Monthly Archives: februar 2017

Der hestane mista skoen

nr-98-ukjente-pa%cc%8a-besok-hos-kristian-og-pauline-hesteskobakken

Ukjende på besøk hos Pauline og Kristian i Hesteskobakken. Alle bilda frå Vegar Skar.

Husmansplassen Hesteskobakken på Harpefoss ligg i Husmannsåret 1978 til forfalls. Denne plassen, som blir delt i to av kommunegrensa mellom Nord- og Sør-Fron, var busett til etter krigen, men er nå gått inn under garden att. Hesteskobakken er ein av dei minst sju husmannsplassane som i si tid låg under Solbrå. Nokre plassar er utkjøpte, andre vart fråfløtte i siste halvdel av førrre århundre, da folk drog til Amerika og er forlengst gått inn under garden att. Hesteskobakken var den plassen det budde folk lengst på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Det var ein gong ein furumo…

k1Dette er eit bilde frå Norsk Skogmuseum (fotograf Sverre Hollum) med denne teksta:
«Utsikt over Lomoen i Nord-Fron kommune, sett fra en av Kongsli-gardene i 1960. Vi ser ned på den den gang store furumoen som hadde navn etter naboeiendommen Lo. I sonen mellom innmarka og skogen skimter vi fylkesveg 256, som går mellom kommunesentrene i Nord-Fron og Sør-Fron, Vinstra og Hundorp, i hovedsak på Baksida (vestsida av Glomma). Ute på furumoen skimter vi deler av elva Vinstra. Til venstre, om lag midt i bildeflata, ser vi noe av bebyggelsen i kommunesenteret Vinstra under Brakeberget, med gardene i Sødorpgrenda ovenfor. I forgrunnen ser vi noe av innmarka på Kongsli, typisk nok med høyløer i nederkant.»
– Her er ikkje alt rett, men det er i alle fall eit fint bilde, seier Paul Henrik Hage på FB-sida si.
Stein-Halvor Lunke skreiv: Hadde vore interessent å sett dette bilete samanlikna opp mot dagens situasjon. Jan Tore Espe la inn bilete: Ikke helt likt,men..fra 6.aug 2016:
k2

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Ny E6 i Sør-Fron!

Alt har vore framsteg ein gong

gammele6

Alle bilistar kan komme fortare fram nå. Frå avisa Gudbrandsdølen Laagen 4. juni 1972.

gl

2 kommentarar

Filed under Uncategorized