Ho vart aldri som ho skulle att

Slik gjekk det med ei ualminneleg vakker jente i Vendalen

thale1956x818

Ho vart aldri som ho skulle att etter denne haugtakinga. (Poster til den norske skrekkfilmen Thale, (2013) bygd på folkelore og huldrehistorier)

IVAR SVELLE: Det var ein gong ei ung budeie som stelte på setra for det bruket ho var på. Det var innpå ei seter som heitte Vendalen. Det var omkring 30 setrer der den tida. Denne jenta skulle vera så ualminneleg vakker. Ho var raudleitt og slank som ei lilje. Ho var så snill og omgjengeleg at alle var vedunderleg glade i ho. Men så var det ein morgon. Dei andre budeiene hadde mjølka, og så vart dei vâr at var så besyndeleg stilt oppå setra der. Så var det eit par budeier som gjekk oppover. Da dei kom nærare, fekk dei høyre at kua rauta, og da fekk dei bange anelser. Jau, da dei kom opp, så var kua mjølka, dørene sto opne, og budeia såg dei ikkje. Ja, så tok dei til å sjå omkring husa der og kanskje litt vidare etter ho, men dei fann ho ikkje. Så rådførde dei seg med dei andre budeiene og begynte å leite meir, men forgjeves.

 
Det var ikkje anna råd enn at dei sende bod ned til bygda. Og der kom det opp masse karar som skulle vera med å leite. Dei gjekk grundig til verks. Dei gjekk nærast manngard på forskjellige kantar rundt om setra. Og nå er det slik at hvis nokon blir tatt inn i haugen til huldra, så kan det befri vedkommande om ein har stål å kaste over haugen. Alle saman hadde med seg stål. Det kunne vera tolleknivar, det kunne vera økser, sigd eller ljå. Det var same kva slag det var, berre det var av stål. Så fôr dei både breitt og vidt omkring der, men jenta fann dei ikkje.

Men da dei var på heimveg, var det ein  som plutseleg fekk sjå ho. Der sat ho i ein krins med einkjørr omkring, alledeles fortapt. Ho kunne ikkje lage ordentleg, og ikkje kunne ho gjera rede for noko. Ho var skrøpeleg helsemessig. Det vart fortalt at ho aldri vart som ho skulle att etter denne hauginntakinga. Og det vart og fortalt at ho døydde nokså tidleg.

Fortald til ungdomsskuleelevar sist på 1970-talet. Frå Fronsbygdin 2005. Publisert her første gong 25. september 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s