Der ingen skulle tru…

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

OSKAR LETRUD: Nye E6 går inn i Teigkampen og passerer to-tre hundre meter under restane etter dei gamle seterhusa på Skoekampen, ei seter som nå er nedlagt. Det er på høg tid å få skrive ned soga om denne setra og dei som brukte ho. Eitt er sikkert. Dette var ein tungvint plass å koma fram til, særleg for desse som ikkje hadde hest og måtte bera alt fram på ryggen.

Engeberget har vorte kalle både Skoekampen og Steinekampen, men er i dag mest kjent som Teigkampen og ligg på baksida mellom Kvam og Vinstra. Engeberget er vel den stupbratte bergveggen vi ser frå E6 på solsida når vi ser mot vest.

Iver Olsen Vik (f 1735) eigde Steine i Kvam. Han kjøpte Skoekampen og var gift med Anne Olsdtr Skoe. Folk her i bygda tok derfor til å kalle staden Steinekampen. Anton Steine selde Kampen til Anna og Kristian Stenersen i 1927. Anna var syster til Anton. Kristian hadde vore i Amerika, så han hadde sett flatare land. Men heimplassen i Norge var nok for han det likaste lell, så han kom att og slo seg ned her. Han hadde lova foreldra sine då familien reiste til Amerika, at han skulle bli med dei attende til Norge, så dei fekk døy der. Noko han altså gjorde.

stenersenfamAnna og Kristian hadde søre Nesset og bodde der. Dei hadde tre-fire kyr og eit par ungdyr, og når dei skulle opp i Kampen med dyra, rodde dei først over det dei skulle ha med seg, og lagra det i ei gammal løe på søre Forbrigdsenget. Dei «stubblynte», som vi sa. Dyra gjekk dei så riksveg 50 (E6) sørover med til Kvamsporten, der dei lånte ferge og rodde over elva med dyra. Så var det å koma seg oppover forbi nedre og øvre Bergum. Det hende også at dei gjekk opp lia nord for Engum, for då slapp dei å gå over dyrka mark. Etter at dei hadde fått dyra til seters, gjekk Kristian både to og tre turar om dagen med bør på ryggen med det dei hadde rodd over før. Han brukte ikkje ryggsekk, men ein gamal tremeis han festa sakene på. Han gjekk opp Bergelykkja og Kleiva, ein snarvei opp til Kampen litt sør for øvre Bergum, der det på ein plass var ein stige med 14 trinn ein måtte bruke for å koma opp.

Ragna Brustuen fortalde at ein gong Kristian reparerte pipa på huset oppi Kampen, bar han leire frå ein plass oppfor husa i Bergum. I turre somrar kunne brønnen gå tom, og da måtte dei gå ein heil time for å hente vatn. Dei kunne nok ikkje sløse så mykje med vatnet då.

Det var rydda ein bra, men bratt seterkve der, som dei hausta. Det var god jord der, slik at det voks godt, både graset og skogen omkring. Men det var verre å få høy og ved frå staden. Høyet fekk dei nokon med hest til å kjøre ned, men det var ein skrøpeleg veg, slik at det var ikkje store lassa ein kunne kjøre. Vegen gjekk nedover nesten utpå berget og så nordover og gjorde ein sving og kom att forbi øvre og nedre Bergum. Eg har sjølv kjørt høy frå der og veit kor ille denne vegen var.

Veden sleppte Kristian for det meste utover berget rett ovanfor nedre Bergum. Så var det å samle han saman og frakte han nedover til ein stad der en kunne hetne han med hest. Ein gong dreiv Ottar Bergum, bror til Ragna, oppe på eit utspring i berget og kasta ned ved til dei. Då tok Stenersen til å sleppe utover ved frå oppå berget. Han visste ikkje at Ottar var lenger nedi bratthenget. Det var flaks at det gjekk så vel at Ottar ikkje vart råka. Ottar reiste forresten seinare til Amerika, og der vart han borte.

Anna og Kristian hadde etter kvart seks born, og ei tid om hausten var denne før omtala vegen skulevegen deira. Torbjørg (f 1922) fortel at når dei skulle til skulen på Berkka, gjekk gutane Kleiva, der stigen med dei 14 trinna var, medan jentene gjekk ein annan beinveg og kom ned ved husa i øvre Bergum. På ein plass der var det liksom avtrykk etter ein stor fot i ein stein. Torbjørg fortel vidare at dei hadde på seg penare sko når dei kom ned på Haugaranden, der det var ein stein som dei hadde skoene sine innunder. Så var det å få nokon til å ro seg over elva, og når skuledagen var over, var det same vegen attende, men då med skikkeleg motbakke.

stenersen 1Kristian Stenersen selde Kampen til Alf Schaaning, som hadde store planar om turisme der. Det gjekk nok ikkje så bra, for Nils Holten fekk auksjonsskjøte på Kampen ein gong i
1960-åra. Eigar i dag er Arne Sletten. Husa er nå til nedfalls.

teigk                                  Teigkampen sett frå Teigskaret. Foto: Bente B Bråten

Tormod Skilag har  lagt opp fleire postar for turorientering til gamle setrer, hus og andre attraksjonar på både sider av dalen. dei vil nå også legge Skoekampsetra, eller Stenersensetra som den også er kalla, inn på turkarta sine. Det er eit flott, om noko bratt turterreng der oppe, men kanskje kan denne artikkelen og bilda bli inspirasjon til ta seg ein tur dit opp ein fin sumardag?

Redigert utdrag frå artikkelen «Skoekampsetra på Engeberget» i Fronsbygdin 2010-2011. Publisert her første gong 23. februar 2015

5 kommentarar

Filed under Jordbruk, Setring

5 responses to “Der ingen skulle tru…

  1. Ivar Myrrusten

    R art og tenke på dette jeg og han far hadde slåtten med Ljå i Stenersenkampen i 2 år og kjørte høyet ned med heste ,Vi var vel de sist som drev med det .Det var veldig slitsom og komme seg dit opp bære mat og redskap dit opp. Er ikke sikker på årstall men det mått vel ver i første del av 50 åra

  2. Fredrik Moen

    Eg har høyrt om eit husmannsbruk som heiter Veikleenget i nærleiken av Skoekampen. I internettet sin barndom kom eg heilt tilfeldig i kontakt med ei dame på Hawai som kunne fortelja at mannen hennar var av norsk opphav frå langt attende. Ho lova å finne ut kva forfedrene hans heitte – og etter eit par dager svara ho Veikleenget. Eg lova å sende ho eit bilete av staden – men usikker som eg var vart kanskje bilete frå feil stad.

  3. Solveig Holen

    Der fekk eg vite kven Anna Stenersen var. Mor mi, Maria Enlien Holen, nevnte henne av og til. Mor jobba ei stund for Marta(?) Kjørum som bodde ved Vik. Derfra var det jo ikkje langt til Neset. Eg har seinare lurt på kvem som heitte Stenersen i Kvam utan å finne det ut. Tusen takk!

    • Inge Magnus Dalen

      Inge Magnus Dalen
      6 januar 2017.

      Er nesten sikker på at Jon Stenersen var læra i Kvam ei stund,mener også å huske at han også var lærar i Bardu i Troms ei tid.Da han kom at frå der ,så vart han lærer , eller Sulestyrar i Bøverdalen. Der han døde veldig brått, å er gravlagt.Han var gift med Oline Grøthe fra Kvam.Ei rasande flink og koselig dame, Oline har eg jobba sammen med på Wadahl hotell i midten på 60 tallet,Og så var ho Hovmester på Elveseter hot i Bøverdalen til i slutten på 80, begynnelsen på 90 tallet trur eg.Eg trur Oline lever i beste velgående i Bøverdalen fortsatt,dersom hun ikke har gått bort, uten at eg har fått det med meg.Jon var vel bror til Kåre og Gunnar. Gunnar var også Kontrollasistent ,å reiste rundt å veide å tok prøver av mjølka hos levrandørene.Husker han var på besøk hos oss på Frostasetra på Kvamsnysetra, da mor var budeie der i ca 1955.Gunnar var veldig blid å leiken, slik at oss ongane satte så stor pris på besøka av han,for han var med oss å leikte. Mener å hugse at han stamma litt?

      • Knut Stenersen

        Hei Inge Magnus,
        Det du skriver om Jon og Oline er helt korrekt. Før han gifta seg med Oline var han gift med Oddrun Sven fra Kvam, men hun døde i ca. 1965.
        Jeg er sønnen til Gunnar Stenersen. Veldig artig å se det du skriver om ham. Det stemmer også at han stamma litt av og til. Han var gift med Borghild Haugen, fra gården Nørdre Haugen nord for Sjoa. På den tida du nevner (1952-1957) bodde vi på plassen Erikstad mellom Klomstad og Lunde nedafor Gardvegen i Kvam. Far var kontrollassistent og reiste rundt på gårdene, som du skriver. Han fortalte en del om livet på setra i Teigkampen, så det var artig å se denne historia på trykk, og særlig det fine bildet av familien. Vi flytta til Otta i 1957. Far var regnskapsfører der noen år, og deretter jobbet han på Sel ligningskontor fram til 1979. Han døde i 1995.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s