Toradar/trekkspeltreff på Kampesæter Fjellstue i 1985

kampeseter2Ole Chr. Risdal: På Kampesæter i Skåbu har det vore mykje aktivitet gjennom åra. Alt frå barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, gravferder, bridgeturneringar og festlege lag m.m. I 1985 vart det arrangert ein større toradar – og trekkspeltreff på Kampesæter og på Skåbu bygdahus. Sjå denne her:

T.v. Hotellet som O. T. Kampesæter bygde i 1936. T.h. Den gamle skysstasjonen på Kampesæter, ca. 1930.

T.v. Hotellet som O. T. Kampesæter bygde i 1936 og som vart rive i 2004. T.h. Kampesæter Hotell, ca. 1930. Slik såg den gamle skysstasjonen ut.

I 1885 opna Ole T. Vorkin og Mari E. Kampesæter skysstasjon og den bestod til 1925. Men i 1922 opna barnebarnet, legendariske Ole T. Kampesæter, hotelldrift på staden. Han bygde nytt hotell i 1936, og dreiv det til 1973. Bedriftsnamnet vart endra til Kampesæter Fjellstue. Ny eigar vart Gerd Røssum, og paret Knut Kristiansen og Åse Vestbakken dreiv staden til trekløveret Odd Erik Nansen, Bjørn Slette og Pål Larsen tok over fjellstua på 1980-talet. Utpå 1990-talet selde dei til investorane Einar Kloster, Sigurd Bølling og Peder Bakken. Dei reiv ned gamle fjellstua i 2004  og hadde planar om å byggje eit nytt hotell. Dette vart ikkje noko av, og dei selde staden til Sigurd Haug for nokre år sidan. Han har kjøpt både samvirkelagsbygget, det gamle pensjonatet Sætermoen og bensinstasjonen, og vil satse stort på turisme i Skåbu –  fjellbygda ved foten av Jotunheimen.

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s