I ætt med dei gamle sagamenn

Ein lovtale over Ivar Kleiven

ik

Ivar Kleiven. Foto: Anders Bugge

KNUT LIESTØL: Denne vesle artikkelen var skriven då den syrjelege meldingi kom at Ivar Kleiven døydde på Kleivseter i Vågå den 19de februar 1934, burtimot 80 gamal. For den som vil granska gudbrandsdalsk bygdeliv og kultur, er Ivar Kleivens bøker den rikaste og beste kjelda. Det er ei staselig rekkje av verk – frå hans Segner frå Vågå som kom ut i 1894 og til dei fem dryge bandi av Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen – siste bandet Fronsbygdin kom i 1930.

Her er samlesida med artiklar frå Fronsbygdin 1930

Det som sermerkjer Ivar Kleiven millom bygdehistorikarane våre, er det mangesidige ved granskingi hans. Kvar hev gjerne sin serlege kjeppehest: gardshistorie, ættesoge eller dilikt. Men hjå Kleiven er det liksom han skulde ha levt med i det gamle livet, set det frå alle sidor og ingen ting gløymt av det han hadde set og høyrt. Hjå han finn ein utgreidingar både um gardar og ætter, samferdslevegar og handel, kunst og diktning o.s.b. – som han sjølv hev sagt: «noko av kvart». Det verkar på ein som noko heilt, som eit rikt samspel.

ivarkleiventine

Ivar Kleiven

Dinæst merkjer han seg ut ved at dei gamle munnlege tradisjonane, folkeminni, hev fenge so breidt eit rom i bøkene hans. Den gamle gudbrandsdalske folkediktingi, som alt P. Chr. Asbjørnsen gav oss ein glytt av, gjeng som ein breid straum gjenom heile Kleivens forfattarskap. Han kan gjeva att dei gamle tradisjonane so dei verkar på oss som det dei er; som kunstverk, og det kan han for di han sjølv er kunstnar og for di han voks upp i det miljøet som bar det gamle uppe. Han fortel i si merkeleg bok I heimgrendi. Minne fraa seksti-aarom um livet i heimen hans. Der var den stilla som gjerne fylgjer livet i dei øvre dalbygdene, men det var au liv og umskifte som fylgde med at det var mykje ferdafolk som fekk husvære og fyllte stova mang ein kveld vinterstid. Då kunde den unge Ivar få høyra god forteljarkunst, og han lydde vel etter og mintest.

Eit tridje sermerke for Ivar Kleivens bygdeskildringar er den store målkunst dei er skrivne med. På det umrådet med hev han frå sine tidlege barneår lagt vel merke til kva folk sa og korleis dei sa det. «Noko av det eg jamnan hadde stor moro av, var å høyre dei ymse målføri som samrøune gjekk på, eg sat mang ein gong og lydde etter kvart eit ord som braut ut fra våre bygdemål.» Ordtilfanget i målet hans er rikt og ekte, setningsbygnaden einfelt og klår. Stilen hans er ikkje glansfull og brikjande, men hev noko mjukt og melodisk, noko avdøyvt, men samstundes noko traust.

Ivar Kleiven eig den ovleg sjeldsynte sameining av granskaren, kunstnaren og målmeisteren. Han er i ætt med dei gamle sagamenn både når det gjeld forvitenskapen etter å få vita so mykje som mogeleg um det gamle, og når det gjeld det gløgge auga og det varnæme øyra.

ikbokDet er Ivar Kleiven som hev fengje det gamle Gudbrandsdalen til å verta levande for oss att – ikkje berre for di han hev drege fram so mykje gamalt frå gamle dokument og frå munnleg tradisjon. Men for di han med kunstnarhand la det so til rette at alt kom i sitt rette ljos og fekk sitt rette perspektiv. Han talar til oss på gudbrandsdalsmål so heile nasjonen lyder. Han hev fortalt for heile nasjonen kva Gudbrandsdalen er og kva denne dalen hev vore og hev skapt på dei ymse umkverve fram igjenom tidene.

Frå Årbok for Den Norske Turistforening 1934

Ivar Kleivens Fronsbygdin kan du få kjøpt ved å kontakte Marit Taarud Kirknes:

 taarud@online.no

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s