Anfinn Bøe – ein hardhaus utanom det vanlege!

bøe

Arnfinn Bøe. Bilde frå Tove Annethe Bøe (MyHeritage)

Anfinn Bøe (1895-1979) frå Nordgard Bryn i Ruste var ein hardhaus som det framleis går gjetord om. I 1975 laga Oddmar Myrum ein reportasje om han i Gudbrandsdølen. Her kan du lese om utrulege episodar frå arbeidslivet og ikkje minst opplevingar under den andre verdskrigen. 

Hardhuda frøning med uhyggelege krigsminne
Alle tykkjer at krigstida frå 1940 til 1945 var ei fæl tid som dei ikkje vi ha opp att, iallfall er dette eit vanleg syn blant dei som opplevde krigen på ein eller annan måte. Likevel opplever vi at det står fram grupper i samfunnet som i større eller mindre grad byggjer på prinsippet om våpenmakt og terror. For dei unge i dag er krigen berre historie akkurat som 1. verdskrigen var det for oss som var unge i 1940. 30-40 år er lang tid, og det er naturleg at det vonde kjem på avstand. Men har vi som hugsar noko av det krigen førte med seg, lov til å gløyme det heilt? Har vi heller ikkje plikt til å gjere alt vi kan for at vi ikkje skal få det opp att. Folk som heilt sikkert ikkje gløymer det, er dei som sat i tyske og norske fangeleirar under krigen, og som fekk kjenne på kroppen korleis dyret i mennesket mange gongar tek overtaket.
Anfinn Bøe i Ruste var ein av dei som fekk eit ufriviljugt opphald bak piggtråden og som kan sjå attende på to julekveldar i fangenskap. – Eg er på ein måte glad for at eg har opplevd å vere krigsfange, seier Anfinn. – For når ein har opplevd djevelskapen på eigen kropp, kan ein vurdere og dømme krigstida på ein annan måte enn dei som skriv om det etterpå. Hadde eg ikkje sjølv hatt denne opplevinga, ville eg ha sagt at mykje av det som er fortalt, måtte vere sterkt overdrivi. Nå vil eg påstå at det meste av krigslitteraturen er pynta på meir enn rett er. Slik vi opplevde det, var det systematisert råskap og ope vanvørnad for menneskeverdet.

Ikkje sentimental
Anfinn Bøe som seier dette, har aldri vore nokon sentimental stymper. Han har tvert imot vore ein hardhaus utanom det vanlege, og han møtte også tyskarar og nazistar med deira eigne våpen så langt det let seg gjere. Dei som trudde dei skulle presse opplysningar ut av Anfinn, hadde ikkje hellet med seg. Han hadde vore borti ei og anna hardkule før, som da han braut foten på tre stader og fekk gipsbandasje frå okla til hofta, men tok tollekniven sin og spretta opp heile bandasjen på veg heim frå sjukehuset, og laga si eiga spjelking så snart han kom heim. Eller den gongen han køyrde lok i tunnelen på Vinstra-anlegget og slo hovudet opp i ein fjellknatt så hårgarden følgde med bakover. Anfinn tok berre tak i huva, drog ho på plass og køyrde skiftet ut. – Men da hadde eg litt av ein hjelm da eg kom heim, for luva sat så fast i blod og hår at var berre så vidt eg fekk ho av meg, seier han. Anfinn er også truleg den einaste som har rygga ein lastebil frå Vinstra til Skåbu. Dette var også i samband med anleggstida. Det skulle fraktast mykje utstyr til Olstappen, og ein gong var det noko som tok så mykje plass at dei måtte hekte saman to lastebilar. Lastebilen som Anfinn skulle køyre vart rygga inntil den andre, slik at ein på den måten fekk forlenga planet. Han presterte da å stå på stigbrettet medan han manøvrerte denne spesielle kortesjen heilt til Skåbu.
Å nei, han hadde nok vore borti mangt eit «tredjegrads-forhør» som gardbrukar og transportsjåfør før «herrefolket» fekk tak i han.

Arrestert
Det var forresten julekvelden 1942 at han vart arrestert fyrste gong. Han hadde vore ute i skogen og var nettopp komen heim og hadde fått sett inn hesten da ein bil kom svinga inn på gardsplassen, og ut hoppa eit par tyskarar og ein norsk nazist. Så snart dei fekk vete at det var Anfinn Bøe, vart han kommandert inn i bilen. Det vart ikkje eingong tid til å gå inn med stallnøkkelen eller å seie frå til kjerring og ungar at han måtte ut og reise sjølvaste julekvelden. – Eg var da skulda for å ha våpen og radio, seier Anfinn, og det var nok mykje i den skuldinga. Hadde dei gått inn i bygningen, hadde eg truleg fått verre medfart, for oppå loftet stod ei mitraljøse montert med patronbelte og alt, og på eit bord ved senga mi stod radioen.
Saman med to andre frøningar vart han så frakta til Hamar, og vart verande der i tre månader utan noko forhøyr. Sidan gjekk ferda til Bretvedt der det vart tre månader til, og der vart det fleire forhøyr, men aldri tortur. – Derimot var dei svære til å kome med trugsmål om både det eine og det andre. Eg hugsar ein gong ein tyskar som stod og sikta på meg med pistol under forhøyret. «Berre skyt du gut», sa eg til han, «for slike karar som du råkar ikkje likevel». Dermed vart han så paff at han tok ned våpenet. Mesteparten av tida eg var der, dreiv eg og saga ved og fekk såpass med mat at eg ikkje skulle svelte i hel. I juni 1943 fekk eg reise heim utan nokon dom.

Nazi-spjeling
– Men så like før jul 1943 kom lensmannsdrengen på Vinstra, ein liten nazi-spjeling med schæferhund, og henta meg på nytt. Det galdt det same som før med våpen og radio, men i tillegg hadde eg rundjula ein nazist i bygda og fått karakteristikken «livsfarleg». Nå vart eg også sendt til Hamar først og vart der eit par døger. Men så vart eg sendt til Victoria terrasse, og der vart det mange og lange forhøyr før eg vart overført til Bretvedt. Og nå brukte dei barskare metodar. Sparking og slag med gummibatongar var ein del av forhøyra.

0-460x348

Victoria terrasse var hovudkvarteret til det berykta Gestapo under den andre verdskrigen. Her foregjekk det brutale forhøyr med grufulle torturmetodar. Dei allierte foretok to mislykka bombeangrep på hovudkvarteret, eit i 1942 og eit i 1944. Resultatet blei 113 drepte, deriblant 84 sivile nordmenn. Her frå reparasjonen etter det fyrste angrepet. Bygningskomplekset fekk berre mindre skader båe gongane. Bilete frå frihetskamp.no.

Dei heldt fram med å hente meg ned til Victoria terrasse til forhøyr også etter at eg kom til Bretvedt. Siste gongen eg var der, rekna eg med at det var slutten. Ein norsk nazist sat ved eit bord og skreiv på maskin medan han stilte spørsmål. Eg stod ved bordet, og ved sida av meg stod eit par tyskarar. Da eg tykte forhøyret vart altfor meiningslaust, bøygde eg meg fram, greip tak i skrivemaskinen og dreiv ho i andletet på nazisten det eg var kar om. Det siste eg hugsar før eg sovna etter eit batongslag, var at skrivemaskinen heller ikkje hadde tola samanstøyten med nazizsten. Da eg vakna att var eg på Bretvedt, og underleg nok høyrde eg ikkje meir om denne episoden. Men eg skulle sjølvsagt likt å ha sett kva slags avtrykk det vart i fjeset på han som forhøyrde meg!
Utpå haustparten 1944 vart eg sendt til «Quislings hønsegard», det som seinare vart Berg Arbeidsskole. Ei stund etter, den 28. november, fekk eg dommen: To års straffearbeid i Tyskland. Dermed vart vi gåande og vente på å bli sendt, men det var vanskeleg å få båtar til frakta av fangane, så den reisa vart ikkje noko av. Men dei sende 700-800 jødar frå leiren etter at vi kom dit, for der var det liksom ventestasjon for jødane som skulle til Tyskland. Eg hugsar eg såg den jødefamilien som var busett i Fron, men det var sjølvsagt ikkje tale om å få tale med dei.

Godt og vondt i «hønsegarden»
– I «Quislings Hønsegard» vart eg verande til frigjeringa, fortel Anfinn, og her fekk vi sikkert ein god forsmak på korleis livet i ein leir i Tyskland ville bli. Spark og slag høyrde dagane til. Det var straff for alt mogleg, og det var hard straff. Vi budde i ei brakke og var stuva 36 mann inn på eit rom. Det var om lag 30 cm mellom sengene som det var i tre i høgda av, så det var skrøpeleg trangt. Svært dårleg luft var det også når så mange skulle sove i eit slikt rom. Eg tok sjansen på å opne eit vindauge ved senga mi ein dag. Dermed dukka ein av sjefane opp og let det brutalt att, og så gav han seg til å kjefte meg opp. Eg vart sint og fika til han, men det kosta meg dei fire verste døgra eg har opplevd: fire døger i vasskjellaren. Dette var i februar, og det var rått og kaldt ute. «Vasskjellaren» var eit rom i kjellaren, og det kunne vel vere fire-fem meter i firkant. Så var det fylt vatn i rommet slik at det stod om lag 75 cm over golvet. Heilt mørkt var det og døra var høgt oppe på slette veggen. Dit vart eg kasta saman tre andre, og skulle vere der i fire lange døger. Dei to fyrste døgra heldt eg meg ståande, men så greidde eg ikkje å halde meg oppreist lenger og måtte setja meg, og dermed vart det stort sett berre hovudet som stakk oppom vatnet. Ein gong om dagen vart døra opna, og vi høyrde ei stemme som sa: «Her er mat til dere, gutter.» Dermed hamna nokre steinharde brødskalkar med eit plask i vatnet omkring oss. Men det verste var stanken. Vatnet i rommet hadde ikkje vore skifta sidan dei tok det i bruk, og var derfor reine kloakken. Eg hadde ikkje fått ned matbiten i dette rommet, same kva det hadde vore. Da eg kom ut att etter dei fire døgra og kom ut i sola, datt eg over ende og var borte ei stund. Og til dette opphaldet stod det støtt folk på venteliste.

BERG_GARD_img2

Berg Arbeidsleir ved Tønsberg. Oppretta av det NS-kontrollerte Statspolitiet i 1942. Hovudintensjonen var å samle alle mannlege jødar, men etter kvar vart også kvinner og barn sendt hit. I alt blei 227 jødiske menn deportert frå Berg til dødsleiren Auschwitz i Polen. Berre sju av desse overlevde. Seinare blei det også sendt politiske motstandarar av naziregimet til Berg. I daglegtala fekk leiren namnet «Quislings hønsegård» fordi jøssingar og andre nazi-motstandarar brukte hønseringar som protestmerke i norske farger mot dei nazistiske styresmaktene. Hønseringar er små fotringar for merking av høns. Quisling bestemte seg derfor for å opprette ein «hønsegård for desse hønsehuene» på Berg. Berg er i dag eit såkalla lågrisiko-fengsel. Bilete frå aktive-fredsreiser.no.

Stinkande suppe
Eg var også vitne til ei anna hending som eg aldre gløymer, seier Anfinn. – Det var ein fem-seks prestar mellom fangane, blant anna domprost Kornelus i Stavanger. Han vart ein dag sett til å reparere eit brakketak, men han hadde svakt syn og greidde kanskje ikkje arbeidet slik sjefane ville ha det. Dermed vart han dregen ned av taket og bortover marka til dei kom bort til griseløkka. Her hadde grisane gått og trakka i møkk og blaut gjørme i lang tid, så det var som ei stinkande suppe. Dei tok domprosten mellom seg og heiv han opp i gjørma med streng ordre om å åle. Og da dei tykte at han hadde hovudet langt nok ned, hoppa ein av vaktmennene over gjerdet og sette foten på hovudet hans så han fekk det under. Det vart eit fælt leven blant fangane som såg det, men dei kunne ikkje gjere stort med væpna vakter rundt seg.
Men vi hadde også brukbare dagar. Eg vart sett på vedhogging eit stykke unna leiren, og det var ikkje så verst. Bortsett frå at vi hadde tynne papirklede og var godt som strømpelause i vinterkulden, gjekk dagane fort. Før jul og etter jul var det lite mat, men Heimevernet og Røde Kors smugla ut matpakker til oss i skogen, så vi kunne ta med eit par skiver heim til andre på rommet også. Men det var nok rykta om at krigen gjekk mot slutten som heldt motet oppe hos mange av oss. Eg skulle fint ha greidd å rømme frå arbeidet, men eg tenkte på dei som var att heime og som sikkert ville få lide for det. Men eg vart bas i arbeidsgjengen og fekk vere såpass åleine at det kunne nok ha gått å kome seg bort. Vaktsjefen var ein gammal tyskar som var svært menneskeleg, og han åtvara oss: – Pass dykk for dei yngre tyskarane som er opplærde i Hitler-regimet, sa han. Eg fekk oppleve ein julekveld i «Hønsegarden», og da hadde vi det bra. Ein av dei som hadde gjort mykje for fangane denne kvelden, var meieristyraren i Tønsberg. Han hadde greidd å skaffe ekstra mat til oss. Og alle på brakka, om lag 100 mann, fekk da vere i lag. Det vart andakt og juleevangelium, det vart sangkor, opptreden av revykunstnarar og tryllekunstnarar til langt utover kvelden. Til og med juledagseftan hadde vi ekstra tilstelling.
Oppreising
Utover våren var vi opptatt av det vi vona ville kome og som kom, frigjeringa. Men sjølv da kunne det ha vorte ein tragedie. Det var smugla inn våpen i leiren, så vi hadde vel om kring 80 automatvåpen, og mange av fangane var så sinte på vakter og sjefar at dei ville ta dei av dage. Men der greip biskop Smemo inn og fekk roa gemytta, elles hadde nok mange reist frå leiren som mordarar.
– Eg fekk likevel ei form for oppreising før eg drog, seier Anfinn. Eg fekk vere att og vere med på å kle av sjefane uniforma og få dei i fengsel, og det var rart å sjå kor stakkarslege mange av dei var da det gjekk opp for dei at dei ikkje lenger hadde det sterke tyske krigsmaskineriet i ryggen.

I dag har Anfinn Bøe slått seg til ro heime på garden. Han blei enkjemann i 1972. Kona heitte Petra (f. 1898) og kom frå garden Spjotum. Til saman fekk dei 13 barn. Anfinn var i full aktivitet i eit entreprenørfirma i Oslo til han var 79, men så slo ein gammal hofteskade seg vrang, så han måtte gje seg. I haust fylte han 80, og bur nå i ei koseleg campingvogn han har hatt dei siste fem åra. – Her er det betre enn i nokon trygdebustad når ein er att einsleg, fortalde Anfinn Bøe til Oddmar Myrum i 1975.

Publisert her første gong 27. juni 2016

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig, Menn

2 responses to “Anfinn Bøe – ein hardhaus utanom det vanlege!

  1. Wenche Moen

    Bildet er av Ola Moen, ikke Arnfinn B.

  2. ocri2013

    Det er retta opp nå. Takk for kommentar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s