Per Ottesen er død

Her er minneorda ved lanseringa av Fronsbygdin 2016

po

Per Ottesen 1945-2016

RASMUS STAURI:  Det var ei svært trist melding som kom i går kveld.  Per Ottesen, medredaktør i Fronsbygdin sidan 2008, somna roleg inn tysdagskvelden. Det lokalhistoriske miljøet i Fron har nå mista ein verdifull medarbeidar. Fotavtrykka er mange: den lokalhistoriske forfattaren, den historiske spalta i Dølen, men ikkje minst i redaksjonen og for lesarane av Fronsbygdin –  for teatermiljøet. Fotavtrykka i alle som kjende han både i og utanfor familien.

Det blir eit stort tomrom i redaksjonen. Gå gjennom årgangane frå 2003 og sjå berre på dei mange artiklane han skreiv om så ulike emne, frå kvalfangarar frå Fron til båttrafikk på Essdalsvatnet, til det gamle Vinstra og livet på Bøndernes hus og den gode kringla på Pettersen kafé – for å nemne ørlite. Alt er med på å leggje det solide, økonomiske fundamentet til historielaget.

Les intervju med Per Ottesen i Kyrkjeblad for Nord-Fron desember 2015

Her skriv Per Ottesen om frøningar på kvalfangst.

Her skriv han levande om Rønnaug Sagboden

Inga trøyst, men flom i Gudbrandsdalen er diverre ikkje noko nytt. Per Ottesen skreiv om storflommen i 1938.

Saman med Vemund Hagen laga han ei digital historieforteljing: Vinstra – ein by blir født:

Rettnok visste vi at han hadde vore sjuk ei lengre tid, men så typisk for Per – han ville vera med i dette arbeidet så lenge han kunne, trass i tunge stunder med sjukdom og minkande krefter.

Han er derfor ført opp som medredaktør i Fronsbygdin 2016, for dette arbeidet er bygd på kameratskap og solidaritet. Per var ein kamerat og ein ideelt innstilt person. Han sa siste gongen vi hadde ein lang samtale på telefonen for ti dagar sidan at han ville vera med på lanseringsmøtet her i kveld. Eg skulle koma innom han ved sekstida for å hente han. «Eg vil halde fram som korrekturlesar så lenge det er bruk for meg, og så lenge som eg kan», var den siste beskjeden.

Da Ivar Myrstad gjekk ut av redaksjonen i 2007, var det svært naturleg å spørja om Per Ottesen ville ta plassen hans. Han trong ikkje lang tid på å tenkje seg om før eit «ja» kom ein fin sommardag – med  ein kaffikopp utafor huset, der han og Rigmor budde. «Ja, oss må ha kaffe, veit du», med ein god skratt etterpå.

480xSidan utgåva i 2008 var han vore med som redaktør, idémakar, kontaktperson, skribent, konsulent, korrekturlesar – alltid samvitsfull og nøyaktig. Ja, det var ikkje måte på feil han kunne oppdage i fyrstekorrekturen.  For slike store lokalkunnskapar han hadde! Tok vi til med eit emne og let tanken spinne fritt, kom det historier og anekdotar og forteljingar. Vi veit at dersom han vart spurt av eit lokalhistorisk bygdamenneske om eit bilde, kunne han sende 15 andre samtidig. Han hadde eit stort og verdifullt privatarkiv. Han var snill, men kunne kanskje ha vore snillare mot seg sjøl innimellom…

Dette er ikkje det rette tidspunktet for å koma inn  på alt det han stod for, men likevel: den omfattande skribentrolla og dei mange han hjelpte, ofte utan rare takken,– og tenk berre på jobbsenteret, der han hjelpte mange til eit meiningsfullt liv,  på det politiske engasjementet,- han dreiv pendlarforbundet i mange år, mest åleine, men eg tenkjer kanskje aller mest på boka han skreiv om Pål Kluften. Den boka er skrive med Pers varme hjerte – ja, det er ein umåteleg sympati han hadde for nettopp Pål Kluften – kanskje kjende han seg att i nettopp Pål Kluften? Eg trur det. Han var ein framifrå forteljar, Per.

«N´Per og n´Pål»… Og tenk berre på innsatsen hans ved Gålåvatnet i så mange år. Jau, her er mange berøringspunkt og livstråder inn til Per Gynt og til Fron historielag.  Så mange at det er sikkert han er med oss på denne boklanseringa.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

2 responses to “Per Ottesen er død

  1. Olaug Askheim Aas

    Kondolerer til familien. Eg trefte Per Ottesen berre nokre få gonger i samband med stoff til «Dølen». Ein grundig reportar og omgjengeleg kar, er inntrykket eg fekk. Alle dei gamle fotografia han fekk på trykk og dei mange meldingar attende frå avislesarane , er historisk verdfullt.
    Fred med hans gode minne.
    Ås, 4. november 2016.
    Olaug Askheim Aas.

  2. Kondolerer til familien. En fantastisk flott person er gått bort. Per var en kjent person i bygda via arbeidet sitt blant annet for pendlerene i Gudbrandsdalen spesielt. Som leder på kommunes Jobbsenter,et senter for folk som av ulike årsaker trengte hjelp til å komme seg ut i arbeidslivet igjen. Politiker med evne til å se og forstå mannen på golvet sine behov. Forfatter var han også med levende interesse for det overnaturlige og ukjente vi omgir oss med. Per blir savna av uendelig mange. Ble kjent med Per og Rigmor da de drev dagligvarebutikken like ved ungdomsskolen på Vinstra. Er takknemmelig for å ha fått kjenne en slik fin person i mange år. Hvil i fred Per.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s