Etter pesten seig dei rike og mektige ned

Svartedauden verka sterkt sosial utjamnande i Fron

15281RAGNAR ØVRELID: Korleis verka pestane på befolkningsutviklinga i fronsbygdene? Svartedauden herja i Noreg  vinteren 1349-1350. Her i Fron smitta nok bylleepidemien gjennom lopper i klede. Og det kom fleire pestar, «barnedauden», drepsotta» og mange fleire utover til 1600-år. Da tok endeleg pestepidemiane slutt, av ein eller annan grunn. Lagar vi eit kart over dei gardane som var i bruk i 1528, ser vi at folk hadde klumpa seg saman på dei beste områda. Skåbu var fråflytt, og store deler av nordre Fron i det heile. Det var mykje tettare folkesetnad sør i hovudsoknet.

15282Kjeldene frå den tid kan også fortelje om ein sterk nedgang i verdien på jorda. Dette viser seg særleg tydeleg i tala for jordleige. Dei få frongardane vi har opplysningar om frå 1400-talet, viser at landskylda (jordleiga) da berre var mellom 8 og 16% av det leiglendingane måtte ut med før 1350.

Det var altså gylne tider for dei leiglendingane som levde att etter pestane. Dei kunne leige jord mest gratis og velje seg ut dei beste gardane dessutan.

For jordeigarane, som delvis levde av å leige ut jord, var derimot situasjonen øydeleggjande. Heller ikkje var det lønsamt for dei å selje jord. Dei kunne ikkje rekne med å få meir enn ein firedel av gammal pris. Så dei rike og mektige i bygda seig ned i det vanlege bondestandet. Vi må rekne med at krisa etter 1340 verka sterkt sosial utjamnande i bygdene her.

Redigert utdrag frå Historia om Fron, bind I

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s