Mystikk i Skåbufjellet

Setra til Nordre Risdal. Måleri av Sigmund Hernæs.

Noko av setra til Nordre Risdal i Skåbu. Måleri av Sigmund Hernæs. https://fronhistorielag.com/2015/01/20/hernaes-kjente-landemerke/

Torger T. Risdal: Ein grå vintermorgon i fyrsten av 1920-åra, seig det to høylass smått om senn innover høgda frå Storhøli-setrene. Vegen synte ikkje, og det gjekk i små kvilar. Øykane var nøydd om å puste på titt og jamt. Dei var komne til setra i mørkninga kvelden før, og etter at dei hadde sett inn øykane, fyra opp og fått seg ein kaffiskvett og noko mat, tende dei lykta og drog sleden inn på låven og tok til å laste. Det var best å gjere seg ferdig slik at dei kom på heimveg att frå morgonen av dagen etter. Høyet var upressa og det var ikkje i snøggheita å få på eit lass. Det laut gjerast nøye og ein måtte passe på at lasset ikkje blei skakt slik at det ikkje velta. Reint gale var det nedover Snubblia med slaps og bratte kneiker. Elles var høyet smått, og ein laut vere påstelt med omlag, slik at ein ikkje skulle miste for mykje. Lasset laut ein gjorda både godt og vel for at det det skulle bli så støtt som mogeleg.
Mens øykane kvilte hadde karane god tid til å sjå seg om. Om natta hadde det kome litt snø og noko vind var det også. Over dei høgste tindane og toppane låg det eit skoddelag. Toppen på Skaget såg ein ikkje, noko som var eit sikkert merke på at det vart uvér. I dalbotnen strekte Vinstraelva seg så langt dei kunne sjå. Ho var islagt no, berre der ho var som striast var det enkelte plassar som isen ikkje hadde lagt seg over. Der såg ein at ho pulla stri og grøn, og det steig opp grå frostrøyk. Frå frostrøyken låg det eit lag med rim på dvergbjørkene og vidjekjerra eit godt stykke oppover frå elva. Ein rypestegg flaug opp og skratta like framfor føtene til den fremste gampen. Han svatt til og tok nokre steg framover, men stoppa likevel nokså fort. Men kva var det som rørte seg på den andre sida av elva? Det var noko som bevega seg i ein bjørkeholt oppe ved Storhølona. Snart synte det seg ein skilaupar som kom gåande nedover på andre sida av elva. Han såg ut til å ha tung oppakning og seig derfor djupt ned i den lause snøen for kvart steg han tok. Karane, som var far min (Torgeir) og bror hans (Håkon), undra seg sterkt over kva slags kar dette kunne vere. Det låg veidarar borti Vinstervatna, men dei hadde skirenna si over Storhølona og gjekk om setrene av di det var god køyreveg der. Av og til drog dei med seg ein skikjelke full med rype, da dei visste at høykøyrarar kunne ta den med seg.
Men denne karen såg ikkje ut til å ville gå den vanlege vegen. Han gjekk og jabba i laussnøen langs elva så langt dei kunne sjå han. Da karane kom nedi Eldbjørgsbuin, satt det fleire «morkekare» som var innom hos Mari og Hans Buom. Der fekk dei seg ein kvil og ein kaffidråpe, og det vart prata om denne karen som dreiv i laussnøen nedmed Vinstraelva.
Dagen etter kom løysinga på gåta. Da kom det ein telefon frå Anton Fosse, styraren på Samvirkelaget.

Han kunne fortelje at denne karen var Mikkjel Fønhus. Han hadde kome over frå Valdres. Det hadde vorte mørkt og dårleg vér da han heldigvis hadde gått seg på ei hytte som han såg seg nøydt til å bryte seg inn i. Der hadde han funne namnet på eigaren, og far min hadde oppsynet med hytta.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Menn, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s