– Fron må aldri bli delt

blekastadEi intens røyst frå motsett kamp for 40 år sidan

AKSEL BLEKASTAD I 1976: – Fron er ei eldgamal kommune som aldri må bli delt att. Dei naturlege tilhøva taler mot deling, seier Aksel Blekastad i Skåbu, som vonar at dei høge herrar på Tinget tek til fornuft når det avgjerande spørsmålet om deling eller ikkje kjem opp før sommarferien. -Eg finn ikkje eit einaste føremon ved deling. Tenk berre på dei geografiske vanskapningane vi får att ved ei deling. Da Fronsbygdene vart delt i førre århundre etter å ha vore ei komune i uminnelege tider, vart det fleire gonger forsøkt med grenseendringar, men til inga nytte. Geografiske misfostre vart det same kva ein gjorde.

Samanslåinga av Nord- og Sør-Fron kommune førte til at vi fekk ei høveleg og godt arrondert kommune. Vi vart kvitt dei komiske grensane som ingen ville ha, og som ingen var tent med, og bygda står seg best ved å la desse geografiske vanskapningane ligge gravlagd, for ettertida.

Ta til dømes Espedalen. Ved ei deling att vil ungane frå Espedalen koma til å måtte gå på skole i ein annan kommune enn i heimstadkommunen. Dersom kommunegrensene blir dei same ved ei deling nå som før, vil Frons del av Espedalen bli tilhøyrande Sør-Fron. I dag går ungane på skole i Skåbu, og Skåbu vil vel nå, som da Fron tidlegare var delt, bli tilhøyrande Nord-Fron.

Dei sør-frøninger som ivrar mest for delinga, klager over avstanden frå sør i Lia på Hundorp til Vinstra. Som m det er noko å skrike opp om. Tenk på avstandene fra utkantar som Espedalen og Skåbu.

Eg var med i heradstyret for Senterpartiet da samanslåingsspørsmålet kom opp. Eg gjekk inn for at Fronsbygdene skulle bli ei bygd, trass i at det var to ting som talte imot, nemleg den sterke motstanden frå Sør-Fron, og det faktum at eg trudde Nord-Fron ville koma til å tape på det reint økonomisk. Vi høyrde at alt var så godt utbygd i Sør-Fron, og at Nord-Fron låg langt attende. Det viste seg å vere stikk motsett. Eg gjekk inn for samanslåing eine og aleine fordi eg meiner at dei to bygdene høyrer saman.

SP-representantane Tor Halle og Hans H. Bleken måtte tåle mykje kritikk da dei sa nei til deling i fylkestinget sist. Eg meiner den kritikken er ufortent. Eg var vore SP-medlem i 50 år og har støtt meint at det er høgt oppunder taket der i gården. Dersom ein skal få kritikk fordi en ikkje vil rote seg fast på et «prinsipielt mørkeloft», kan det vere mange som vil ta opp medlemskapet sitt til ny vudering. Eg vart skuffa over at så framståande personar som Ola Dahl og Lars Bjerke går inn for deling.

At sør-frøningane ser på seg sjølv som undersåttar under Nord.Fron er berre tull. Og kvifor snakke om deling når samarbeidet er så godt som det er? I dei to første periodane etter samanslåinga var det Nord-Fron dominans i kommunestyret. Nå er det Sør-Fron dominans, men samarbeidet går like greit. Eg forstår ikkje at sør-frøningane skal betrakte Sør-Fron som ein vasallstat under Nord-Fron. Skåbu er ein langt større utkant, men vi eksisterer her ôg.

Frå avisa Dagningen 24. april 1976

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s