Monthly Archives: desember 2016

Takk for laget i året som gjekk

Av ein eller annan grunn har ikkje heimesida til Fron historielag slått an på Svalbard, Grønland og i nokre land i Afrika i 2016. Frå dei grå landa har det ikkje vore nokon inne her. Elles har det vore besøk frå dei fleste land i verda, m.a. New Zealand, Iran og Irak, Ecuador og Senegal. Det er frøningar over alt.

skjermbilde-2016-12-31-kl-10-27-59

Ein nekrolog er den mest leste artikkelen på denne heimesida i 2016. Redaksjonen sett pris på reaksjonar og idear. Vel møtt i 2017!

skjermbilde-2016-12-31-kl-10-28-28

2 kommentarar

Filed under Informasjon

Høgtidsam jolehelg

61044_472580989467338_1265220966_n

Med desse gamle julekorta frå FB-sida Det Gamle Norge ønskjer Fron historielag ei fredeleg julehelg for alle medlemmane våre, for alle som blir medlem i 2017, for alle som er interesserte i lokalhistorie – og for alle lesarane på denne sida. Og vi gjer det med litt historie på dette viset:

HØGTIDSAM JOLEHELG OG SIGNINGSRIKT NYÅR !
-Eg sluttar meg til den helsinga som professor Olav Midttun brukte på julekorta han sendte ut i 1950-og 60-åra. På den tida kunne du berre skrive inntil fem ord på eit julekort før portoen gjekk opp. (Hadde ikkje noko med vekt å gjera, men ved meir enn fem ord gjekk det over til brevporto). Såleis: I staden for å skrive det snaue «god jul og godt nyttår», fekk han til meir innhald, meining, optimisme og poesi ved å skrive «Høgtidsam jolehelg og signingsrikt nyår!» – Nokon betre? Skriv Hallgrim Berg på Facebook-sida si.

 

149701_472584002800370_1179835949_n

julekort

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Nye E6 og vintervegen

img_1426

Frå opninga av nye E6 på Vinstra. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Fron historielag melder seg blant gratulantane! Nye E6 opna i dag med dans og leik, Peer Gynt, musikk, takk og gode talar. Sikrare, raskare og betre veg på alle måtar. Vegen har kosta rundt 200 millionar kroner pr kilometer eller 2000 kroner pr cm, og eit lite blikk attende kan gje nokre perspektiv på næringstransport før i tida. Knut Fossehagen fortel om korleis dei fekk høyet heim frå setra. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

I ætt med dei gamle sagamenn

Ein lovtale over Ivar Kleiven

ik

Ivar Kleiven. Foto: Anders Bugge

KNUT LIESTØL: Denne vesle artikkelen var skriven då den syrjelege meldingi kom at Ivar Kleiven døydde på Kleivseter i Vågå den 19de februar 1934, burtimot 80 gamal. For den som vil granska gudbrandsdalsk bygdeliv og kultur, er Ivar Kleivens bøker den rikaste og beste kjelda. Det er ei staselig rekkje av verk – frå hans Segner frå Vågå som kom ut i 1894 og til dei fem dryge bandi av Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen – siste bandet Fronsbygdin kom i 1930. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Forvist til Espedalen!

Om David Forbes, presten Galschjøt og Per Flåtå

nikkelverket

Nikkelverket i Espedalen i drift. Maleri fra Chr. Tønsbergs samling «Norge frenstillet i Tegninger». Man mener at Davis Forbes har malt det. 

KRISTIAN ELSTER D.Y: Den 21-årige skotte David Forbes, som drev Nikkelverket i Espedalen midt på 1800-tallet, var en usedvanlig utrustet mann. Ikke eldre enn han var, ble det nye verket betrodd ham, samtidig som han førte overoppsyn med verker i andre land. Han var selskapsmann, verdensmann. Og forvist til Espedalen! Han tok livet som det bød seg og førte selskapelighet i stor stil i fjellbygden, han kom på god fot med dølene. Det gikk ikke sjelden sterkt for seg, det lever ennu sagn om det.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

En masurka oppå lasset

masurkaPÅL KLUFTEN: Efter spillemannen og turistføreren Ola Moløkken, Garmo, har jeg tegnet op ovenstående stemningsfulle «Gjendemasurka». Da byggmesteren Ivar Vetlseter frå Vågå hadde tatt på sig å bygge Turistforeningens hytte Gjendebu, var han litt i beit for å fraktet materialene, vilt og uveisomt som det er langs Gjende. Men han fant på råd. Han la op tømmeret i en flåte, la dører, vinduer og ovner til hytten ovenpå, og øverst reiste han en diger bjerkebuske til seil. Og da han fikk bør, seilte han hele stasen i ett til Gjendebuodden; men på toppen av «skuta» satt Ivar sjøl og spilte ovenstående «Gjendemasurka.» Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Vi har mista ein av dei beste

Minneord om Ragnar Øvrelid

ro2

Ragnar Øvrelid 1928 – 2016. Foto: Rasmus Stauri

I boka Hundorp med undertittel Tusenårsstaden i Oppland (Samlaget, 2005) vart Ragnar Øvrelid invitert til å skrive ein lengre artikkel om «Hundorp, garden og bygda». Han svara med ein gong positivt på det spørsmålet. Han skriv:

Tillat meg først eit personleg minnne frå ei utferd i dei fjerne 1930-åra. Når vi vestlendingar for ein gongs skuld skulle på ein lengre familietur, vart det gjerne leigd drosje. Det kosta ikkje så mykje, og da var vi fri til å ta avstikkarar og til å sjå og oppleve det vi måtte ønske. Vi overnatta på Otta, og køyrde vidare søretter dalen neste dag. Det er to ting den daverande seksåringen framleis hugsar. Det er stasjonen med lukta og synet av toget for første gong, storlokomotivet Dovregubben. Og det er Hundorp, det staselege tunet, sett frå riksveg 50. Hundorp hadde eg høyrd om, og lese i Snorre om, og spela «Historisk frikort» om. Ikkje slik at Snorre var seksåringens kjæraste lesnad, som det gjerne heiter om store nordmenn, men far min stilte tydelege krav om at den historia skulle eg i det minste ha med meg, ved sida av Tarzan-bøkene. Her fekk eg – storøygd – sjå det eg trudde var garden til Dale-Gudbrand med gravhaugar, bautastein og alt. Lite visste eg om empirestilen frå 1800-talet, så her steig sjølve Norgeshistoria fram for meg, med kong Olavs rikssamling og kamp mot avgudar. Ingen, ikkje eingong Gro Steinsland, skal få ta frå meg den opplevinga.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Øyvind Hernæs med puff og motorsykkel

Noen historier om en uvanlig kar

oh

Øyvind Hernæs på kontoret. Ukjent fotograf.

STEINAR LARSSEN: Øyvind Hernæs (1931  – 1998) sørget for å få konstruert en av dalens største rattkjelker; lang og tung med et digert ratt og wiresving. Fra Harpefoss stasjon satt han mang en gang på kjelken bak hotellbussen opp til Gålå. Ned igjen skal farten ha vært av det ville slaget med ti til tolv unger bakpå. Kjelken var i bruk til ut i 60-årene, men havnet ved en mer eller mindre ulykksalighet i Laugen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Ei lita førjulshelsing frå slottet

slottet

Tre år gamle kronprins Olav bryt gjennom i denne helsinga frå slottet i 1906. Frå samlinga til Anne Marit og Knut Bay, skanna av Vegar Skar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk

Kjenn på boka – og kjøp ho

Fronsbygdin 2003 – 2015 for berre kr 100 på Rudi-markedet søndag

15123088_1112756842094292_5487884538536975031_o

fbfjellFrå kl 12 til 16 søndag 4. desember kan du bla i og sjå og kjøpe alle årgangar av Fronsbygdin i Rudilåven. Saman med anna håndverk, kunst, mat og trivleg førjulsstemning. Og med mange andre utstillarar som byr fram kvalitetsvarer. Ei god anledning til å skaffe fine julegaver! Dei fyrer opp på peisen, koker kaffe og varm sjokolade med noko godt attåt. Og du treffer mykje trivleg folk denne dagen. Gratis inngang – velkome!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk