Frøningar på kvalfangst

«Nå tullar du, Per!» Neida, eg tullar ikkje.»

kvalmennallePER OTTESEN: Det er rart kor fort vi gløymer. Da eg fortalde at eg skulle skrive ein artikkel om alle frøningane som jobba som kvalfangarar og sjøfolk i tida etter krigen, rista dei fleste på hovudet. Nokre lo: «Kvalfangarar og sjøfolk i stort antal frå Fronsbygdene? Nå tullar du, Per!» Neida, eg tullar ikkje. Eg overdriv ikkje heller. Faktum er at frå slutten av 1940-åra og godt ut i 1960-åra var Gudbrandsdalen og ikkje mist Fronskommunane storleverandør av kvalfangarar og sjøfolk. I høve til folketalet var prosentandelen av arbeidstakarar som henta løna si utanfor landet sine grenser, uvanleg høg.

KVALoversiktEin skulle tru at denne store utferda ville sitja i manns minne enda –  det er da ikkje så lengje sidan? Men den gjer ikkje det. Utanom dei som var med på dette sjølve og den næraste familien, er det svært få som veit noko særleg om denne perioden, og særleg dei unge er heilt blanke.

At talet på kvalfangarar vart så stort i  Fronsbygdene, har nok samanheng med at fru «Kiss» Rosenlund, som budde på Nybak øvst i Sødorpbygda, hadde kontakt med ein kvalbåtreiar. I fleire år fungerte ho mest som eit hyrekontor for Midtdalen, Eg har fått fleire døme på at alt gikk ekstra greit dersom hyrsøkjaren hadde med ei halvflaske brennevin til henne. Da vart det fort skrivi eit «anbefalelsesbrev» med påskrifta: «Skal ha hyre. Ekstra kjekk gutt.»

Det ser ut til at det var i 1949 at kvalfangareventyret tok til for frøningane. Det året reiste mellom andre fleire sødorpingar ut. Nokre få pionerar var ute før krigen også, men dei reiste ein og ein.

Frå Sødorp veit vi at Hans (Nigard) Brandvold drog ut så tidleg som i 1926. Den turen endte tragisk, for Hans vart sjuk og døydde i Fransk Kongo.

Hans Kleiven drog ut i 1933. Han var vel den fyrste som fekk hyre gjennom fru Rosenlund og kom på kokeriet «New Sevilla», som Salvesens rederi eigde. Hans Petter Kleiven gjorde eit intervju med Hans i 2001, der Hans mellom anna fortel at han drog frå Norge med ti kroner i lommepengar, og at noko av desse pengane vart investerte i ein grøn bananklase på Aruba. Hans fortel elles at dei budde trongt. Det var åttemannslugarar med fire køyer over kvarandre på kvar side. Den gongen var det berre norsk mannskap, med unnatak av 20 mann som dei henta på Falklandsøyene. Det var eit godt bibliotek ombord, og så hadde dei boksekurs, som Hans seier han fekk god bruk for seinare! Løna var god. 1800 kroner for sju månaders arbeid var mykje pengar den gongen. Dei kunne også få arbeide overtid ut over tolvtimarsskiftet, og da var løna 1,50 per time!

KVALkraftFrå Sør-Fron var det tromsøværingen Ingebrigt Sakarias Bilvik som var fyrstemann ut. Bilvik gifta seg og busette seg på Sør-Fron ca 1915 og drog på kvalfangst kort tid etter. Truleg var han ute i fleire sesongar. Litt seinare drog Olaf Skansgård og Ingvald Nøstegårdshagen ut. Olaf berre i sesongen 1923/24, medan Ingvald var ute i fleire sesongar. Ja, og så var det Aksel Bergseth da, som også var ute i mange år.

Redigert utdrag frå artikkelen «Frøningar på kvalfangst» i Fronsbygdin 2004. Korleis dei hadde det og korleis dei jobba står det mykje og interessant om i artikkelen.

Publisert her første gong 5. mars 2016

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

5 responses to “Frøningar på kvalfangst

  1. Jeg husker godt en del av denne tids-epoken, men kom aldri ut paa hvalfangst. Men kan si aa ha hatt tilknytning til det maritime miljoe som marinegast og som lettmatros sett tilbake til 1965 og fram til d.d. Naar Per naa nevner Salvesens Rederi saa kan jeg I denne forbindelse nevne at min oldemor Agnes Helene Salvesen var datter til John Salvesen hvor familien opprinnelig kom fra Tvedestarnd…dette som et lite apprpos om «doeler» paa havet….

  2. Einar Fjeld

    I 1966 seilte jeg sammen med en tømmermenn. OSKAR BAUKHOL fra Harpefossen, tidligere hvalfangst.

  3. Steinar Skurdal

    Ser ut til at Asbjørn Skurdal er uteglemt, jeg tror han var ute i samme tidsrom som Johann Stakston.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s