Draumen som aldri vart

Kva om dei framsynte hadde fått til eit internasjonalt skisenter på Vinstra?

3fd3d27726p3d140526t3d4

Det kunne ha vore bygd på Vinstra 20 år tidlegare. Foto: Kvitfjell Ski Resort

JOHS. MYHREN I BLADET FRONSBYGDIN 3/1970: I det internasjonale skisentret på Vinstra er det planlagt å bygge ein stolheis med utgangspunkt i Sorperoa. Startpunktet vil ligge på 340 m og endepunktet blir på 805 m, ein høgdeskilnad på 470 m og lengda blir 1200 m. Terrenget her er noko ulendt og bratt, men skulle likevel høve godt for ein dobbelt stolheis. Høgde over bakken vil neppe bli meir enn 10 m.

Frå endepunktet på stolheisen, på ca 800 m, er det planlagd å bygge eit skitrekk opptil 1000 meters høgd, dvs litt nedanfor toppen på Geithøgda. Lengda blir 1050 m og høgdeskilnad 200 m. Terrenget her er jamt og fint i opent høgfjell, dekt til med lyng og gras.

Terrenget sør for stolheistraséen er mindre bratt og skulle høve svært godt til storslalåmløype. Den vil kunne bli ca. 1500 m lang med en høgdeskilnad på 500 m. Med andre ord ei løype med internasjonale mål og dimensjonar. I denne bakken bør en rekne med ei breidde på 40 til 50 m, slik at ein kan legge to storslalåmløyper samstundes. Enda lenger sør er vilkåra gode for løyper i jamnt terreng med mindre vanskegrad, slik at alle kan kjøre.

I tillegg til storslalåmløypa vil ein kunne legge ei framifrå utforløype med høveleg vanskegrad frå Geithøgda og like ned i dalen. Denne løypa vil da få ein høgdeskilnad på 700 og vil bli ei svært god fartsløype.

Bortsett frå desse to løypene vil denne heisen og skitrekket opp til 1000 meters høgd opne eit fantastisk, jomfrueleg terreng for skientusiastar og fotturistar, eit terreng som er like høveleg og like vakkert sommar som vinter. Frå Geithøgda er det eit utruleg vidt kringsjå. Sørover opnar dalen seg like til Ringebu, i vest ser du beint inn i Jotunheimen og i aust inn i Rondane. Innover frå Geithøgda er det uendelege vidder i slakt, kupert terreng, med Saukampen som eit naturleg mål for den mest energiske. Alle vil her kunne finne eit terreng som høver.

Mange forhold spelar inn når ein skal vurdere dette spørsmålet. Det er delvis eit grunneigarspørsmål. Utan at ein får grunneigarane med på planen, er det vanskeleg å gjere noko. Men dette spørsmålet bør ein likevel kunne løyse.

For det andre er det eit økonomisk spørsmål. Det er ikkje noko billig prosjekt, men for kapitalsterke organ vil ei investering lønne seg på lang sikt. Å reise kapital i våre dagar høyrer ikkje til dei vanskelegaste problema,  ein må berre finne fram til dei rette kontaktane.

For det tredje er dette eit turistprosjekt, eit forsøk på å skape eit nytt turistsenter i Midt-Gudbrandsdalen. I så måte er dette distriktsutbygging i beste meining av ordet. Men på den andre sida vil prosjektet sjølvsagt komme den lokale befolkninga til gode. Og fordi Vinstra er eit skolesenter i sterk vekst, er det også her eit stort behov.

Ein må på lengre sikt gjere rekning med bygging av hotell, motell, restrurant, parkingsplass og andre sosiale tiltak. Dette vil bli ringverknader av den først grunnlagsinvesteringa.

Gode frøningar! Her har de noko å snakke om og diskutere i mørke haustkveldar!

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s