Ein Per som ikkje går utanom

I  2015 vart Per Ottesen intervjua  i Kyrkjeblad for Nord-Fron

skjermbilde-2016-04-19-kl-08-45-51

Per Ottesen 1945-2016

KJARTAN RUSET: Vi ser at Per har vore gjennom sjukdom. Han ruvar ikkje som før. Sjukdom og behandlingar har teke på. Det er litt rart å møte ein tunn Per Ottesen. Men mannen er elles den same. Vi kjenner att smilet, låtten, humøret.

– Å, det er ikkje alltid på topp, vedgår han. – Det er dagar då eg ikkje orkar stort, ikkje ein gong å lese e-postane som kjem heile tida. Men så får eg ein god dag, og føler meg nesten som før.
– Det var tøft å få diagnosen for vel eit år sidan. Men eg har fått god hjelp, har hatt mange flinke legar. Og så vert ein så veldig glad når behandlinga lukkast og det går betre for ei tid.
Per har vore alvorleg sjuk også før kreften meldte seg.

pero– Eg tok eit oppgjer med Vårherre i 1998, då eg fekk hjarteproblem. Skreiv avskjeds-brev til kona, med praktisk informasjon, litt om gravferda óg, og så nokre ord berre til henne. Brevet la eg i bagen som eg pakka då eg måtte på sjukehuset. – Eg er ikkje redd for å døy!
Slik gjer ein det, når ein ikkje går utanom, men ser realistisk på det som kan kome, og har tankane hos den som står ein nær. Stóisk ro, kallar ein det. Stóikarane i det gamle Roma gav oss ordtaket: «Memento mori !»«Hugs, du skal døy!». Ein visdom som vi óg finn i Bibelen og ofte siterer i kyrkja: «Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta».
Per kan sjå attende på eit innhaldsrikt og aktivt liv. Det siste engasjementet har vore sidene i avisa Dølen som han har fylt med mykje interessant lokalhistorisk stoff.
Dette oppdraget overtok han etter Arvid Ødegård for åtte år sidan. Siste året har han ikkje vore så viss i avisa, på grunn av lange og harde behandlingar.
Interessa for lokalhistorie går heilt tilbake til folkeskulen. Han hadde Pål Kleiven til lærar.
– Pål var ein fantastisk forteljar. Han fortalde oss alle segnene om Per Gynt, og mykje anna frå før i tida. Han vekte interessa mi for lokalhistorie. Pål Kleiven betydde mykje for meg, han var ein veldig god lærar, med mykje omsorg for elevane. Han var overlukkeleg når ein elev gjorde framsteg. Då eg var i ten-åra og møtte min gamle lærar, hugsa eg at han tala til meg som likemann. Slik var han.
Det var jarnbanefolk på alle kantar i Ottesen-familien.– Far frårådde meg å bli jarnbanearbeidar. Det var mykje slit og låk løn, meinte han. Bestefar Albert skreiv
seg fyrst for Olsen. Ein dag fekk han brev frå leiinga ved jarnbanen: om han kunne finne eit anna etternamn, for dei hadde over tre tusen Olsen’ar i NSB ! Dermed vart det Ottesen, etter tippoldefar Otto.
– Far fekk ein spesiell honnør på gravferdsdagen: i det vi bar kista ut frå Sødorp kapell, passerte eit tog og tuta både vel og lenge – ei høveleg helsing til ein trufast slitar på lina!
Per hadde lett for det i skulen, og søkte landsgymnaset etter framhaldskulen. Med si interesse for lokalhistorie, vart det den nyoppretta norrøn-lina. Han minnest gode
lærarar og eit godt skulemiljø. Men det butta litt imot i skulearbeidet, spesielt i 2. klasse. Og i russetida var han entusiastisk med i feiringa, og spelte i russe-musikken. – 17.mai i 1964 spelte vi i Brekka, Kvikne, Ruste og Sødorp, før vi avslutta i russetoget. Då var eg rimeleg kjei når kvelden kom!
-Av lærarane hugsar eg spesielt Vikør, som vi hadde i gamalnorsk, og Gudmund Sandvik. Han hadde budd i Paris, og var entusiastisk frankofil. Hugsar sjølvsagt godt Arvid Ødegård, som vi hadde i matematikk.
Den unge Ottesen vart medlem i Arbeidarpartiet som 15-åring i 1960. Det har vore verv i partiet heile tida sidan, til sist som lokal partileiar og varaordførar. I 1963 kom Kings Bay-saka. Det var harde diskusjonar mellom Sosialistisk Ungdom og AUF, minnest Per. Han hadde aldri spesielle ambisjonar på eigne vegne, men sa ja når han vart spurd om å ta eit verv.
– På femti- og seksti-talet var det tradisjon for unge karar i Fron å dra til sjøs eller på kvalfangst. Vi var tre kameratar som planla å reise ut saman. Sjømannspapira mine var i orden, men det drog ut med å få hyre. I ventetida gjekk eg til Brovold i Samvirkelaget og spurde om arbeid. Jau, eg kunne ta til over helga. På måndagen stilte eg i butikken. Der tok eg fatt på fiskeutstyret og ordna opp i det. Hadde litt kunnskap i faget, som ivrig hobbyfiskar.
Det vart korkje jarnbanemann eller sjømann av Per Ottesen. Snart måtte han i Kongens klede, og dermed vart ein kurs staka ut. I militæret vart han sett i chiffer-tenesta, der jobben var å sende og motta meldingar i kode. Maskinskriving var og ein del av jobben.
Med den praksisen han fekk i militæret vart det jobb i forlag i Oslo og ekstrajobb i eit shippingfirma.
I Oslo møtte han si kjære Rigmor. Dei flytte saman og fekk sonen Erik i 1969. I 1970 kom den vesle familien heim til Vinstra. Då hadde den driftige Per kjøpt Vivo-butikken i Øvregate. Son nummer to, Rune, kom i 1971. Til jul det året kunne dei flytte inn i eigen heim i Byrevegen 95. Med minstemann Knut Are var trekløveret fullt, hausten
1972.
Butikken gjekk ikkje så bra som ein kunne ynskje,og då han på ein Oslo-tur oppsøkte sin gamle sjef, som no dreiv Bjørge Shipping, vart han spurd om å ta eit tre månaders vikariat i telex-acdelinga. – Dei tre månadane vart til 17 år! skrattar Per. Dermed vart Per pendlar, som så mange frøningar. Snart var han engasjert i Pendlar-forbundet, og sa som vanleg ja til å ta verv. Det vart mange travle år som forbunds-leiar. – Eg vert sveitt når eg ser att 7-sansen min frå den tida! sukkar Per.
Det er lett å forstå, for det var ikkje berre Pendlarforbundet og jobben i Oslo i denne tida. Han sat og i kommunestyre og formannskap heime i Nord-Fron.
Og skal vi ta med alt, er stikkorda UFO, og skriving. Per er ikkje i tvil om at UFOar finst, for han har sett dei sjølv. Han fortel om den gongen då han sat på toget heim til Vinstra, og sprang frå det eine vindauga til det andre for å sjå det som fylgde toget oppover dalen. Då
han kom heim, stod ikkje telefonen. Hundrevis av menneske hadde gjort observasjonar den kvelden. Per var då kjend som UFO- ekspert, og folk kontakta han når dei
hadde sett noko.
resolverskottegullet_productimage7d0125f20e327c946d6db47915b3e41c978792fead54905d442216f3
På nettet finn vi Per Ottesen og oversikt over det han har utgjeve av bøker og publikasjonar. Det er ei lang liste. Kven har ikkje i desse tider høyrt om Tesla – den
elektriske bilen som mange beundrar, og andre ergrar seg over? Men kven var det som introduserte Tesla for eit norsk publikum, vel å merke mannen Tesla, som bilen er
oppkalla etter? Jau, sjølvsagt Per Ottesen. I 1989 gav han ut eit hefte om serbo-kroaten Nikola Tesla (1856-1943), oppfinnaren av vekselstraum-motoren. Meir kjende er bøkene Spøkelser, Skottegullet, Per Gynt. Mannen og segnene , Pål Kluften – lokalpatriot og verdensmann, Dølar på kvalfangst.
Då Sødorp kyrkje var 250 år i 2002, fekk soknet nyte godt av Per sine lokalhistoriske kunnskapar. Per kunne bruke sitt manus frå gymnasdagane, særoppgåva om Sødorp kyrkje, til jublileumsskrift for kyrkja. Skal tru om den livsrøynde og produktive skribent har nokre visdomsord til slutt?
Det kjem eit på svensk, med den gode låtten: – Det är så roligt att leva, för då får man se hur det går! Og så kjem det meir alvorsamt: – Eg har gjort mykje rart som eg angrar. Men så er det og slik, at den som aldri har gjort noko gale, har heller ikkje lært noko. Dei som
aldri angrar noko, synest eg synd på.
Han går heller ikkje utanom angeren, denne vår Per. Den andre Peer, han vi møter på Borgen ved Gålåvatnet, kom og dit til slutt. Og min sant: trur du ikkje den mangslungne Per Ottesen også var der, i ulike roller i «Peer Gynt» – oppsetninga gjennom fleire år, som aktiv i Per Gynt teaterlag! Få har femna så vidt i interesser og sitt engasjement som han.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s