
Tre år gamle kronprins Olav bryt gjennom i denne helsinga frå slottet i 1906. Frå samlinga til Anne Marit og Knut Bay, skanna av Vegar Skar.
Tre år gamle kronprins Olav bryt gjennom i denne helsinga frå slottet i 1906. Frå samlinga til Anne Marit og Knut Bay, skanna av Vegar Skar.
Frå kl 12 til 16 søndag 4. desember kan du bla i og sjå og kjøpe alle årgangar av Fronsbygdin i Rudilåven. Saman med anna håndverk, kunst, mat og trivleg førjulsstemning. Og med mange andre utstillarar som byr fram kvalitetsvarer. Ei god anledning til å skaffe fine julegaver! Dei fyrer opp på peisen, koker kaffe og varm sjokolade med noko godt attåt. Og du treffer mykje trivleg folk denne dagen. Gratis inngang – velkome!
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Rakfisken på plass! Filert, flådd eller i butt.
Carl Henrik Grøndahl
carlhenrikgrondahl at gmail.com
Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak.
Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i ein naudsynt og skapande dialog med fortida.
Her ligg det både lærerike og morosame oppgåver, ikkje minst for ungdom med interesse for nett og videoproduksjon.
Nå er tida for å kose seg med Frons-historie i godstolen. Vi har mykje godt på lager!
Fronsbygdin alle årgangar 2003-2022. Her er det allsidige, nyttige, morosame og tankevekkjande artiklar som teiknar eit fargerikt bilde av generasjonar, av draumar og slit, liv og død, kvardag og fest. Er du fortruleg med fortida, er du på lag med framtida. Fronsbygdin gjer deg rikare.
Dei som lagar årboka Fronsbygdin: Frå venstre: Redaksjonssekretær Gard Espeland, redaktør Hildegunn Maria Haanes Ruset og redaktør Rasmus Stauri. Foto: Dølen
Gardar og slekter i Fron, bind 1, Sør-Fron av Einar Hovdhaugen. Her er det ikkje berre grundig gards- og slektshistorie. Hovdhaugen skriv òg om utvandring og utflytting, om husmenn og tilhøvet mellom husmann og bonde og fleire andre tema. Denne boka må ein berre ha i hylla! Bind 1 om Nord-Fron er utseld. Har du eit eksemplar ståande og vil selje, er historielaget kjøpar.
Historia om Fron, Bind 2 av Ragnar Øvrelid. Ragnar Øvrelid
Velskrive historieverk! Han fekk permisjon frå skulearbeidet i 1981-1982 for å skrive ei kortfatta historie, men stoffet var så rikt og kjeldetilfanget så stort at han vart sittande i fleire år med boka, i kveldstimar og feriar. To store bind vart det. Noko vi skal vere glade for. Han har verkeleg gjort fronshistoria levande. Bind 1 er utseld. Har du boka ståande i hylla og vil selje ho, kjøper historielaget !
Fron-slekter av Even Sveipe, Peter Sveipe og Jakob Haraldseid.
Boka "syner samanhangen frå ættled til ættled og skyldskapen mellom ættene. Vi vil vone at boka kan bli til litt hjelp for dei som seinare vil granske si ætt meir inngåande."
Fronsmålet av Gunnar Jenshus. "Eg vonar at ei bok som denne vil styrkje kjærleiken til og vørdnaden for bygdemålet. Dei norske bygdemåla er i slekt med dei fremste kulturspråka i verda."
Matrikkel 1866
Tingbok del 1
75 år sidan fredsvåren 1945 av Per Gunnar Hagelien
Freden i 1945 etter fem års okkupasjon vart markert både lokalt og nasjonalt, og spesielt i Kvam, der kampane i april 1940 var harde. Gudbrandsdal krigsminnesamling stod sentralt i denne markeringa.
Den 8.mai bråkå det laus Helga Stormorken fortel til Rasmus Stauri
Dei fyrste flagga gjekk til topps alt om ettermiddag den 7.mai 1945. Det fortel Helga Stormorken som var 11 år da krigen kom, og 16 da han var over.
Tradisjonsrik setring i Søre Eldåa av Aud Bjørke og Mari Bjørke
På Bjørkesetra i Sør- Eldåa er det framleis levande geranium i vindauga om sommaren – kanskje det fremste teiknet på at budeia er på setra. Truleg er setringa her ein ubroten tradisjon sidan 1722.
Husmannsbruk under Søre Rønn av Odd Jan Skriubakken
Under Søre Rønn – seinare Barlund – låg husmannsplassane Brenna, Opphaug, Murastugu og Skriubakken. Av Murastugu er knapt noko att.
Skilaget Fart i Nedre Sødorp av Paul Henrik Hage
Fyrste hopprennet til Fart skilag var i Sørnshaugen på jordet til Sygard Brandvol i 1947. Rundt 1960 dabba aktiviteten av, og det vart ikkje fleire skirenn før barna prøvde å få liv i laget att i 1986.
Da eg datt ned i kloakkummen av Åge Jevne Hagestuen
For at ungane skulle halde seg unna farlege brunnar og brunnlokk, vart dei truga med Brunntore. Akkurat denne dagen var visst Brunntore på butikken og derfor gjekk det godt.
Bautasteinen i Atnadalen av Eivind Holen
Ved gangbrua over Atna står det en bautastein som forteller at det var her Per Gynt trefte Bøygen. Steinen ble opprinnelig reist på Buvollen ved Atnsjøen.
Gå utenom av redaksjonen
Året rundt på Tåkåstad av Anton Tagestad
På gardane var det fast mønster på kva som skulle gjøre gjennom året. I stor grad var dette styrt av årstidene. Men alt ikke bare arbeid. Det var også plass til glede og fest innimellom.
Enkemannen fra Finmarken av Dag Bjørnar Mork
I 1790-årene reiste Peder Engebretsen fra Fron nordover for å finne lykken. Han reiste først til Trondheim, og så videre til Øksnes i Vesterålen og Bjarkøy i Troms – før han reiste tilbake til Fron.
Da kongehaugen braut i hop av Rasmus Stauri
Den 2. juni var 1959 braut kongehaugen på Hundorp i hop. To år etter var han ferdig restaurert av lokale krefter. Denne største haugen er truleg frå jernalderen.
Bakere i Kvam av Per Fredriksen
Veikleaaens Handelssted – Sletten Landhandleri i Kvam – hadde tidligere eget bakeri. I 15 år hadde også Ola Ødegården bakeri i Kvam før ha tok over bakeriet etter svigerfaren på Vinstra.
Politisoldat fra Vinstra av Tor Larsen
Kåre Berg fra Vinstra rømte til Sverige i januar 1945. Her fikk han opplæring som politisoldat. Han kom hjem til Norge i mai med hjelm, gevær og kornett – i musikkorpset til de norske styrkene.
Ut på ski på Harpefoss av Trond Halle
I 50- og 60-åra var det hoppbakkar og skibakkar på kvart eit jorde. Og det var guteklubbar i nesten kvar ein repp. Ungdomslaget Solglytt på Harpefoss arrangerte renn med start og mål på Nigardsjordet.
Den fyrste organisten i Sør-Fron av Tom Willy Rustad
I 1792 reiste Ole Olsen Koppang med hest og kjerre frå Koppang til Fron. Med seg på flyttelasset han han eit orgel han hadde kjøpt for 340 riksdalar. Han hadde fått fast arbeid som organist i den nye kyrkja.
Vakre, ville Augldalen av Anders Nustad og Kristen Brendhaugen
I det ville og fascinerande naturreservatet Augldalen på Sør-Fron kan vi finne uvanlege planter. Nå er alt tilrettelagt med stigar og bruer slik at det er råd å kome seg ned i den tronge dalen.
Da Krupp bygde på Tofte under krigen av Carl Henrik Grøndahl
I 1942 engasjerte Israel Krupp byggmeister Anders Haverstad til å føre opp ein arkitektteikna direktørbustad ved det nedbrende Tofte Turisthotell. Her bygde underleg nok Krupp sitt nye hovdingsete under krigen.
Jegerne ved Olstappen av Jostein Bergstøl og Elle Kathrine Friis
De eldste sporene etter mennesker ved Olstappen i Skåbu er 10 000 år gamle. Ingen andre steder i innlandet i Norge er det funnet så gamle spor etter elgjegere. Nye arkeologiske undersøkelser viser dette.
Hellemaleriene i Espedalen av Henriette Asen
Høsten 2018 ble det funnet 4-6000 år gamle malerier på en bergvegg i Espedalen. De forestiller trolig fem elger, en bjørn og et menneske. Det er det første hellemaleriet som er funnet i innlandet i Norge.
Bessfar Sveinsson i Nørdre Lia av Torstein Rudihagen
I over 30 år budde Iver Hovdlistuen – bessfar Sveinsson – åleine i ei lita bakhonkledd hytte øvst i Nørdre Lia i Sør-Fron på grensa mellom bygda og fjellet. Kona Pauline budde på eit bruk lenger nede.
Knut Holmen og fuglekassene hans av Knut Holmen
Tolv år gammal sete Knut Holmen ut dei fyrste fuglekassene på Harpefoss i 1970. Sidan har han inspisert dei minst to gonger kvart år. Nå har han 600 fuglekasser i Fron og Trøndelag.
Fron historielag held historia levande av Ole Christian Risdal
Achilles
1000-års jubileum i 2021 av Rasmus Stauri
Årsmelding for Fron historielag 2019
Æresmedlem Vegar Skard
Kulturpris for Nord-Fron
Oversyn medarbeidarar Fronsbygdin 2020
Motstandsmannen Hans Skriubakken av Odd Jan Skriubakken
Hans Skriubakken kom med i motstandsarbeidet i 1941. Frå hausten 1944 låg Milorgs distriktsleiing skjult i Hiet i Ulbergsmorka. Berre Hans visste kvar dei var. I Hiet hadde dei radiosamband med England.
Oppvekst i Øverbygda i 1960-åra av Fride Gunn Rudi
I 1960-åra hadde mange frøningar framleis ein gris eller nokre høner sjølv om dei ikkje hadde gard. Og ofte var barna med i arbeidet slik dei hadde vore i generasjonar.
Lange svev i Brakjebakken av Paul Henrik Hage
I 1946 vart tradisjonen med «Vinstrarennet» i Brakjebakken teken opp att. Etter at bakken vart utbetra og utvida, vart det hoppa over 50 meter, med bakkerekord på 55 m i 1974. I 1989 vart stilaset teke ned.
Rønnshaugane – plassane under Rønn av Odd Jan Skriubakken
Truleg har det vore i alt tolv husmannsplassar under nørdre og søre Rønn. Her er historia om Rønnsbakken, Rønshaugen, Erlandshaugen, Brennlykja, Knappen og Gutu.
Høgfjellskonserten ved Rondane av Vidar Olaussen
Å utnytte fjellområda våre til spektakulære konsertopplevingar kan i ettertid synast sjølvsagt, men i utgangspunktet var ikkje det ein strategi alle kunne slutte seg til. Men alt fyrste året vart konserten ein suksess.
Ein minnerik tur til Otta (skulestil)
Ein gong tidleg på 1900-talet reiste Marit Dalseg (1891-1970) til Otta med toget samen med mor, far og tanta i. Ho fortel entusiastisk om reisa i ein skulestil som ho fekk «meget godt pluss» på.
Hels utvandrarane frå meg! av Per Åsmundstad
Kvikne-Skåbu var den delen av Nord-Fron som hadde flest utvandra til Amerika i 1850-1910. Toppåret var 1870, da 85 reiste. Det kunne vere tungt at leikekameratar og slektningar var borte for alltid.
Gjensyn med Kvarvet etter 46 år av Steinar Morken
Etter kampane ved Tretten i april 1940 og forvirringen som oppsto, rømte mange engelske soldater over fjellet på østsiden av dalen for å nå igjen avdelingene sine. En av dem var R.G.Coleman.
Barndomsminne frå Søre Eldåsetra av Johan Dalseg
For ein storfiskar på fem år var det så stort å få fisk at han måtte ha fangsten sin på ein asjett ved sida av senga om natta. Men det er også farleg å fiske for ein som er så liten.
Da Ole J. Hovden bora etter vatn av Jan Hovden
I 1953 tok Ole J. Hovden til å bore etter vatn med ei enkel støtboremaskin. Behovet for vatn var stort, og det var ikkje nødvendig å bruke eitt øre til marknadsføring. Etter kvart vart teknologien avansert.
Krupp og syerskene på Hera i Lia av Carl Henrik Grøndahl
Hera fabrikker i Lia var lenge den største industriarbeidsplassen i Sør-Fron med opptil 200 på lønningslista – dei fleste kvinner. Eigaren, Israel Krupp, sette spor etter seg i bygda.
Fra flykning til kurér av Jødisk museum i Oslo
Oppvekst på Nordgard Tåkåstad av Anton Tagestad
I 1920 vart Anton Tagestad født på Nordgard Tåkåstad. Han budde han til familien flyta på på Kilsetra som bureisar i 1935. Det var ei overgangstid frå det gamle bondesamfunnet til moderne landbruk.
Dei passa sjukekassa i Nord-Fron av Nora Stormyrbakken og Tor Larsen
Mellom 1912 og 1952 styrde far og son Ole og Olav Larsen i Sorperoa kretssjukekassa i Npod-Fron. Dei passa på at alle – også lækjarane – heldt seg til reglane.
Spelmannen Jonas Dokken av Johan Dalseg
Spelmannen Jonas Dokken var ein av dei mest namngjetne spelmennene i Sør-Fron. Men han var også ein allsidig handverkar, ein ivrig fiskar og ein slitande god forteljar.
«Utta lina» på Vinstra av Trygve Sundt
Området «Utta lina» var ein viktig del av tettstaden Vinstra. Her låg Byre gard, Ysteriet og Bøndernes hus, og her kunne sirkusa slå opp telta sine. El-verket har teke over ein stor del av området.
DNT-hytta som vart liggjande feil – Anders Hage fortel til Carl Henrik Grøndahl
Skriurusten i Langsudalen heilt vest i Søt-Fron er DNT-hytta som ikkje ligg der ho eigentleg skulle ha vore. Dei gav opp, rett og slett, å få ho heilt fram, dei som skulle flytte ho.
Vandring i Nygaards komposisjonsrike av Rasmus Stauri
I år er det 100 år sidan spelmannen, musikaren og komponisten Oddvar Nygaard vart født, 23.juli 1919. Han brukte dølakulturen som grunnlag for det han skapte.
Jordmor på Nord-Fron i 46 år av Bjarne Øygarden
Ingeborg Jacobsen var jordmor på Nord-Fron frå 1922 til 1968. Frå 1948 til 1955 hadde ho fødestove heime hos seg sjølv. Ho mista mannen sin da ho berre var 30 år gammal.
Siste turen med hest?
Årsmelding for Fron historielag 2018
Kulturpris for Sør-Fron 2018
Kulturpris for Nord-Fron 2018
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2019
Spanskesjuka i Fron 1918-1919 av Sigurd Grytting
For hundre år sidan vart Fron, som resten av verda, ramma av spanskesjuka. Årsaka var ein virusinfeksjon med influensavirus type A. Meir enn 50 millionar menneske døydde under denne pandemien.
Seterliv på Gålå for 100 år siden av Adolf Tagestad
For 100 år siden var det full drift på setrene på Gålå. Men også turistene hadde meldt sin interesse – stort sett til glede for lokalbefolkningen. Først i 1935 kom melkebilen.
Rønn, Barlund og Njoe av Odd Jan Skriubakken
Mange av husmannsplassane på Baksida i Sør-Fron låg under gardar på Solsida. Men det var også gardar på Baksida som hadde eigne husmenn slik som Rønn og Barlund.
Skihopping i Sødorp 1896 – 1946 av Paul Henrik Hage
I Sødorp har det vore arrangert konkurransar i skihopp på Toksejordet, i Brandvoldbakken og i Bragebakken. Det fyrste rennet var alt i 1896. Petter Kongsli hadde da lengste hopp med 15 meter.
Barndomsminne frå Elvenes i Skåbu av Olaug Askheim Aas
Fram til 1938 var det ikkje bilveg til Allmenningssaga i Skåbu. Her budde familien Askheim frå 1922 til 1948. Straum fekk dei fyrst i 1947. Da Olstappen skulle demmast opp, måtte saga og hus flyttast.
Ludvig Holberg i Fron av Rasmus Stauri
Frå 1696 til 1698 budde Ludvig Holberg på Prestegarden i Fron. I dag er det ingen konkrete minne etter han i bygda, men opphaldet i Fron sette spor i forfattarskapen hans.
Husmannskontrakt frå 1897 av Åge Jevne Hagestuen
For å bygsle eit husmannsbruk måtte husmannen arbeide seks veker på garden, skjere åtte mål åker, og gje føråd til den tidlegare husmannen. Tok han arbeid utanom bruket, hadde garden fyrsterett på arbeidet hans.
Dragdokka gav eigaren rikdom av Anders Haugen
På garden til Anders Haugen i Rusen står det eit skåp der ei dragdokke heldt til i den midterste skuffa. Ho måtte få ein ny silkekjole til jul kvart år, og eigaren måtte kvitte seg med henne før han døydde.
Framleis finn vi minne etter hesten av Gard Espeland
Den som har augo med seg, kan ennå finne små minne etter hesten – frå den gongen hestane utførte det meste av transporten etter vegane, og ein hest med kjerre eller slede var eit heilt vanleg syn.
Da alle leigde fryseboks på butikken av Tine Elisabeth Slang
Frå sist i 1950-åra og 30 år framover var det på det meste seks fryseboksanlegg ved butikkane i Sør-Fron. Så kom heimefrysarane, og i dag er desse fryseria avvikla.
Kosmopolitten Johan Sørensen av Knut Aukrust
Grosserer Johan Sørensen bygde både sanatoriet på Tofte og sanatoriet på Lauvåsen. Han kjøpte også flere garder. Før han kom til Sør-Fron hadde han drevet omfattende forretningsvirksomhet i Spania.
Korndyrking, trysking og mølletur av Kristen Brendhaugen
Det var stor ståhei i nordre del av Skurdalsgrenda når det var tid for trysking. Det skulle til eit rimeleg stort arbeidslag. Når det vart sledeføre, vart kornet kjørt til mølla i Loholet – der det også var kafé.
Vinje møter fronspresten Winsnes av Kjartan Ruset
I 1860 gjekk Aasmund Olavsson Vinje gjennom Fron. Her møtte han mellom andre fronspresten Winsnes og den pietistiske svigersonen hans. Dette fortel han om i boka Ferdaminni frå sumaren 1860.
Fron-Atndal bygdealmenning av Jon Bergdal
Til alle tider har frøningane jakta, fiska og hamna i Atndalen. I 1795 kjøpte tre sør-frøningar allmenningen som da gjekk over frå å vera statsallmenning til bygdeallmenning. Det har ofte vore strid om bruksrettane.
Søre- og Nørdre Skaret i Sødorp av Ole Christian Risdal
I Sødorp låg det tidlegare to heimar, Nørdre og Søre Skaret. I dag er dei båe innlemma i Nedre Gråsletta, tidlegare kalla Turtorp – eit namn ingen lenger hugsar kva kom av.
Givervolden i Sorperoa – småbruket som forsvant av Tor Larsen
Nå er garden Givervolden i Sorperoa jamna med orda og borte for alltid. Og Sorperoa er ikke lenger en liten repp attmed Li og Lo, men nærmest som en liten bygdeby å regne.
Da stalldøra ble revet av hengslene av Eivind Holen
Mange kan oppleve noe de ikke finne forklaring på. Slike hendelser blir ofte husket og fortalt i lang tid. Her er noen historier fra Søre Eldåa, Standarstulen og fra Øverbygda på Sør-Fron.
30-års vennskap Nord-Fron – Richmond av Arne Skuterud
I 1940 deltok soldatar frå North Yorkshire i kampane i Gudbrandsdalen. Eitt av regimenta dei kom frå hadde seinare base ved byen Richmond. Dette er bakgrunnen for at Nord-Fron har Richmond som vennskapsby.
Der jula begynte ein time for tidleg av Oddgeir Bruaset
Var det for at kyrkjetenaren skulle få kome seg heim i rimeleg tid julekvelden at jula vart ringt inn ein time tidlegare i Kvikne enn andre stader i landet? Ordninga vara heilt til 1992.
Pensjonatet hennar Borghild av Fride Gunn Rudi
Rundt 1960 bygde Borghild Bjørke eit pensjonat i Øverbygda på Sør-Fron som ho kalla Åshaug. Det hadde fire soverom og plass til seks gjester. Ho dreiv pensjonatet fram til 1982.
Fron kvinneforum – mangfald i 30 år av Turid Kleiva
På Vinstra har det vore tradisjon å markere kvinnedagen frå tidleg i 1970-åra, men fyrst i 1988 vart Fron kvinneforum grunnlagt. Det er ein heilt frittståande organisasjon.
Reindrifter gjennom Sør-Fron av Gard Espeland
Etternamn og slektsnamn av Odd Jan Skriubakken
Fyrst i 1923 fekk Noreg ei namnelov som kravde at alle skulle ha faste og arvelege etternamn, altså slektsnamn, og at desse skulle ha ein fast skrivemåte.
Slik laga Margit ost på setra av Anton Løkken
Sigvart Gimse og Facebook av Rasmus Stauri
Nord-Fron kulturpris 2017
Årsmelding for Fron historielag 2017
Medarbeidarar Fronsbygdin 2018
Komponisten frå Nedregate av Anton Løkken
Som gutungen lydde Sigurd Berge etter lydane i Laugen. Som vaksen var det lydane i Sula som stimulerte skapartrongen. Mye av musikken han og samtidskomponistane presenterte, var omstridd.
Russiske krigsinvalide i Sør-Fron av Eirik Brazier
Russiske krigsinvalide fra første verdenskrig ble internert på Grytting og heggerud i 1917-1918. Norge stod utenfor krigen, men virkningene av krigen satte sine spor også i våre lokalsamfunn.
Betongvareproduksjon i Nord-Fron av Gard Espeland
I 1953 begynte brørne Lund å produsere betongvarer på Sjoa. I 1966 flytta bedrifta til Lomoen. Nå blir det ikkje produsert betongvarer på Vinstra lenger, men familien Lund er framleis i bransjen.
Kolgroper og fangstgraver ved Vinstra av Arne Skuterud
I Lomoen og Rustmoen er det registrert om lag 100 kolgroper og fangstgroper. 60 av desse er undersøkt meir grundig ved arkeologiske utgravingar, og 23 er verna. Gropene er truleg 1000 til 3000 år gamle.
Nykonfirmert og underbudeie
Som nykonfirmert tok Maria Skindehaugen arbeid som underbudeie på ein gard i Sødorp. 80 år gammal vart ho intervjua om dette. Ho fortel om livet på setra og om korleis det var å bu i fjøset om vinteren.
Fyrste hopprennet mitt i Børebakken av Ola Holen
Den 15.februar 1948 vart det arrangert eit stort hopprenn i Børrebakken på Sør-Fron. Frå Dombås kom det fleire gutar med godstog for å delta. Torget var forseinka, og dei måtte skunde seg over isen for å kome fram.
Husmannsbruk under Nordgard Rolstad av Odd Jan Skriubakken
I 1723 hadde Nordgard Rolstad ein husmann. I 1865 var det seks. Alle låg på baksida i «Rolstadlia». Sidan 1738 har garden vore kalla Fautgarden etter futen Pram som åtte garden fram til 1776.
Sør-Fron på tvers av Trond Halle
Frå Straumbu i aust til Marsteinhøgda i vest strekkjer Sør-Fron kommune seg på tvers av dalen, åtte mil i luftline. Det tok meg seg dagar å gå denne strekninga, frå grensa mot Folldal til grensa mot Øystre Slidre.
Spennande metallfunn i Sødorp av Tormod Bråten
Nær sagt over alt i bakken under oss ligg det ting frå tidlegare tider som vi kan finne med ein metallsøkar. Her er eit lite utval av slikt som er å finne på Kvam og i Sødorp dei siste åra.
Sør-Fron bibliotek 150 år av Marit Kamp Lie
Det fyrste forsøket på å få til eit bibliotek i Sør-Fron vart gjort alt i 1830, men fyrst i 1867 kom det ei «Almueboksamling». Dei fyrste 20 åra var landhandlar Thor Alme bibliotekar.
Boklånet i Lia av Gard Espeland
Folkeboksamlinga – boklånet – var det viktigaste, faste kulturelle tilbodet i kvardagen. Da vart dei to låste skåpa i Veslesalen i Avholdshuset låste opp, og ein kunne skaffe seg lesestoff for heile veka.
Frå dei fyrste åra på ungdomsskulen av Kåre Sveinhaug
Alt i 1959 fekk Sør-Fron kommune ungdomsskule. Og ikkje berre var det den fyrste ungdomsskulen i Gudbransdsdalen, men ein av pionerskulane av dette slaget i heile landet. Det inspirerte både lærarar og elevar.
Spelmannen Iver Storodden av Rasmus Kjorstad
Ein sein haustkveld i 1896 skreiv den svenske folkemusikkforskaren Einar Övergaard ned 21 springleikar som Iver Storodden spelte. Det måtte gjerast i det stille for ikkje å vekkje dei andre gjestene på Byre.
Daglegliv på Veikle Gudrun Lunde fortel til Kjartan Ruset
I 1932 kjøpte Nord-Fron kommune Veikle i Kvam, og gjorde garden om til aldersheim. Gudrun Lunde vart tilsett som pleiar på Veikle frå 1953 til alle bebuarane vart overført til den nye aldersheimen Sundheim i 1962.
Historia om bruka i Skar av Palmer Skar, Anders Nustad og Kristen Brendhaugen
Frå dagleglivet i Skar
600 meter over havet ligg dei tre bruka i Skar. Fleire generasjonar livnærde seg her, og eit lite samfunn voks fram. I dag er bruka eit turmål, og mykje er gjort for å halde historia levande om dei som budde her.
Vakre steingjerder av Rasmus Stauri
Namna på dei ulike delane av hestselaen
Årsmelding for Fron historielag 2016
Minneord Ragnar Øvrelid (1928-2016) av Rasmus Stauri
Minneord Per Ottesen (1945-2016) av Rasmus Stauri
Sør-Fron kulturpris 2016
Nord-Fron kulturpris 2016
Oversyn medarbeidarar 2017
Oppvekst på eit småbruk i Ruste
Else og Pål Øyumshaugen fortel til Tine Elisabeth Slang
På det vesle småbruket Øiumshaugen i Ruste voks det opp ti ungar. Den eldste var fødd i 1937, den yngste i 1957. Faren, Sigurd, arbeidde i Vegvesenet, og familien hadde eit par kyr, to grisar og nokre sauer.
Ein av dei siste slitarane av Anton Løkken
Tidlegare var det mange mindre mjølkeprodusentar på småbruka i dalen. Nå er dei borte. Ein av dei siste i Nedre Sødorp var Hans J. Sandbakken. Han slutta med mjølkekyr i 1972.
Jacob Grønnings barnsdomsminne av Gunnar Lien
Legesonen Jacob Grønning voks opp på Lillehove på Sør-Fron i mellomkrigstida. Alt som smågut la han merke til mykje av det som skjedde i grenda. Dette skreiv han ned mange år seinare.
Drapsskildring frå 1464 av Tore Fevolden
Etter eit slagsmål på Tokse i Sødorp i 1464, som enda med at Torgeir Roarsson Bø døydde, vart noko av den munnlege forklaringa skrive ned. Dette gir eit innsyn i korleis daglegtala var på Fron den gongen.
Hærverk på Prinsehytta i mai 1940 av Arild Teigen
Den 16,. mai tok tyske soldatar seg inn til Prinsehytta i Sikkelsdalen. Kanskje hadde dei vona å finne medlemmer av kongefamilien der. Soldatane drakk seg fulle, og øydela hytta ved å skyte rundt seg.
Handel, handverk og industri i Lia av Gard Espeland
I Lia i Sør-Fron har det vore produsert ferdighus, helsekost, tøflar, formsand, støvsugarar, konfeksjon, trestolar, snurrebassar, gitarar og ei rekkje trevareprodukt. Etter krigen var innsatsviljen stor.
Da Kvikne fekk ungdomslag av Tor Stallvik
Den 11.desember 1898 vart det danna eit ungdomslag i Kvikne – eit samtalelag der deltakarane skulle lære argumentasjons- og debatt-teknikk, og der generell folkeopplysning var målet.
Da Erik Klomstad vart forgifta av trollkattsmør av Arild Teigen
I 1681 skulda soldaten Erik O. Klomstad Barbro Vik for å ha lagt trollkattsmør i nista hans for å forgifte han. Slike skuldingar var ingen spøk den gongen, og det vart rettsak.
Husmannsbruk under Uppigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken
Dei mange husmannsbruka til Rolstad-gardane låg i Rolstadlia på vestsida av Laugen. Øvst oppe låg bruka under Uppigard. Berre to av desse eksisterer i dag, Toppen og Ospa – Ospa som ferieheim.
Frøning i gapestokken av Tore Fevolden
I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdalar, eller om lag ti årsløner, for å ha «besovet» Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han i gapestokken.
Prest i Sør-Fron gjennom 24 år av Øystein Hov
Gausdølen Sverre Hov var prest i Sør-Fron frå 1950 til 1974. I tillegg til prestegjerninga var han sterkt interessert i kunst og kultur. Og han var også samfunnsengasjert.
Ord frå Fron i Norsk Ordbok av Lars S. Vikør
Norsk Ordbok behandlar ca. 300 000 ord frå dialektane og nynorsk skriftmål, dels baserte på trykte skrifter, dels på setlar innsende av lokale medarbeidarar. Boka Fronsmålet av Gunnar Jenshus er ei rik kjelde.
40 år med pensel og palett av Ola Holen
På dei 40 åra som har gått sidan Vinstra målarklubb vart stifta, har medlemene måla nesten 3000 bilde. Over 50 personar har vore innom klubben som har hatt mange utstillingar på Vinstra.
110 år sidan kroningsferda av Gard Espeland
Korkje før eller seinare har det vore så mange folk på stasjonane i Fron som da den unge kong Haakon, dronning Maud og vesle kronpris Olav reiste gjennom Dalen med tog den 14.juni 1906.
Eit langt liv i kamp for fråhaldssaka av Ole Chr. Risdal
Eit breitt samfunnsengasjement der opplysningsarbeid mot alkohol var viktig, kom til å bli eit vesentleg innhald i livet til Jens Risdal (1914-2000). Han var også aktiv i Gudbrandsdalslaget i Oslo.
Livet i og rundt Furulund på Sjoa av Kjell M. Resset
Lenge før dei kommunale kulturhusa vart bygd, var ungdomshusa fleirbrukshus, som Furulund på Sjoa. Her kunne livet til folk falde seg ut både innanfor og utanfor veggene, og det kunne gå vilt for seg iblant.
Da Edvard Munch gjekk gjennom Fron av Johan Storm Munch
Da Edvard Munch var på veg til Vågå i juli 1985, gjekk han gjennom Fronsbygdene. Han brukte ruta til fjells som var mest vanleg vegen før jernbanen laga heilt nye reiseruter.
Da det kom ein svensk sjarmør til Lo av Tone Anitra Kvernstuen
I 1895 kom det ein svensk ungkar til garden Lo på Vinstra. Her vart han kjærast med tenestejenta Karoline Henriksdatter. Etter at dei hadde gifta seg og fått eit barn, drog dei frå bygda – det enda dramatisk.
Med lang fartstid i butikk. Asbjørn Moen fortel
I nesten 50 år arbeidde Asbjørn Moen i butikk – dei fleste åra på Samvirkelaget på Sør-Fron. Han følgde utviklinga frå den tida da sirupen vart tappa frå tønner til skanning og strekkodar.
Også sorenskrivaren samla ord og namn av Gard Espeland
Sorenskrivar John Randklev på Hundorp var interessert i dialekt og lokale namn. Alt før dei store forskarane tok til å interessere seg for lokale målføre, tok han til å noterer ord og namn frå Gudbrandsdalen.
Ein svenske vurderer Randklev av Rasmus Stauri
Årsmelding 2015, Nord-Fron kulturpris 2015, omtale av medarbeidar 2016
Frå Steingeilen til Champs Élysées av Per Tofte
I 1963 debuterte sør-frøningen Per Tofte som skuespellar ved Trøndelag teater. Sidan har han spelt ved fleire teater både her heime og i utlandet – i tillegg til ei rekkje filmar og tv-seriar.
Farvel, gamle E6! av Geir Paulsrud
Det skulle gå vel 150 år før chausséen av 1869 vart avløyst av ein ny veg gjennom Gudbrandsdalen. Chausséen var sjølve symbolet på utvikling og varsla ei ny tid for Fronsbygdene, så vel som i resten av dalen
Landhandelen som ble kjent kro av Lars Tressum
Fryatun må vike for den nye E6. Det begynte med en liten landhandel med en liten kafé og utviklet seg til en moderne kafeteria med mange faste kunder, spesielt langtrangtransportsjåførene.
Auto´n på Sør-Fron av Gard Espeland
I 65 år har Sør-Fron Auto vore ein møteplass for sjåførar og bileigarar i bygda. Det har også vore ein plass der turistar og gjennomreisande har stansa. Starten var beskjeden og vanskeleg
Campingvertinne i over 50 år Bjørg Askmann i samtale med Gard Espeland
Sidan 1958 har vegfarande campingturistar kunne overnatte på Heimtun camping på Frya. Størst var turisttrafikken i 1970-åra. Den nye europavegen fører til store endringar i grenda.
Campingplassar i Fron av Gard Espeland
Eit oversyn over campingplassane i Fron
Rolstadlia – husmannsbruk under Nigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken
Som dei andre store gardane i Rysland hadde også Rolstad-gardane dei fleste av husmennene sine på baksida – der den sørlegaste delen difor vart kalla Rostadlia. Lengst sør låg plassane til Nigard.
Osteproduksjon på Harpefoss av Eiliv Enget
Alt rundt 1900 skal brørne Petter og Hans Haugen ha bygd eit lite ysteri på Harpefoss. Dette var kanskje det fyrste ysteriet i Fron som tok i mot mjølk frå produsentane og ysta ost som dei sende ut av bygda.
Falskmyntaren som vart slave av Tore Fevolden
I 1738 vart 22 gamle Halvor Olsen Fevolden dømt til å vere slave på livstid fordi han hadde laga falske myntar. Han døydde i 1740, og var truleg den fyrste frøningen som vart festningsslave.
Frøningar i borgarkrigen av Ola Morken
Minst 16 frøninar deltok i den amerikanske borgarkrigen. Motiva for å verve seg kunne vere naud og svolt etter uår og dårlege tider. Mange frøningar budde i Coon Valley i Wisconsin eller Skogdalen som dei sa.
Frå eit nordisk sommarkurs på Vik av Rasmus Stauri
I 1908 starta Gudbrandsdalens folkehøgskule på Vik i Kvam ein lang kurstradisjon for nordiske pedagogar. Det fyrste kurset var for norske og danske lærarar, seinare kom det deltakarar frå heile Norden.
Historia om Liene skule 1916-2013 av Eli Ringen og Else Marie Sletten
Liene skule er historie. Sjølv om Liene barnehage lever vidare i huset, er det sett punktum for ei 100 år gammal skulehistorie. Om lag 1350 elevar og meir enn 90 lærarar og assistentar har arbeidd på skulen.
100 år med nestekjærleik og omsorg av styret i Sør-Fron sanitetsforening
I 2014 var det hundre år sidan Sør-Fron sanitetsforening vart stifta. Målet var å drive humanitært arbeid og betre folkehelsa. Gjennom mange år dreiv sanitetsforeninga sjukebilen i bygda.
«Litljgardskaræin» av Vemund Hagen
Kvar sitt par ski, kvart sitt rom, kvar sin moped. Tre enkle liv utan kvinnfolk, parabolantenne og unyttige ting. Det var «Litljgardskaræin», Olaf, Alfred og Trygve som budde øvst i Sødorp.
Klengjenamn på Kvam av Håkon Sveen
Avanserte klengjenamn finn vi i heile Fron. Men truleg er det berre i Kvam at folk trivst med oppnamna sine – dei fleste i alle fall. Har du fyrst fått eit oppnamn, er det ikkje lett å bli kvitt det.
Turisttrafikk med båt i Skåbufjellet av Per Ottesen
Tidlegare var det båttrafikk i Skåbufjellet. Frå vassenden i sørenden av Espedalsvatnet til Olstappen kunne turistane bruke båt før 1940 – med unntak av eit par små strekningar der dei måtte gå.
Skodalsåa kulturstig av Guri Skurdal Tofte
Langs Skodalsåa på Harpefoss har Skodalsåas venner laga ein kulturstig med informasjonstavler der alle kan lesa om den store aktiviteten som var langs elva tidlegare.
Årsmelding for Fron historielag 2014, kulturprisar for Nord-Fron og Sør-Fron for 2014 og oversyn over medarbeidarar.
Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen
Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.
Kyrkjene vart brukt til vallokal også i Fron av Rasmus Stauri
Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.
Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken
På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte.
Omgangsskulelæraren i Langli´n av Tore Fevolden
I 1838 tok Engebret Bakken til som omgangsskulelærar i Langlia – ei stilling han hadde i 41 år. I 1840 kjøpte han garden Bakken som sidan da ofte har vore kalla Skulmesterhaugen eller Skulmesterbakkin.
Gamle segn og soger frå Skåbu av Georg Megaarden
Ein jotun som kasta stein på Skåbu-kyrkja. Tre brør som sette lite pris på presten. Og ein uvanleg fiskefangst. Dette er tre soger frå Skåbu som Georg Megaarden fortalde om i Arbeiderbladet in 1930.
Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland
Frå 1900 og utover var det stor interesse for å sleppe fisk i elvar og i fjellvatna. I Sør-Fron har det vore tre klekkeri – på Svelle, på Valseter og i Baukholsgrenda.
Tamreindrift i Fron av redaksjonen
Brekka skule – ein av dei nedlagte av Oskar Letrud
I 1913 vart det bygd nytt skulehus i Brekka like sør for Kvamsporten i Nord-Fron. Det avløyste det gamle frå 1886. Barn frå båe sider av Laugen gjekk på denne skulen som vart lagt ned i 1984.
Innmarksnamn på Tåkåstadgardaneav Sigurd Grytting
Innmarksnamn – namn på åker og eng – kan fortelje om friftsmåtar, om terrenget, eller om tidlegare eigarar. Med mange folk i arbeid var slike namn nødvendige. Nå er mange av namna i ferd med å forsvinne.
Opp og ned med Vinstra vidaregåande skule av Olav Bratland
For Vinstra vidaregåande skule har det vore uheldig med den sterke utbygginga av dei andre skoletilboda i Dalen. Det som ein gong var eit kjent landsgymnas, er ikkje lenger ein skole for heile dalen.
Kalkbrenning i Kollodalen> av redaksjonen
Halvdan Krag – ingen dusingvare av Hans Odenrud
Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, og han teikna og produserte prefabrikkerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og poetiske evner.
Lidarheim-butikken i Lia av Gard Espeland
I 1897 hadde Amund J. Rudi frå Sør-Fåvang tent så mykje på skreppehandel at han kunne kjøpe Lidarheim i Lia i Sør-Fron. Her opna han landhandel, og her var det butikk i over 100 år fram til 2004.
Kjøpmann og musikkentusiast – om Magnar Rudi av Gard Espeland
Olai – kuffertkremmar og lagstav av Gunnar Lien
Olai Olsen som budde på Breivegen, var ein kremmar som fòr rundt i bygda med kufferten sin og selde ymse varer. Også var han kjent for å vera ein lagstav, ei skravlebytte, utanom det vanlege.
Mitt Arktis i Fefortraktene av Sigrun Slapgard
I området opp mot Fefor kunne barn i Riste dra på polarekspedisjon, og i skogen ned mot Laugen kunne dei leike at dei var indianarar. Vart nokon skadde, kunne dei leggjast inn på sjukestova på låven.
Golo – ei elv i Ruste av Anders Haugen
Golo er inga stor elv, men likevel har ho vore til god nytte for rustværane, som har fiska, saga bord og male korn. Men elva har også skapt strid, og vore tema for bitre rettssaker.
Da Holocaust kom til Fron av Kjartan Ruset
I 1918 busette den jødiske familien Karpol seg på Harpefoss i Sør-Fron. Hausten 1942 vart dei tre barna, Klara, Samuel og Ester sendt til utryddingsleir i Tyskland. Frå der kom dei aldri att.
Sør-Fron sangkor 100 år av Vegard Bjerke
Sør-Fron sangkor vart stifta 25.februar 1914. Det har gått opp og ned med aktiviteten, men koret har sunge for kong Haakon, og saman med Ytre Suløen Jazzensemble, med Dolly de Luxe og Hanne Krogh.
Storfremmon i Kvam av Geir Beitrusten
Gjennom åra har mange kjende personar gjesta Kvam – alt frå kongar til popstjerner. Den kriminelle forfattaren Arthur Omre brukte til og med Kvam som base for smuglarverksemda si.
Ord og uttrykk i fronsmålet av Magne Malerbakken
Fårråreppen sett frå Kjønås av Jon Ødegård
For dei som budde på Nørdre Kjønås var det stuttare å dra til butikken på Frya enn til Vålbrua. Ved riksveg 50 skjedde det mykje spennande. Men ein slik tur kunne også vere skummel for ein som var liten.
Froon, Ffroon, Fraaen og Fraun av Tore Fevolden
Gravminne i Fron. Av Arnfinn Engen
Frå siste delen av 1700-talet vart det meir vanleg at det vart sett eit minne på grava med namn og dato for fødsel og død. Spesielt i åra 1820 til 1850 vart det laga gravsteinar av kleber i Fron.
Husmannsplassane under Ulberg. Av Odd Jan Skriubakken
Garden Ulberg på vestsida mellom Harpefoss og Lia har hatt husmannsplassar. Det er Skinne, Skinnehaugen, Reire, Dokka og Huse – i ein kortare periode også Estinlykkja og Jørnslykkja.
Slik levde vi i Huse. Av Odd Jan Skriubakken
Den siste familien som budd på husmannsplassen Huse, hadde ikkje berre nok til det daglege brød. Dei hadde òg råd til å abonnere på Ukens Nytt. Barna var med og skar åker frå dei var seks år gamle.
Ei gravferd i 1940. Av Oskar Letrud
Før var det relativt faste reglar for korleis ei gravferd skulle vere. Til middag måtte det helst vere ferskt kjøtt. Det måtte vaskast og bakast, og nokon måtte gå i skogen for å finne granbusker og granbar.
Nedregata før ´Terian kom. Av Per Ottesen
I 1950-åra var ikkje Nedregata på Vinstra berre hovudvegen mellom Oslo og Trondheim. Ho var også den viktigaste møteplasen i bygda og handelssentrum i Nord-Fron kommune.
Søndagsmiddag på Kafeterian. Av Gard Espeland
I 1950-åra gav ein bil fridom – fridom til å reise til Vinstra for å kjøpe seg søndagsmiddag på den ultramoderne Peer Gynt Kafeteria. Den gongen Vinstra var Nedregate, og all trafikken på riksvegen passerte her.
Kringle på Pettersens kafé. Av Per Ottesen
Frå 1945 til 2002 var Pettersens kafé ein viktig møtestad på Vinstra. Kaféen og Anna var “berømt” for den gode kringla si. Her kunne både gymnasiastar og lokal ungdom møtast.
“En kjekk 90-åring i Sør-Fron”. Ved Eivind Holen
Marit Tagestad Holen , som fylte 90 år i 1938, kunne hugse både kongeferda i 1860 og storflaumen i Laugen same året. Dette kunne ho fortelje om i eit intervju som avisa Laagen hadde med henne.
Oppvekst under den kalde krigen. Av Gunnar Lien
Under krigen var det stor aktivitet på Frya, med ammunisjonslager, soldatar og krigsfangar. Etter krigen måtte grenda finne attende til kvardagen, med i lang tid var spora etter krigen der.
Spilte A-lagsfotball i 27 år. Av Geir Teigøyen
Nils Røssummoen blir av mange regnet som Gudbrandsdalens beste fotballspiller gjennom tidene. Hans spilte førstlagsfotball i hele 27 år- og selvsagt scoret han også i sin siste kamp.
Vanskeleg å lese gotisk handskrift. Knut Tvete i samtale med Rasmus Stauri
Vegane i Skurdalsgrenda. Av Eiliv Enget
I 1920-og 1930-åra fekk Skurdalsgrenda ny veg. Bilane måtte kome fram til hotell inne på fjellet. Framleis kan vi sjå spora eter Gammelvegen mange stader.
Stadnamn etter Gålåvegen. Av Eiliv Enget
Ein av dei fyrste bileigarane. Av Eiliv Enget
Han samla eventyr for Asbjørnsen. Av Velle Espeland
Ein gong rundt 1850 sende lærar Peder Nielsen to eventyr frå Fron til Peder Christen Asbjørnsen. Det eine-“Den kloge høne” – vart liggjande i arkivet og har aldri før vore trykt.
“Så halmballer og gjerdestolper skvatt!” Av Steinar Larsen
Øyvind Hernæs´store interesse var motorsport. I 30 år kjørte han billøp, og konkurrerte med samtidens mest kjente bilførere som Kjetill Gudim og Trond Schea. Ofte kom han langt oppe på premielistene.
Sandbu stoppestad. Av Aud Sandbu
I 1914 oppretta NSB ein stoppestad ved Gammel-Sandbu. Trafikkgrunnlaget var mellom anna mjølkespann som skulle sendast til og frå ysteriet på Vinstra. Fyrst i 1966 vart haldeplassen lagt ned.
En lang låve på Steig. Av Nils Christian Steig
Låven på Steig i Sør-Fron er hele 62 meter lang og 11 meter bred på det bredeest, og enda har den vært større. Da den ble bygget rundt 1859, måtte tømmeret hentes langveisfra.
Gymnasiast på Vinstra i 1950-åra. Av Arne Finborud
Gymnaset på Furuheim hadde ikkje råd til vaktmester før i 1951. Ein nabo sørgde for vedforsyninga, men rektor måtte ofte i sving med primusar tidleg om morgonen for å tine opp dei to wc-ane.
Fagerhøy – setra som vart skule. Av Carl Henrik Grøndahl
Storhaugen, setra til Sygard Forr, vart bygd ut til Fagerhøy Sanatorium som opna i 1882. Frå 1969 har det vore leirskule i kombinasjon med vanlege turistar på den vêrharde staden 1018 moh.
Fra Frons eldre historie. Av Ingar M. Gundersen
Allerede for omkring 2000 siden ble det drevet jordbruk i dalbunnen ved Grytting, Frya og ved Breivegen i Sør-Fron. Men hyppige flomkatastrofer for omkring 1500 år siden kan ha ført til at gårdene ble oppgitt.
Fra Orkenøyene til London og Gålå. Av John R. Sclater
I flere generasjoner har familien Sclater feriert på Gålå der de kjøpte ei gammel seter i 1902. Men allerede i 1873 ferierte den unge Francis Saudersen Sclater i Vågå der han fant sin store kjærlighet.
Ny kjerring på gammel gard. Av Kari Bay Haugen
Ung og uten erfaring med gardsarbeid kom Kari Bay Haugen til den tradisjonsrike Sygard Forr som gardkjerring – en gard som hadde vært i slekta side 1745. Det var ikke bare lett.
Kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal. Av Kåre Hosar
Læraren og den allsidige og originale kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal kom til Sør-Fron for fyrste gong i 1956. Resten av livet vart bygda heimen hans – frå 1969 Almelykkja i Øverbygda.
Bispevisitas i Fron i 1620. Av Velle Espeland
Til minne om sivile som mista livet. Av Arild Teigen
Minneord over Asbjørn Fevolden
Årsmelding Fron historielag
Kulturprisar
Oversyn medarbeidarar i Fronsbygdin 2013
F.v. redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørane Per Ottesen og Rasmus Stauri.
Kjøp boka!
Byggeskikk i Fron
Av Arnfinn Engen
I alle fall dei siste par hundreåra har Fron vore eit brytnings-område mellom den tradisjonelle byggeskikken i dalen, og dei nye stiltrekka som kom inn frå sør tidleg på 1800-talet.
Men det var ikkje siste dans
Av Per Ottesen
På Bøndernes har både The Spectacles, Per Aabel, Oddvar Nygaard og Ola Opheim stått på scena. Gjennom 50 år var forsamlingshuset sentralt i forenings- og festlivet, men så var det slutt, eller …
Hans Joten – jernmann, rimsmed og samfunnsrefsar.
Av Gunnar Lien
Som smed var han vel berre så måteleg. Heller ikkje var det nokon stor poesi han kom med. Det var det store engasjementet han synte i dei sakene han trudde på, som gjorde han stor.
Frå Mælingen i Kvam til Minnesota.
Av Arild Teigen
Præriebrannar, store svermar med grashopper og iskalde vintrar. Mykje slit venta nybyggjarane frå Kvam som slo seg ned i Minnesota i 1869. Framleis har etterkomarane kontakt med heimbygda.
Skoekampsetra på Engeberget.
Av Oskar Letrud
Setra på Engeberget i Kvam har vore eigd både av kongen og av småbrukarar. Ei tid var det også planar om ei turistverksemd der. Men nå står husa til nedfalls slik som på så mange andre setrar.
Da Frya hadde eget 17. mai-tog.
Av Odd Ivar Storløkken
I 1949 hadde Frya sitt eget barnetog på 17. mai. Omkring 15 elever gikk bortimot 3,5 km før Theodor Bakken kjørte dem i lastebil til Hundorpgeilen slik at de kunne slutte seg til toget som kom fra Lia.
Vals te tusen.
Av Rasmus Stauri
Den 18. september 2010 fekk spelemannen og komponisten Oddvar Nygaard (1919–1985) sitt fysiske minnesmerke i Sør-Fron sentrum. Melodiane og musikargjerninga hans vil seint bli gløymt.
Da Nørdre Øverbygda fekk skule.
Av Anton Bjerke
I 1865 vart det innkjøpt ei tomt til ein skule for Nørdre Øverbygda i Sør-Fron. Skulen var i bruk heilt til 1961 da kretsen fekk skulehuset til forsamlingslokale. Dette fekk namnet Øvertun.
To døler på studenbenken.
Av Helge Stormorken og Hans Gotfred Sandbu
Etter halv ti skulle det være stille, og å gå på do etter den tid var slett ikke tillatt. Reglene var strenge for de to veterinærstudentene som delte en 15 kvadratmeter stor hybel i Oslo i åra 1942–1947.
På jakt etter storelgen.
Av Johan Dalseg
Budeiene på Sødorp-setrene skulle ha sett ein uvanleg stor elgokse i området, og jegerane året før oss hadde vore i kast med ein «bigse» der, så kanskje hadde Ole ein baktanke med å jakte i Frylia.
Låven som vart pilegrimssenter.
Av Rasmus Stauri
Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam: sløydsal, internat, ungdomsherberge, turistinformasjon, butikk, og pilegrimssenter.
Den siste husmannsplassen.
Av Per Ottesen
Bakkestugu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her budde Rønnaug Sagboden til ho døydde i 1994, 99 år gammal. Ho levde eit nøkternt liv, og tente litt på å strikke – mellom anna «rosahoso».
Smiu åt Pettersen-karom.
Av Nora Stormyrbakken
Nesten alle i bygda hadde ærend til Ole eller Magnus Pettersen på Vinstra den tida alt som kunne reparerast, vart reparert. Pettersen-karane passa også brannbilen, og rykte ut når det var brann.
Ein tur Bortafor.
Av Gard Espeland
Bortafor kunne barn frå Lia oppleve spennande filmar og dødsryttarar ved kommunelokalet, dessutan eit intenst kaféliv på Svendsens kafé. Men det kunne også vere turar fulle av skrekk og gru.
Da sorenskrivaren ville ha seterveg.
Av Knut Fossehagen
I 1845 vart bøndene i Nørdre Lia på Sør-Fron samde om å byggje ny veg heilt inn til setra på Bjørnhaugen. Pådrivar var sorenskrivaren på Hundorp, men også presten gjekk inn for prosjektet.
Oppvekst på Kvarvet.
Av Trond Dalsegg
Også barna til bureisarane på Kvarvet måtte tidleg vere med i arbeidet. Det var ein stor dag da ein fekk vere med mor og far til Vinstra for å kjøpe armbandsur som takk for innsatsen.
Tårnbyggjaren som vart frøning.
Av Hans Odenrud
Byggmester Werner Olsen budde store delar av livet på Fron. Han restaurerte kyrkjer i mange bygder i Gudbrandsdalen. Men det var truleg ikkje han som bygde opp att Listadkyrkja i 1617.
Havfrua i Furusjøen.
Av Velle Esepland
I følgje ei gamal segn skal det ha vore ei havfrue i Furusjøen på Kvamskjølen. Og ikkje berre var ho vakker, ho kunne også gje svar på alt ein lurte på. Men møtet med ein reinsjeger vart dramatisk.
Da «Sjennin» skulle over Augla.
Av Fride Gunn Rudi
Det gjekk nesten gale da Einar Rolvsbakken og hesten «Sjennin» prøvde å gå Kalstigen beinast over Augla for å kome til Kile. Korkje før eller seinare har det gått hest på denne smale stigen.
Spennande leik ved Fossåa.
Av Tordis Irene Fosse
Ei elv som Fossåa er spennande og forlokkande, men også dramatisk og farleg. Medan dei vaksne kjører tømmer, skyl klede og hentar vatn, prøver barna ut grensene, og lærer kvar dei er.
Den gongen telefonen var manuell.
Av Gard Espeland
Hausten 1939 tok Inger Engum (Espeland) til som sentralborddame på Sør-Fron, 17 år gammal. Lønna var 25 kroner månaden, og arbeidet inkluderte også litt barnepass og enklare husarbeid.
Oppvekst på kraftanlegg i Skåbu.
Av Trond Bakkevig
Aller best likte jeg å være med Nils Sande når han kjørte rundt med sin Bedford lastebil, eller med beltebil om vinteren. Jeg var hjelpegutt når vi kjørte til Rauskaret, Sandvann eller Heimdalsvannet.
Jernalderfunn på Jetlund i Sør-Fron.
Av Svein Jetlund
I samband med utgreiingane kring ny trase for E6, vart det hausten 2008 og våren 2009 gjort arkeologiske undersøkingar fleire stader i Midtdalen. Mellom anna vart det gjort store funn på Jetlund.
Anonymt mellomalderhus i Sør-Fron.
Av Gard Espeland
På Haverstad i Søre Lia står eitt av dei aller eldste trehusa i landet – eit stabbur som opphavleg truleg hadde ei sval på alle fire sidene i andre høgda. Berre om lag 200 tømmerhus i Norge er så gamle.
Murar og tufter i Steindalen.
Av Mildri Een Eide
Etter synfaringane stod vi att med tre tolkingar. Var murane og tuftene spor etter ei bygdeborg? Kunne det vere spor etter ein husmannsplass utan jord? Eller var dette spor etter stor verksemd i steinbrotet?
Det andre Hundorp.
Av Gard Espeland
Ein sjeldan gong hender det at Hundtorp i Bardu i Troms blir forveksla med Hundorp i Sør-Fron. Og faktisk finst det eit slags samband mellom desse to stadene med nesten det same namnet.
Ny daterering av Fron-hus på Maihaugen.
Kan du Fronsmålet?