Den vesle klokka i Sødorp-kyrkja

Historia om Ola Skeddarstugun som vart Klukkstøyparn

8290930460_3564e37cb5

Sørdorp-kyrkja. Kyrkjeklokkene er frå 1770-åra. Dei var for tunge for kyrkjebygget, og i 1991 var det reist ein støpul til dei på kyrkjebakken, fortel Norske kirkebygg

IVAR KLEIVEN: Det var Ola Skreddarstugun som støypte vetlklokka i Sødorpkyrkja. Han var smed, og fór mykje og smidde, og da Folldalskyrkja vart bygt, var Ola ved verket der og dreiv med smedarbeid. Det kom ein klokkestøypar frå Sverige og skulle støype klokkene til den nye kyrkja, og Ola ga seg med som handlangar. Denne svensken var så fæl på det sterke, og Ola hadde nok å gjera med å bera brennvin til han.

Med støypinga gjekk det på skeivt, han laut støype opp att flere vendningar og gjorde seg mýkje forr med å reinske malmen, men det gjekk gale kvar gong, takom var det krona og så var det bar´a som ikkje var fullhavne.
Sist gjekk svensken skamfull frå heile støypinga. Da bad Skreddestugun om å få prøve – hja, dei drog på det, det var vel på vona om smeden kunne vera kyrkjeklokkestøypar. Men til sist vart det så han skulle få freiste. Ole forma minste klokka, jarngjorde forma og grov ho ned, og bar til å bræ´e malmen, men da tok det til å samle seg så mykje kop omkring han at han mest ikkje fekk spytte. For å bli kvitt kopen ba han dei gå, for malmen er ikkje ferdig på lang tid ennå, sa han.

Folket gjekk sin veg, au, nær som sonen til lensmannen, han kunne han ikkje bli kvitt, han hekk omkring masomnen som ei spyflugu omkring skjørosten. Best det var tok Ola ut tappen – ikkje anna enn lensmannssonen kunne sjå – og malmen kom fossande så det både saug og fræste kav ut i Folla.

Nå tok guten hyven heim att og fortalde far sin at nå hadde det gått n´i oska for den nye klokkestøyparen, au, malmen helt på og rann uti Folla, sist han såg. Ja, lensmannen fekk sjå ivegen, han hadde mykje å gjera med denne nye kyrkja, og nå tok vel denne skarve smeden til rømings ôg.

Men da lensmannen kom på støyparplassen og tenkte så halv og ta Ole med seg i arreststuga, satt han der og pikka med ein stein og skvåla forma av den nye klokka, som synte seg å vera både fin, fullhave og lyteslaus. Og nå fekk han støype rette storklokka, og det lyktes likeså godt for han.

Sidan støypte Ola Skreddarstugun mange klokker, både matklokker og kyrkjeklokker. Derfor var det ikkje rart om at Ola Skreddarstugun vart kalle Klukkstøyparn.

Frå Fronsbygdin 1930

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s