Passivitet og bygdesladder

Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til

bydgebl1

CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen heldt fram. Men i mellomtida – frå 1970 til 1972 – ga Fron kommune ut eit bygdeblad med namnet Fronsbygdin. (Fron var ei kommune den gong, frå 1966 til 1976.) -Vi har frå fleire hald fått høyre at det er behov for et blad av denne typen, skriv redaktøren i første nummer. Kritikken kom fort. Bladet ga berre eit positivt bilde av Fron kommune: -Etter mi meining er det ikkje lite som er skeivt og skakt i kommunen vår, skriv signaturen A.Ø. A.R. var ikkje nøgd med namnet: Det

kunne til nød gå an på boka til Ivar Kleiven, men på dette bladet passer det på ingen måte. Eg syns at Fronsposten er eit godt namn. Dersom bladet skal komme ut i 1971 synes eg redaksjonsnemnda bør ta opp namnespørsmålet til ny vurdering.

Og her er nemnda, som heldt fast på namnet:

fb2red

Bladet var finansiert med annonsar, og annonsørane stilte opp til jul:

bydgebl3annon2Men det er mykje offisiøst stoff – «Sosialetaten i Fron», «Instruks for Fron kommunale ungdoms- og idrettsutval», «Reguleringsplan Vinstra vest» – sprita opp med nokre gode historier. I 1972 er bladet mykje spinklare, og  nr 4 1972 har hovedoppslaget EXIT! Ordførar Tollef Beitrusten, som sit i redaksjonen, klagar over frøningane og skriv:

Så er vi kommet til siste nummer av Fronsbygdin. For noen vil det være til sorg, men andre vil det være til lyst. Bladet ble ikke slik vi hadde tenkt og håpet. Passiviteten hos folk er stor. Det er lettere å være tilskuer enn på et tidlig tidspunkt ta del i utformingen av vårt lokalsamfunn. Bygdesladder og ugrunna rykter tjener ikke noen. Ingen vinner noe ved å stille seg utenfor. De som er folkevalgt har ofte en vanskelig jobb. De ofrer mye tid og pådrar seg ofte ei stor belastning ved å være med og fatte beslutninger som i første stund er mindre populære.

Låter kjent?

 

Éin kommentar

Filed under Informasjon

One response to “Passivitet og bygdesladder

  1. Hans Magnar Lien

    Vi får ringes i kveld når det passer deg!

    Sendt fra min iPhone

    > Den 11. okt. 2016 kl. 18.14 skrev Fron historielag : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s