Monthly Archives: oktober 2016

Send melding til Marit

Så får du Fronsbygdin 2016 i postkassa

fbfjellVil du ha årboka Fronsbygdin 2016 tilsend i posten, meld frå til Marit Taarud Kirknes, epost: taarud@online.no  I år kan du mellom anna lesa om Hans J. Sandbakken i Nedre Sødorp, ein av dei siste mjølkeprodusentane på småbruka i dalen.

fjos

Anton Løkken skriv at av og til kan det vera godt å stoppe opp litt og tenkje etter korleis lokalsamfunnet var for berre få tiår attende. Du får boka i postkassa etter at ho er presentert på biblioteket Vinstra torsdag 3. november kl 1900.

2 kommentarar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Eit levande rom på Hundorp

I det nye rommet Mimes brunn på Hundorp kan alle sette seg rundt eit bord og tenkje og trivjast og oppleva den rike skulehistoria. Måndag 10. oktober vart det nye møte- og dokumentasjonsrommet på Dale-Gudbrands gard opna. Her er GDs reportasje fra opninga. 50 hyllemeter med bøker frå folkehøgskuletida, to meter sangbøker, digitaliserte fotografi av nesten alle elevkulla og mykje anna som teiknar ein viktig del av kulturhistoria i Midtdalen. Alt sett opp og lagt til rette av Rasmus Stauri og kosta av eigaren Øyvind Frich. På denne filmen kan du vere med på opninga. Og Mimes brunn er alt i bruk. Historielaget har styremøte her.

fhmote

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Språk

Passivitet og bygdesladder

Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til

bydgebl1

CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen heldt fram. Men i mellomtida – frå 1970 til 1972 – ga Fron kommune ut eit bygdeblad med namnet Fronsbygdin. (Fron var ei kommune den gong, frå 1966 til 1976.) -Vi har frå fleire hald fått høyre at det er behov for et blad av denne typen, skriv redaktøren i første nummer. Kritikken kom fort. Bladet ga berre eit positivt bilde av Fron kommune: -Etter mi meining er det ikkje lite som er skeivt og skakt i kommunen vår, skriv signaturen A.Ø. A.R. var ikkje nøgd med namnet: Det

kunne til nød gå an på boka til Ivar Kleiven, men på dette bladet passer det på ingen måte. Eg syns at Fronsposten er eit godt namn. Dersom bladet skal komme ut i 1971 synes eg redaksjonsnemnda bør ta opp namnespørsmålet til ny vurdering.

Og her er nemnda, som heldt fast på namnet: Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Noko å sjå fram til!

Fronsbygdin 2016 levert frå trykkeriet

tre

Klar med Fronsbygdin 2016 – leiar i historielaget Ellen Steberg, redaktør Rasmus Stauri og nestleiar Knut Ulberg. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Han er vel nøgd, redaktøren av Fronsbygdin, Rasmus Stauri, med boka som kjem i år. -Her er noko for alle – om oppvekst på eit småbruk i Ruste, om ein frøning i gapestokken og hærverk på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Mellom anna. Fleire fargebilde enn nokon gong. Du kan møte boka på lanseringa på biblioteket Vinstra torsdag 3. november.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

70 år gammal musikk

img075-sor-fron-sangkor-og-hundorp-orkester-grieg-kvelden-26-27-desember-1943

Sør-Fron sangkor og Hundorp orkester, Grieg-kveld, 27.-27.desember 1943.

img076-hundorp-musikklag-grieg-kvelden-26-27-desember-1943

Hundorp musikklag desember 1943.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Musikk

-Peer Gynt-vegen er en forfalskning

Dølen gjør seg til narr med den rene Peer Gynt-dilla

pgvegLeserinnlegg i Dagningen 1952: Hr. redaktør. I følge opplysninger her i bladet er det meningen å innføre betegnelsen Peer Gynt-vegen på to forskjellige strekninger, nemlig vegen Skei-Fefor og Høvringvegen. Jeg vil få lov til å protestere på det kraftigste mot denne tankeflukt og mangel på virkelighetssans. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Litteratur