Eg håpte det snart ville kome eit nytt gravøl

Historier frå ein barndom på eit av dei dårlegaste bruka i Sødorp

øyakleiva30

Øyakleiva omlag  1930. Foto: Pål Kluften frå Paul Henrik Hage: Gamle bilde frå Sødorp

OLA KLÅPBAKKEN: Øyakleiva heiter eit lite nedlagd bruk øvst oppe i Sødorp. Dette er barndomsheimen til Magnus Været, og her budde han fram til 1957. Då vart bruket nedlagt og fråflytta. Fredag 28. juni 1929 kom dei nye eigarane til Øyakleiva. Det var Marie og Halvor Været med tre ungar, to kyr og ein kalv. Magnus var då tre år. Ho Martha, syster hans, var fem år, og bror han , Ole, var berre eitt år.

klåpb

Magnus Været. Teikning: Ola Klåpbakken

Tina Kleiven, som dei kjøpte bruket av, flytta ut og busette seg oppe i Kleivsetra, eit stykke ovanfor Øyakleiva. I 30-åra, da Magnus voks opp, var det stor fattigdom, og Øyakleiva var blant det dårlegaste bruka i Sødorp. Bruket mangla totalt det ein kan kalla veg, og ein måtte ta seg ned det bratte og skremmande gjelet, Loppet, der det på det smalaste den gongen berre var 1,2 meter. Her måtte Magnus og syskena hans gå når dei skulle til skulen, når dei gjette geitene, og når dei frakta mjølka fram til vegs.

11379141_1443595799297043_318471866_n

Loppet. Bilde frå Photosh#sødorp

-Det var nok ikkje så greit for mor å flytte til Kleiva. Ho kom dit heilt ukjend, og dei fyrste par åra var far mykje borte på arbeid. Han var heime berre annan- eller tredjekvar helg, og mor vart mykje åleine med oss borna. Det var stor stas når vi venta far heim, og da vanka det som regel eit og anna godt, fortel Magnus.

Magnus legg ikkje skjul på at oppveksten i Øyakleiva var prega av fattigdom, og ungane laut tidleg hjelpe til i det daglige arbeidet. I tillegg til kyrne hadde dei også geit, på det meste omlag 35, og ungane fekk arbeidet med å gjete. Mor til Magnus var flink med grønsaker. Ho dyrka gulrøter, lauk og mainepe. Dei dyrka også noko korn.

-Vi svalt ikkje, men vi fekk ikkje, slik som i dag, velje kva vi ville ha til middag. «Dette likar eg ikkje, eller det vil eg ikkje ha,» det var ukjente ord for oss. Eg beundra ho mor for korleis ho alltid greidde å få til noko brukbart med dei midla ho hadde å rutte med. Er det rart at det er med andakt eg høyrer songen «Gryta hennar mor»?  spør Magnus.

-I dag skal det vere vekeløn og laurdagsgodt. Lommeskilling var ikkje funne opp den gongen, men laurdagsgodt, det hadde vi. Mor baka alltid kveitekake om laurdag ettermiddag. Dersom far var heime, var han også med i fjoset. Når vi ungane høyrde det gjekk i fjosdøra, var vi snøgt bortpå kaka og kjende om ho var kald nok til å skjere av. Når så mor og far kom inn att, vart det ei kosestund med fersk kveitekake, mjølk og kaffi, minnast Magnus.

-Den gongen vi kom til Kleiva, var det to bruk der, det var Øyakleiva og Kleivland. I Kleivland budde det ein gamal einsleg kar med namn Ludvig Skar. Han hadde det svært fattigsleg. Det var steingolv i halve stova, og det var kvitrima om vinteren når det var kaldt. Senga hans var eit kapitel for seg sjølv, med ein trestokk til hovudpute, og elles berre filler til sengeklede. At han ikkje fraus i hel om vinteren er ei gåte. Han Ludvig hadde fått den origiale idéen at han var så lang i føtene at han ikkje kunne kneppe buksehenglene bak, difor tok han hengslene over nakken og knepte dei framfor. På den måten vart han temmeleg sidræva. Nå for tida har vi vel alle sett ungdomar av dette slaget, «saggere», men eg vil påstå at eg såg ein av dei fyrste, seier Magnus med eit glimt i auget.

902776_476856929052638_147551265_o

Kleivsetra 1960. «Ho Tina var kolossalt overtruisk og fortalde mange skrømthistorier der.»

-Han Ludvig var elles godlynt og snill med ungane, og eg kan hugse at vi fekk den fyrste juletrestasen av han. Ho Tina, som flytte opp i Kleivsetra, var også snill og godhjerta. Da eg var stor nok, var eg ofte der. Ho var kolossalt overtruisk og fortalde mange skrømtehistorier. Det var nok mange gonger eg var redd på vegen heim att, når eg hadde sete så lengje at det haddde vorte mørkt, sier Magnus.

I sjuårsalderen fekk Magnus sin fyrste kamerat, det var Erling Skar. – Vi vart mykje i lag i åra framover. Han Erling hadde båe besteforeldra sine liggjande til sengs, det var Ane og Amund, som var sengjeliggjande i 12 og 13 år. Det var ved senga hennar Ane at eg og Erling lærte å spele femkort. Ho Ane prøvde å gjere nytte for seg sjølv om ho låg til sengs, og mor til Erling ga henne ulike gjeremål. Det kunne vere eit traug med tarmer som skulle plukkast for feitt, eller det kunne vere ein sandbakelsdeig som skulle i formene. Nå var ikkje reinsemda så nøye den gongen, og ho Ane røykte kritpipe og brukte skråtobakk. Når ho så hadde stappa i nokre sandbakels, måtte ho ha seg ein røyk, og det hadde ikkje eg og Erling noko imot. Etter at ho hadde karva skråtobakk og herja med pipa, vart ho skikkeleg svart, men det var aldri på tale å vaske seg. Når ho så byrja å stappe i kakeformene, vart dei fyrste skikkeleg svarte. Etter at sandbakelsene var steikte, plukka mor til Erling utor dei svarte til Erling og meg. Og det var riktig gode, minnast Magnus.

-Ho Ane og Amund døydde nesten samstundes og vart gravlagde på same dag i mars 1936. Eg var med far min i gravferda, to heile dagar til ende. Så mykje god mat hadde eg aldri sett før. I det gravølet åt eg mange ting eg ikkje visste kva var, eller kva det heitte. I alle fall hadde eg hatt det så gildt i desse to dagane at eg kanskje håpte det snart ville kome eit nytt gravøl, seier Magnus med eit smil.

-Som sjuåring måtte eg byrje på skulen. Den fyrste vinteren gjekk eg saman med syster mi, etter det gjekk eg åleine. Skulevegen var lang og tung, og gjennom Loppet var det slett ikkje ufarleg å gå, særleg når issvullane hadde lagt seg. Om vinteren laut vi gå avgarde i bekande mørke, og mørkt var det når vi kom heim att. Vinteren 1933, same året som eg begynte på skulen, fekk far giktfeber og vart sengjeliggjande i fleire veker. Det var ein hard og vond vinter, og far vart aldri den same etter dette, seier Magnus.

-Det er sikkert ikkje mange i dag som har prøvd å bruke tønnestaver til ski. Dei fyrste skiene eg hadde, var tønnestaver med påspikra tåband. Dei var utruleg glatte og greie på den måten at det kom på eit ut kva som var framme og bak. Då er byrja på skulen, ønskte eg meg inderleg eit par ordentlege ski, og eg hugsar godt ein dag eg var med far min hos Kari og Rønnaug Rusten. Eg var såpass stor at eg var med og drog bågåsaga. Oppunder taket i skålen fekk eg auge på eit par fine ski, og fekk ikkje augene frå dei. Dette la ho Kari merke til, og da vi skulle gå att om kvelden, fekk eg skiene. Det var den største gåva eg til da hadde fått. Dagen etter sto eg tidleg opp, laga meg ein hoppbakke og dreiv på og hoppa heile dagen. Men i mørkninga datt eg og braut av eine skia. Da vart det stor sorg. Og eg som hadde tenkt å kome til skulen dagen etter ned nye fine ski, sier Magnus.

-Dette var litt av det eg kan minnast om oppveksten i Øyakleiven i tredveåra. Det var tronge kår, men trass alt så hadde vi det godt, og eg ville ikkje ha bytt med nokon, seier Magnus overbevisande.

Dølen 11. januar 1998, henta frå Paul Henrik Hage Facebookside: Gamle bilde frå Sødorp.

Publisert her første gong . april 2016

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s