Daily Archives: 26. februar 2017

Der hestane mista skoen

nr-98-ukjente-pa%cc%8a-besok-hos-kristian-og-pauline-hesteskobakken

Ukjende på besøk hos Pauline og Kristian i Hesteskobakken. Alle bilda frå Vegar Skar.

Husmansplassen Hesteskobakken på Harpefoss ligg i Husmannsåret 1978 til forfalls. Denne plassen, som blir delt i to av kommunegrensa mellom Nord- og Sør-Fron, var busett til etter krigen, men er nå gått inn under garden att. Hesteskobakken er ein av dei minst sju husmannsplassane som i si tid låg under Solbrå. Nokre plassar er utkjøpte, andre vart fråfløtte i siste halvdel av førrre århundre, da folk drog til Amerika og er forlengst gått inn under garden att. Hesteskobakken var den plassen det budde folk lengst på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar