Sekretær Eivind Holen til venstre.

Ole Chr. Risdal: Rundt 40 personar deltok på årsmøtet til Fron historielag på Folkets Hus på Harpefoss. Endring av medlemskontingenten og oppattaking av æresmedlemskap var noko av det som stod på agendaen. Anders Nustad (kasserar), Knut Ulberg (nestleiar) og Kåre Tveit (i styret for bygdatunet) vart takka av etter fleire år med flott innsats for historielaget. Britt Pernille Frøholm sørga for flott underhaldning med vakkert felespel: https://youtu.be/L_rxFyDR2LU Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Det går mot springtida…

hest

Annonse 1947

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk